Wikipedia:Norsk eller originalt namn på åndsverk?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Retningsliner for oppslagsord på framandspråklege åndsverk[endre wikiteksten]

  • Alle åndsverk, unnateke dikt og songar, får nynorsk oppslagsord dersom verket er omsett til nynorsk.
  • Om verket ikkje er omsett til nynorsk, men til bokmål, nyttar ein som hovudregel namnet på verket på bokmål som oppslagsord.
  • Om verket ikkje er omsett til nynorsk, og namnet på originalspråket er godt kjent blant nynorskbrukarar, kan ein gjera unntak frå andre punktet og nytta namnet på originalspråket som oppslagsord, dersom det er konsensus for det.
  • Namnet på originalspråket, og kjende omsetjingar skal ligge med omredigeringspeikarar til artikkelen, og vere nemnd i innleiinga i artikkelen.
  • Verk som ikkje er omsette til norsk (nynorsk eller bokmål) får artikkelnamn på originalspråket.