Wikipedia:Stipendstøtte frå Noregs Mållag/Resultat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kolonireise
Kolonireise
Stipendprosjektet for Noregs Mållag


Oversyn
Ungdom
Sør-Asia
Wikipedia
Resultat og reaksjonar

Marmorutskjering i djain-tempelet i Ranakpur i Rajasthan
Marmorutskjering i djain-tempelet i Ranakpur i Rajasthan
Oppsummering
Tre dansande apsaraer utskorne i stein i Angkor. Foto Manfred Werner
Tre dansande apsaraer utskorne i stein i Angkor. Foto Manfred Werner
Solguden Surya.
Solguden Surya.
Korleis ein skal laga søtsaken kheer.
Korleis ein skal laga søtsaken kheer.
«Thug»-ar og andre fangar i eit britisk fengsel.
«Thug»-ar og andre fangar i eit britisk fengsel.
Frå ein tefabrikk i Bangladesh.
Frå ein tefabrikk i Bangladesh.
Ku beitar rett utanfor eit hus i India.
Ku beitar rett utanfor eit hus i India.

Målet med dette prosjeket var å laga betre rettleiingar for å bruka Wikipedia, skriva korte artiklar om emne som kunne inspirera ungdom til å skriva meir, og få fram meir forseggjorte artiklar med illustrasjonar om Sør-Asia, for å få fram kva ein kan få til på Wikipedia. Frå eg fekk stipendet og fram til slutten av september har eg utvikla ei Wikipedia-rettleiing for lærarar og ein reklameplakat for ungdom, skrive 70 korte artiklar for ungdom og omlag 40 utfyllande artiklar om Sør-Asia, og lasta opp eller skildra på nynorsk eit utal filer med emne frå Sør-Asia på Wikimedia Commons. Nynorsk Wikipedia har i mellomtida klart å få over 26 000 artiklar, og er blitt nemnd fleire gonger i media.

Eg synest sjølv at eg kunne oppnådd meir, til dømes fleire ungdomsartiklar, meir hjelp, eller eit hjørne av Sør-Asia som eg hadde klart å dekka fullstendig. Samsundes er det tydeleg at for å klara det måtte eg ha ofra meir frå dei andre delane. Dette prosjektet gjekk ut på å tilføra Nynorsk Wikipedia meir breidde, og det klarte det. Eg kjem til å gjera meir arbeid innan alle dei tre områda framover, både fordi det er mykje meir eg kan skriva om, og fordi eg altså synest eg ikkje heilt nådde måla eg hadde sett.

Nyhendet om stipendet skapte blest om Nynorsk Wikipedia, og skapte ei kjensle av at me blei tekne alvorleg. Blant brukarane på Nynorsk Wikipedia var alle glade for å høyra om tildelinga, og det same gjaldt dei fleste Wikipedia-brukarar på andre prosjekt også. Nokre meinte at det var gale å ta imot pengar for noko dei fleste gjer frivillig, men sidan eg ikkje skreiv noko om dei som hadde gjeve meg stipendet (Noregs Mållag, Trond Giske eller Kyrkje- og kulturdepartementet), ser eg ikkje på det som eit problem, og det gjorde heller ikkje styremedlem Kat Walsh i Wikimedia Foundation.

Tildelinga kom på ei tid då eg var blitt mindre aktiv på Nynorsk Wikipedia, og var i ferd med å orientera meg mot frilansarbeid som ville gjort meg endå mindre aktiv. På eit såpass lite prosjekt er kvar brukar viktig, og eg er takknemlig for at eg fekk lov til å via meg til dette spennande arbeidet ei stund. Eg er også blitt med i styret for Wikimedia Noreg, der eg vil prøva å arbeida for betre samarbeid mellom wikiprosjekta på nynorsk og bokmål.

Oversyn over artiklar skrivne for prosjektet[endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre wikiteksten]

Framstilling av ei verneånd (jaksja) oppå eit fabeldyr (som heiter Kala eller Rahu) på Banteay Srei i Angkor i Kambodsja.
Framstilling av ei verneånd (jaksja) oppå eit fabeldyr (som heiter Kala eller Rahu) på Banteay Srei i Angkor i Kambodsja.
Tigeren til Tipu Sultan, som går til åtak på ein britisk soldat.
Tigeren til Tipu Sultan, som går til åtak på ein britisk soldat.
Krisjna overvinn demonen Trinavarta.
Krisjna overvinn demonen Trinavarta.
Styltefiskarar i Sri Lanka.
Styltefiskarar i Sri Lanka.
Mogulkeisaren Djahangir
Mogulkeisaren Djahangir
Satellittbilete av Bhutan.
Satellittbilete av Bhutan.