Wikipedia:Pressemeldingar/10 000 artiklar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nynorsk Wikipedia passerer 10 000 artiklar[endre wikiteksten]

7. august 2005: Eitt år og éi veke etter at Nynorsk Wikipedia vart starta og 192 år og to dagar etter at Ivar Aasen vart fødd passerte Nynorsk Wikipedia, det første generelle nynorske leksikonet på Internett, 10 000 artiklar. Artikkel nummer 10 000 handlar om forfattaren og folkeminnesamlaren Edvard Langset.

Wikipedia er eit internasjonalt prosjekt som produserer frie internettleksikon på mange ulike språk. «Fritt» tyder i denne samanhengen at det er gratis å bruke, alle kan vera med og skrive, og det er skrive under «GNU fri dokumentasjonslisens». Wikipedia finst i mange språkutgåver — den største utgåva er den engelske med 672 263 artiklar (7.8.2005). På skandinaviske språk finst det òg utgåver på bokmål (no.wikipedia.org), svensk (sv.wikipedia.org) og dansk (da.wikipedia.org).

Fleire hundre skribentar har vore med på dugnadsarbeidet på Nynorsk Wikipedia til no, og fleire kjem til heile tida. Blant skribentane er alle aldersgrupper representerte, mange ulike fagfelt og universitets- og høgskulegrader og til og med mange land. I tillegg til dei som bur i Noreg, finst det nynorskskribentar i Storbritannia, USA og Australia som har vore med på å skapa denne hittil einaste moderne allkunneboka på nynorsk.

Nynorsk Wikipedia sin siste rekord kjem kort tid etter at Wikimedia Commons (commons.wikipedia.org) passerte 100 000 mediafiler og bokmålswikipediaen (no.wikipedia.org) passerte 30 000 artiklar.

Tilvisingar[endre wikiteksten]

Pressekontakt kan vera til hjelp med meir informasjon:

  • Guttorm Flatabø, Sogn, Noreg
    dittaeva [krøllA] yahoo.com
    tlf.: +47 40060972
    Brukarsider
  • Bjarte Sørensen, Sydney, Australia
    bjarte [krøllA] pingpingping.com
    tlf.: +61 423 852 855 (mellom 08:00 og 16:00 norsk tid)
    Brukarsider
  • Olve Utne, New York, USA
    utne@nvg.org
    Brukarsider

Denne pressemeldinga er lisensiert som offentleg eigedom (public domain) og kan brukast og attgjevast fritt.