Wikipedia:Omtale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne sida er til for å samle mediaomtale om Wikipedianynorsk, eller mediaomtale om Nynorsk Wikipedia på alle språk.

For informasjon frå Wikipedia til pressa, sjå Wikipedia:Presse.

  • November-nummeret av Norsk tidend har ein artikkel med tittelen "På tide med samarbeid om kunnskap på internett?". Båe oppslagsverka Allkunne og Nynorsk Wikipedia har som mål å fylle internett med nynorsk innhald. Likevel samarbeider dei ikkje. Enno.
  • 11. april:Avisa Dagbladet har eit oppslag i Magasinet om artikkelen snø, som har vorte med i sakprosakanonen i læreverket for norsk skule. Ein tekstversjon av artikkelen kan lesast på: Lett påskekrim Motivet er uklart. Gjerningsmannen ukjent. Språkbruken lettere mystisk. Løsningen? Å gjøre Wikipedia-artikkelen om snø til pensum i norsk skole.
  • Bladet Fantomet trykkjer ein artikkel om Fantomet på Internett (i nr. 21+22•2008), der dei skriv i positive ordelag om Wikipedia, både som fenomen og konkret om Bokmåls- og Nynorskwikipedia sine artiklar om teikneseriefiguren Fantomet.
  • April-nummeret av Norsk tidend skriv at Nynorsk Wikipedia har nådd 30 000 artiklar. Avisa kjem i postkassen eit par dagar etter at me runda 33 000.
  • 4. januar: Bladet Sunnhordland har ein artikkel om nynorsk wikipedia[1] i helgebilaget sitt. Framsida av helgebilaget viser eit skjermbilete frå artikkelen Slaget på Fitjar, bilete av forfattaren og overskrifta «Vaktmeister på veven». Artikkelen er over to sider, der eine sida er eit stort bilete av Frokor (litt flaut...) og sjølve artikkelen med overskrift «Eit levande leksikon» som omhandlar korleis eg starta med wikipedia, at artikkelen Fitjar har fått status som god og korleis denne vart skrive, om rolla mi som administrator og kvifor eg i det heile tatt held på med dette, i tillegg til litt generelt om wikipedia.
Eg hadde trudd det skulle verte ein liten notis på ei kvart side og vart ganske overraska over at det vart så omfattande. Hadde gjerne sett det vart mindre fokus på meg, men eg trur det vart ganske så god reklame for prosjektet vårt. --Frokor 13:31, 6 januar 2008 (CET)

«På Framsida
Ein artikkel om norheimsud er framsideartikkel i internettleksikonet Nynorsk Wikipedia neste veke. Oppslaget får samstundes utstillingsplass i fleire skandinaviske utgåver av Wikipedia. I fylgje hovedforfattaren Hogne får Norheimsund æra fordi det 7. oktober er 75 år sida Grova brann. Den utflytte kvemmingen seier Wikipedia er ein viktig nettstad. Leksikonet er brukarstyrt, og har omlag 26.000 artiklar i den nynorske versjonen. Hogne seier norheimsundartikkelen er omsett til engelsk og nederlandsk. Han poengterer at artikkelen om Norheimsund har betringspotensial, og utfordrar skrivelystne til å supplera med meir kunnskap.»

Frå Hordaland Folkebald (28/9 2007)