Wikipedia:Nynorsk innhald på Internett/Faktaark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Wikipedia - Det frie oppslagsverket[endre wikiteksten]

Opphav[endre wikiteksten]

  • Engelsk versjon vart starta i januar 2001 av Jimmy Wales
  • Seinare same året vart Wikipedia på andre språk (m.a. tysk, fransk, spansk og bokmål) starta.
  • "WikiWiki" er eit hawaiisk ord for "veldig snøgg", sett saman med "encyclopedia" vert det Wikipedia, eit "snøggleksikon".

Teknologi og lisens[endre wikiteksten]

  • Wikipedia blir drive av "wiki"-teknologi. Dette inneber at ein gjer terskelen for å bidra så låg som mogleg. Ein kan difor bidra anonymt og syntaks for formatering av teksten er veldig enkel.
  • Wikipedia sitt innhald er lisensiert under "GNU Free Documentation License" (GFDL). Dette er ein lisens som liknar på den som blir brukt til "fri programvare" slik som t.d. "Linux" og "OpenOffice".
  • Denne lisensen gjer det mogleg å fritt bruka, redigera, kopiera og redistribuera innhaldet, så lenge eig gjev andre den same fridomen (dvs. brukar same lisens).

Wikipedia i dag[endre wikiteksten]

  • Wikipedia veks med enorm hastighet. Den engelske versjonen har over 380 000 artiklar, den tyske 160 000, bokmålsversjonen 10 000 og den nynorske over 1100.
  • Rundt 2000 veldig aktive brukarar (over 100 red. pr. mnd.) redigerar den engelske, 800 på den tyske og rundt 80 på bokmålsversjonen.
  • På alle språka blir det gjort over 1,5 millionar redigeringar i månaden.
  • Wikipedia er drifta av "Wikimedia Foundation" som også driv andre wiki-prosjekt som tar seg av andre typar tekst eller innhald (t.d. WikiBooks, Wiktionary og Wikiquote)
  • Wikipedia er ifølge "Alexa" snart ei av verdas 200 mest populære nettstader, og har lenge vore meir populær enn t.d. Britannica.com
  • Tysk Wikipedia har óg komme ut på CD (sjå "Lenkjer" under). Tyske PC-Welt gav den karakteren 1,2 (A). Dette var mogleg på grunn av den frie lisensen på Wikipedia sitt innhald.

Vurderingar av den tysk Wikipedia[endre wikiteksten]

  • Tysk Wikipedia vart i oktober 2004 vurdert i to ulike undersøkingar. IT-tidsskriftet "c't" som er eit av Tyskland sitt ledande tidsskrift i sin sjanger fant Wikipedia best på kvalitet med god margin samanlikna med "Microsoft Encarta" og "Brockhaus" (Tysk svar på "Encyclopedia Britannica"). I vurderinga brukte dei fleire ekspertar frå dei tre fagområda artiklane kom frå (vitskap, samfunn og kultur) som vurderte 66 emne.
  • "Die Zeit" som er ei av Tyskland sine største helgeaviser, fant også Wikipedia best på kvalitet, men ikkje med så stor margin til Encarta. I tilleg til Encarta og Brockhaus vurderte dei óg fleire små leksikon og den engelske versjonen av Britannica på DVD. Die Zeit brukte også ekspertar, men vurderte over dobbelt så mange emne (147).

Nynorsk Wikipedia[endre wikiteksten]

  • Vart starta 31. juli 2004
  • Har fleire høgt kvalifiserte bidragsytarar
  • Har allereie over 1100 artiklar

Korleis bruke Wikipedia som utgangspunkt for Nynorsk leksikon[endre wikiteksten]

  • Med nok merksemd og støtte til Nynorsk Wikipedia vil det kunne vokse seg slik som t.d. tysk Wikipedia i dag.
  • Ein kan utvide programvaren til å støtte ein redaksjon som tilpassar og godkjenner artiklar, slik at ein får ein "godkjend versjon".
  • Midlar kan også brukast på skribentar og sikring av drifta.

Lenkjer[endre wikiteksten]

Kontakt[endre wikiteksten]

Skriv ei melding på http://nn.wikipedia.org/wiki/Brukardiskusjon:dittaeva eller kontakt:

  • Guttorm Flatabø
  • E-post:
  • Tlf: