Wikipedia:Pressemeldingar/75 000 artiklar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

PRESSEMELDING FRÅ NYNORSK WIKIPEDIA
Måndag 21. november 2011

Nynorsk Wikipedia rundar 75 000 artiklar[endre wikiteksten]

Nynorsk Wikipedia passerte i dag 75 000 artiklar med artikkelen «Caravaggio». Nynorsk Wikipedia er den største nynorske tekstprodusenten på nett, og den 45. største Wikipedia-utgåva blant alle språka leksikonet blir laga på.[1] Kvar månad er det meir enn 5 millionar oppslag mot Nynorsk Wikipedia, og veks med 38 prosent i året.[2]
Sidan skipinga i juli 2004, har Nynorsk Wikipedia vakse seg til ein velbrukt nynorsk nettstad som driv allmennopplysing. Oppslagsverket er dermed i ferd med å oppfylla Soria Moria-lovnaden frå 2005 om eit nynorsk nettleksikon, berre takk vere frivillige bidrag og gåver. På nynorsk Wikipedia kan du lese om Latvisk geografi, sporveordenen Passeri, den franske kammermusikaren Antoine Forqueray og 74 997 andre artiklar. I oktober 2011 blei Wikimedia Noreg, interesseorganisasjonen for Wikipedia i Noreg, tildelt Folkeopplysningsprisen.[3]
I den siste tida har Nynorsk Wikipedia fått støtte frå Norsk Målungdom, som har oppfordra nynorskbrukande ungdom til å laga meir digitalt stoff på nynorsk.[4] Oppslagverket har også teke imot bidragsytarar som bruker bokmål til dagleg. Nynorsk Wikipedia utvider innhaldet på stadig nye felt, og har nett no fått fleire bidrag knytt til matematikk, norske ordførarar, klassisk musikk og fuglar.[5]
Fotnotar