Wikipedia:Presse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Wikipedia:Press)

Presse

float
float

For an overview of press contacts see below. For an English introduction, see en.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Press.

Wikipedia er eit oppslagsverk, eller eit leksikon, som blir skrive av friviljuge bidragsytarar på Internett og blir utgjeve under den opne GNU fri dokumentasjonslisens, noko som sikrar at innhaldet kan brukast fritt. Det unike med Wikipedia er at kven som helst når som helst kan endra kva som helst side. Nokre administratorar hjelper til å halda orden.

Prosjektet starta i 2001 og finst på omtrent 250 språk med over sju millionar artiklar til saman. Dei største utgåvene er den engelske og tyske, som begge er større enn til dømes Encyclopædia Britannica eller Store Norske Leksikon. Sett som eit heile er Wikipedia verdas største leksikon.

Den nynorske utgåva (nn.wikipedia.org) har frå sommaren 2004 vokse fra 0 artiklar til 169 111 i dag, og har fleire tusen registrerte bidragsytarar.

Wikipedia blir drive av den ideelle Wikimedia-stiftinga, basert i Florida i USA.

For pressekontaktar på den andre norske wikipediaen, sjå no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Presse.

Litt informasjon

Snarvegar:
WP:P

Pressemeldingar


Tidlegare presseomtale

Kontakt

For spørsmål og intervju kan du venda deg til ein av dei norske pressekontaktane våre, eller formannen for Wikimedia-stiftinga. Dei norske kontaktane tek imot spørsmål på norsk eller engelsk, eller dei språka som er nemnde på brukarsidene deira. Formannen tek berre imot spørsmål på engelsk.

For questions and interviews please contact one of our Norwegian press contacts, or the president of the Wikimedia Foundation. The Norwegian contacts accept questions in Norwegian or English, or the languages mentioned at their user pages. The president accepts questions in English only.

Pressekontaktar for Nynorsk Wikipedia


Wikimedia Foundation

Jimmy Wales, President

Wikimedia Foundation
204 37th Ave N, #330
St. Petersburg, FL 33704 USA

Telefon: +1(310)-474-3223
E-post: board [krøllalfa] wikimedia.org
Heimeside: http://wikimediafoundation.org/