Wikipedia:Retningsliner for transkripsjon av kyrillisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Transkripsjon av russisk frå kyrillisk til latinsk alfabet følgjer i grove trekk denne konvensjonen:

Bokstav HTML-kode Vitskapleg ISO-
transliterasjon
Norsk transliterasjon
А а А а A a A a
Б б Б б B b B b
В в В в V v V v
Г г Г г G g G g (sjølv når han skal uttalast som v)
Д д Д д D d D d
Е е Е е E e Je (Je) je i starten av ord og etter vokal, Ь eller Ъ,
elles E e (sjølv når han skal uttalast som i)
Ё ё Ё ё Ë ë O o etter (transkripsjon som sluttar på) j,
Io io etter s eller z,
elles Jo jo
Ж ж Ж ж Ž ž Zj zj (men i somme kjende namn Sj sj)
З з З з Z z Z z
И и И и I i I i
Й й Й й J j J j
К к К к K k K k
Л л Л л L l L l
М м М м M m M m
Н н Н н N n N n
О о О о O o O o (sjølv når han skal uttalast som a)
П п П п P p P p
Р р Р р R r R r
С с С с S s S s
Т т Т т T t T t
У у У у U u U u
Ф ф Ф ф F f F f
Х х Х х H h Kh kh
Ц ц Ц ц C c Ts ts
Ч ч Ч ч Č č Tsj tsj (sjølv når han skal uttalast som sj)
Ш ш Ш ш Š š Sj sj
Щ щ Щ щ Ŝ ŝ Sjtsj sjtsj
Ъ ъ Ъ ъ " (eller vert ikkje transkribert) skal ikkje transkriberast
Ы ы Ы ы Y y Y y
Ь ь Ь ь ' skal ikkje transkriberast
(vert likevel ofte skriven som J j)
Э э Э э È è E e
Ю ю Ю ю Û û U u etter (transkripsjon som sluttar på) j,
Iu iu etter s eller z,
elles Ju ju
Я я Я я Â â A a etter (transkripsjon som sluttar på) j,
Ia ia etter s eller z,
elles Ja ja


Døme:

  • Jenisej (Енисей)
  • Jerevan (Ереван)
  • Tsjeboksary (Чебоксары)

Nokre vanlege unntak:

  • Bresjnev (ikkje Brezjnev)
  • Sjirinovski (ikkje Zjirinovski)
  • St. Petersburg (ikkje Sankt-Peterburg)

I 1970 vart det utarbeidd ein fellesnordisk standard for transkripsjon av russisk, av Dansk Sprognævn, Norsk språknemnd og Svenska språknämnden. Dagens retningsliner følgjer denne standarden, bortsett frå nokre norske endringar vedteke av Norsk språkråd i 1995.

Når det gjeld andre språk (enn russisk) som blir skrivne med kyrilliske bokstavar, fastsette Fagnemnda i Norsk språkråd den 20. oktober 2004 eigne reglar for desse. Dei gjeldande offisielle transkripsjonsreglane både for russisk og andre kyrilliske språk finst på Språkrådet sine sider, sjå nedanfor.


Bakgrunnsstoff[endre wikiteksten]