Wikipedia:Statistikk/1000 mest besøkte/OSS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dette er ei samling spørsmål og svar for statistikksidene som er publiserte under Wikipedia:Statistikk/1000 mest besøkte-undersidene.

Kva viser denne statistikken?[endre wikiteksten]

Han viser talet på oppslag (hits) på Wikimedia sine squidserverar (proxy/cache) for wikisidene til dette prosjektet.

Kvar kjem dataa frå?[endre wikiteksten]

Rådataa er midom sine logger (ein filtrert kopi av access-loggane til squidane).

Kor nøyaktige/pålitelege er dataa?[endre wikiteksten]

Wikimediautviklarane vil alltid prøve å la squidane ta unna mest mulig trafikk for å spare databasane i bakkant. Alle vanlege sidevisingar via http://nn.wikipedia.org/wiki/... blir talde. Det må også nemnast at det er mykje støy og unntak som gjer at desse tala ikkje kan reknast å vera tilsvarande «unike besøk».

Det er også viktig å ta med at desse dataa og denne fremstillinga av desse ikkje kan reknast som den totale og absolutte autoritative oversikten, og må heller brukast som generelle indikasjonar på besøkstal til dei ulike artiklane. Her og der er det feil i rådataa frå kjelden, noko som kan medføra eit mindre tal oppslag enn det som faktisk var tilfelle.

Kva slags data er tekne ut av statistikken?[endre wikiteksten]

Det er laga nokre enkle filter i scriptet som prosesserer rådataa. Følgjande blir teke ut av datasettet:

  • Alle artiklar som byrjer med ein liten bokstav
  • Alle artiklar som byrjer med eit mellomrom
  • Alle artiklar som byrjer med følgjande tekst:
    • Http:
    • Spesial:
    • Special:
  • Alle artiklar som vil medføra ei automatisk omdirigering til eit annet namn i URL-en.
    • Til dømes så vil Washington%2C%20DC omdirigera til Washington, DC automatisk av MediaWiki og generere to oppslag, eit på kvart namn.

Kvifor er «Totalt tal artiklar» større enn talet på artiklar som finst?[endre wikiteksten]

«Totalt tal artiklar» viser talet på oppslag som er blitt prøvd henta. Om ein prøver å henta foo-bar-foo-bar-foo-bar, vil dette visast som eit oppslag uansett om sida finst eller ikkje. Om nokon trykker på eit bilete, vil dette også teljast som oppslag sjølv om bileta ikkje ligg lokalt på dette prosjektet. Om ein bruker omdirigering slik, vil dette også visast som eit oppslag på dette prosjektet.