Wikipedia:Språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snarvegar:
WP:Språk

Wikipedia er eit oppslagsverk som blir skrive på over 100 språk. Du er no kommen til den nynorske versjonen som vanlegvis vert kalla Nynorsk Wikipedia.

Dette betyr ikkje at me skriv eit oppslagsverk om nynorsk, men nynorsk. Dersom du ikkje kjenner deg stø på nynorsk er du like fullt velkommen til å prøva deg, det er mange kunnskapsrike redaktørar her som vil ta seg av dei feila du eventuelt gjer.

Retningsliner for språk[endre wikiteksten]

Korleis omtale Nynorsk Wikipedia[endre wikiteksten]

Særnamn[endre wikiteksten]

Me bør alltid refererast til som «Nynorsk Wikipedia».

Språklister[endre wikiteksten]

  • I lister over språk der språka blir skrivne på sitt eige språk bør me refererast til som norsk (nynorsk) med stor eller liten forbokstav på "norsk" alt ettersom resten av lista blir skriven. interwiki-lenkjer blir skrivne slik.
  • I lister over språk der språka blir skrivne på eit anna språk bør me refererast til med språket si form av «norsk». Dersom språket si eiga form kjem i parentes skal dette vera «nynorsk». Dersom situasjonen er omvendt gjeld det same, førebokstavane skal vera små eller store alt ettersom resten av lista er skriven.

Døme[endre wikiteksten]

Språk skrive på eige språk med stor førebokstav

  • Nederlands
  • Norsk (nynorsk)
  • Polski

Språk skrive på eige språk med liten førebokstav

  • nederlands
  • norsk (nynorsk)
  • polski

Språk skrive på anna språk (engelsk)

  • Dutch
  • Norwegian (Nynorsk)
  • Polish

Språk skrive på anna språk (engelsk) m. språket si eiga form i parentes

  • Dutch (nederlands)
  • Norwegian (nynorsk)
  • Polish (polski)

Språk skrive på eige språk m. ann språkform (engelsk) i parentes

  • Nederlands (Dutch)
  • Nynorsk (Norwegian)
  • Polski (Polish)

Språklister som viser til Nynorsk Wikipedia[endre wikiteksten]

Det er ikkje alle som følgjer retningslinene over, og det er også dei som ikkje likar dei; dei følgjande sidene er det difor verdt å følgje med på.