Wikipedia:Retningsliner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Wikipedia:Rett)
Snarvegar:
WP:R
WP:Rett
WP:Retningsliner

Målet med Wikipedia er å skapa eit fritt og omfangsrikt oppslagverk ein kan stola på. I Wikipedia på nynorsk ønskjer me sjølvsagt å auka mengda av nynorsk informasjon på Verdsveven.

Hovudretningsliner[endre wikiteksten]

Du treng ikkje læra kvar einaste regel utanboks før du deltek! Likevel er det lurt å ta ein kikk, ettersom reglane kan hjelpa deg til å skriva gode artiklar i Wikipedia-stilen.

Skriv objektivt[endre wikiteksten]

Artiklane skal vera objektive og representera ulike synspunkt på ein nøytral måte.

Sjå Wikipedia:Synspunkt for råd om grunngjeving av synspunkt og eventuell usemje om fakta.

Ikkje finn på ting[endre wikiteksten]

Wikipedia skal vera eit oppslagsverk for informasjon som er kjend og som kan dokumenterast. Det er ikkje staden for ny forsking. Ikkje legg fram nye teoriar her som ikkje er publiserte frå før. Presentasjonar av originale idear eller definisjonar av nye termar vil bli sletta.

Oppgje kjeldene dine[endre wikiteksten]

Ein viktig del av dét å skriva ein artikkel som høver for eit leksikon, er å gjera innhaldet verifiserbert; Brukarane skal kunna stola på Wikipedia. Lesaren må kunna få stadfesta alle utsegner i Wikipedia-artiklar ved å gå til andre pålitelege publikasjonar. Difor er det viktig for kvaliteten av artiklane at vi viser til truverdige kjelder når vi legg inn nye opplysningar. Vi har nokre retningsliner for korleis dette skal gjerast.

Ikkje bryt opphavsretten[endre wikiteksten]

Wikipedia er eit fritt tilgjengeleg kunnskapsverk som er gjeve ut under GNU Free Documentation License (GFDL). Å leggja inn innhald som bryt opphavsretten, kan føra til rettslege problem og trugar målet vårt om å laga eit heilt fritt tilgjengeleg oppslagsverk.

Sjå òg: Wikipedia:Opphavsrettproblem og Wikipedia:Opphavsrett/brevmal

Lag eit leksikon[endre wikiteksten]

Wikipedia skal innehalda artiklar som er interessante for allmenta. Merk deg kva Wikipedia ikkje er (på engelsk: what Wikipedia is not).

Respekter andre[endre wikiteksten]

Bidragsytarane på Wikipedia kjem frå ulike bakgrunnar og har mange ulike synspunkt. Samarbeid og respekt er viktig for at prosjektet vårt skal lukkast.


Retningsliner for namngjeving og utforming av artiklar[endre wikiteksten]

Me prøver å velja enklast moglege artikkelnamn, slik at det skal vera lett å finna fram til artiklane og lett å laga lenkjer mellom dei.

Namn på artiklar i visse emneområde[endre wikiteksten]

For nokre artikkeltypar har me retningsliner som gjeld alle artiklane om emnet, til dømes:

Fleirtyding[endre wikiteksten]

Når eit ord har fleire tydingar, må me ty til andre løysingar. I desse tilfella kan me kvalifisera eitt eller fleire av orda, til dømes planeten Mars og mars månad. Under den enklaste tittelen kan me anten plassera det me trur flest personar vil leita etter under denne tittelen (t.d. mars), eller ei fleirtydingsside som viser til alle dei ulike artiklane (t.d. jus).

Omdirigering[endre wikiteksten]

Når det er fleire aktuelle namn på den same artikkelen, t.d. Jesus Kristus og Jesus frå Nasaret, bør artikkelen plasserast under det vanlegaste namnet, medan dei andre namna er omdirigeringar til det første. Ei omdirigering blir laga ved å skriva #OMDIRIGERING [[hovudartikkel]] som einaste tekst i ein artikkel, der «hovudartikkel» er namnet på den eigentlege artikkelen.

Omdøyping[endre wikiteksten]

Viss det viser seg at eit artikkelnamn er uhensiktsmessig, eller det kjem artiklar om andre tydingar av det same ordet (sjå Fleirtyding ovanfor), kan det bli aktuelt å omdøypa ein eller fleire artiklar. Dette gjer ein med knappen «Flytt» øvst på sida. Det gamle namnet blir ei omdirigering til det nye namnet. Før ein artikkel skal flyttast, må ein forvissa seg om at det nye namnet er akseptabelt, og at det ikkje finst nokon artikkel med det nye namnet allereie. Dessutan må ein passa på at det ikkje førekjem doble omdirigeringar. Det kjem rettleiing om dette når ein trykkjer «Flytt».

Retningsliner for språk[endre wikiteksten]

Nynorsk[endre wikiteksten]

Transkripsjon frå ikkje-latinske alfabet[endre wikiteksten]

Språklege hjelpemiddel[endre wikiteksten]

Retningsliner for lenkjer[endre wikiteksten]

Lenkjer innan Wikipedia[endre wikiteksten]

Klikkbare lenkjer inni sjølve artikkelteksten skal i regelen visa til andre sider i Wikipedia på nynorsk.

Lenkjer til parallelle artiklar i Wikipedia på andre språk høyrer hovudsakleg til på sida av artikkelen, under «Språk»/«På andre språk» som typisk ligg til venstre på sida. Sjå Interwikilenkjer for korleis du legg inn desse.

Lenkjer til andre nettstader[endre wikiteksten]

Nettstader du har brukt for å skriva ein artikkel - også Wikipedia-artiklar på andre språk om du har omsett desse - kan lenkjast til under bolken «Kjelder».

Nettstader som kan vera nyttige for ein lesar som vil finna ut meir høyrer til under bolken «Bakgrunnsstoff» nedst på sida. Det bør gå fram kva for nettstad kvar lenkje viser til og gjerne noko om kva han inneheld, eventuelt kva språk han er på.

Filpeikarar[endre wikiteksten]

Ein bør unngå peikarar direkte til programfiler og liknande, og heller peika til ei nettside der ein kan finna fila og opplysningar om henne. Ved lenking til uvanlege nettsider som PDF-filer bør det skrivast ved lenkja kva slags fil det er.