Wikipedia:Wikipedia på nynorsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Wikipedia:NN)
«WP:NN» omdirigerer hit. For bokmål til nynorsk-ordlista, sjå WP:NYN.
Snarvegar:
WP:NN

Tidlegare diskusjonar om Wikipedia på nynorsk[endre wikiteksten]

Fram til 31. oktober 2003: no:Wikipedia:Vannposten/Arkiv[endre wikiteksten]

Her kan ein finne ein del om det som vart sagt om nynorsk den gong :no enno sjølv var liten. Brukarane Jarle, Jørn og Lars ser ut til å ha vore nynorskfolk.

18. juni 2004 - 21. august 2003: no:Wikipedia:Nynorsk-avstemning[endre wikiteksten]

Sida no:Wikipedia:Nynorsk-avstemning vart oppretta for å ha ein diskusjon fram mot ei røysting som vart heldt den 27. juni 2004 for å lodde stemninga for opprettinga av ein wikipedia for nynorsk.

Det var mange interessante argument for og i mot før røystinga, og resultatet endte med at det var eit 10 mot 7 fleirtal imot splitting. BjarteSorensen og Olve vart først aktive wikipedianarar etter denne røystinga. Den 31. juli trykte BjarteSorensen på ein link på nn.wikipedia.org som sa (på engelsk) noko slikt som "dersom du ønskjer å starta denne wikipediaen trykk her og kom attende om nokre timar". Nokre timar seinare var nynorskwikipediaen levandes og 5. august var første artikkel på plass, ein artikkel om øya Sekken skriven av Pladask. Diskusjonen fortsette likevel etter dette. Sjå på lenkja ovanfor for detaljert målstrid.

August/september 2004[endre wikiteksten]

Hovudparten av diskusjonen om Wikipedia på nynorsk i september 2004 var på Olve sine diskusjonssider. Olve er ein dugande kar som har lagt ned mykje arbeid og tid for å få til nynorsk-wikipedia og kan takkast for at prosjektet fekk luft under vengene.

Argumenta lagt fram for å arbeida på nn.wikipedia.org er blant anna desse:

  • Brukargrensesnittet på no: er på (konservativt) bokmål og framandgjerande for nynorskbrukarar
  • Det er viktig å arbeide for ei løysing der det er mogleg å leite opp spesifikk informasjon på eiga målform, til dømes for nynorske skulekrinsar.
  • Nynorskbrukarar vil møta eit inkluderande miljø, noko som gjer det enklare å skrive. Dette vil seia at meir arbeid vert utført.
  • Det vert lettare å verva nye (nynorskskrivande) wikipedianarar. Dei som vert hekta, kjem nok fort til å gjera seg kjende med/på no: òg.
  • Det er lett å kopiera innhald frå nn: til no:, eller omvendt. Ein kan leggja ut nye artiklar både på no: og nn:.
  • Leksikonprosessen vert demokratisert med omsyn til redaksjon, tilgjenge og språk.
  • Sunn konkurranse kan verka inn positivt på begge wikipediane.

I tillegg var det fleire innlegg i nynorskdebatten på wikipedia-l, den viktigaste postlista til wikipedia internasjonalt. Meld deg gjerne på lista for å følgja med på kva som skjer når det gjeld wikipedia på alle språka i universet (ja, interplanetariske språk som Klingon er med anten ein likar det eller ei)!

Nynorsk-kommentarar på postlista september/august:

Olve byrja på nynorsk-omsetjing av brukargrensesnittet til MediaWiki (programvaren som driv Wikipedia) og fekk med seg Guttorm. Omsetjinga vart flytta til meta:LanguageNn.php 8. september.

Oktober 2004[endre wikiteksten]

Omsetjinga av brukargrensesnittet er ferdig og blir sett i «produksjon» 23.10.2004. Vedlikehald av omsetjinga blir seinare flytt til Wikipedia:MessagesNn.php.

November 2004[endre wikiteksten]

Den viktigaste hendinga for den nynorske wikipediaen var at Guttorm representerte brukarane på nn: på ein konferanse om nynorsk på Internett, skipa av Nynorsk kultursentrum, halden på Aasen-tunet, i Volda/Ørsta. Sjå Wikipedia:Nynorsk innhald på Internett for meir informasjon og referat frå denne konferansen.

Debattfronten hadde òg mykje aktivitet denne månaden, då ein ny brukar frå nn: og no:, Verdlanco, av eige initiativ skreiv inn til den internasjonale postlista med førespurnad om å få oppretta ein eigen wikipedia på bokmål, med kode nb:. Dette sette i gang ein debatt som til tider var heit — både internasjonalt på postlista, og lokalt for det meste på Vannposten på no:.

Ei eiga diskusjonsside vart oppretta her på nn: for at vi skulle kunne diskutera dette forslaget internt. Ei misforståing fekk enkelte til å sjå på dette som ein kampanje mot no.wikipedia.org og temaet vart diskutert heftig ved Vannposten.

Mange ulike synspunkt vart fremma, og debatten roa seg utan at ein vart samde om noko. Det nærmaste ein kom eit kompromiss var Brukar:Profoss sitt forslag om å gjera no: om til ein rein bokmålswikipedia, med interwikinamnet "Norsk (bokmål)", men at dei skulle få behalda domenenamnet "no.wikipedia.org" og ikkje verta flytta til nb:. Det kan verka som aktive brukarar på no: var splitta i synet på dette, ettersom mange meiner ein ennå er best gagna med éin wikipedia som tillét alle målformer.

Det finst uteljande postar på postlista. Dei kan alle lesast i arkiva til wikipedia-l for november.

Desember/Januar 2005[endre wikiteksten]

Det er lite å rapportera frå desse to månadane. Interessant nok var det eit ønske fremja av ein Vegard Aukrust på postlista om å få starta ein norrøn wikipedia.

Februar/Mars 2005[endre wikiteksten]

Då Andre Engels gjennom sin bot oppdaga at Nynorsk Wikipedia (nn:) nyttar både nb: og no: for interwiki-lenker til den andre norske wikipediaen, vart han naturlegvis noko forvirra, og skreiv inn til postlista. Nok ein gong bles eit innlegg på denne lista på glørne og sette i gang ein diskusjon som denne gongen relaterer først og fremst til no:, og dermed òg indirekte til nn:. Atter ein gong finn ein innlegg både internasjonalt og lokalt. Dei store spørsmåla denne gongen var kva målform(er) ein skal nytta på det som no er no: og kva namn ein skal nytta i interwikilenka for å referera til den wikipediaen.