Wikipedia:Samfunnshuset/Lesarbrev frå Samfunnshuset til Norsk Tidend 2011-03

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nynorsk Wikipedia med i Nynorsk Forum[endre wikiteksten]

Redaktør Kjartan Helleve skriv i Norsk Tidend i februar at han meiner at Nynorsk Wikipedia bør vere representert i Nynorsk Forum. Dette har vore handsama på ordskiftestaden for Nynorsk Wikipedia, kalla Samfunnshuset, og vi bidragsytarar går sameint inn for eit slikt samarbeid.

Nynorsk Wikipedia er den største nynorske tekstprodusenten på nett, og den som er mest lesen. Målet for Nynorsk Forum er å samordne og diskutere felles aktivitet for organisasjonar som arbeider med eller for nynorsk. Ein slik diskusjon utan oss vil ha ei slagside. Som det går fram av medlemslista, er dette ei samling av organisasjonar som gjerne vil ut. Nokre av dei involverer fleire menneske enn oss i Nynorsk Wikipedia, andre involverer langt færre.

Wikipedia er ei av dei viktigaste kjeldene til informasjon for norske skuleborn, på same måte som det er blitt ei viktig kjelde for norske journalistar. Norske skuleborn bør finne faktainformasjon om viktige emne på nynorsk. Eit så viktig arbeid bør vere eit tema for målrørsla, ikkje berre for nokre wikipedantar. Målet til Wikipedia kan t.d. vere å dekkje kunnskapen som er handsama i grunnskulepensumet. Skal vi få til det, treng vi hjelp av større delar av målrørsla. Nynorsk tekstproduksjon på nettstader skuleelevane oppsøkjer kan vere avgjerande for nynorsk som opplæringsspråk i åra som kjem.

Så Nynorsk Wikipedia bør vere med i Nynorsk Forum.

Nokre av bidragsytarane til Wikpedia i Noreg har organisert seg i den ideelle organisasjonen Wikimedia Noreg. Hovudformålet til Wikimedia Noreg er å styrka Wikimedia-prosjekt på norsk og samisk.

Vi foreslår at personen som representerer Nynorsk Wikipedia i Wikimedia Noreg, også får rolla som representant mot Nynorsk Forum. Nynorsk Wikipedia er for tida representert i Wikimedia Noreg ved førsteamanuensis Trond Trosterud. Vi meiner vi kan gje eit verdfullt bidrag i Nynorsk Forum og vonar å få ein invitasjon frå forumet til neste møte.

Vyrdsamt for Samfunnshuset på Nynorsk Wikipedia