Wikipedia:Stipendstøtte frå Noregs Mållag/Sør-Asia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kolonireise
Kolonireise
Stipendprosjektet for Noregs Mållag


Oversyn
Ungdom
Sør-Asia
Wikipedia
Resultat og reaksjonar

Marmorutskjering i djain-tempelet i Ranakpur i Rajasthan
Marmorutskjering i djain-tempelet i Ranakpur i Rajasthan
Sør-Asia

Megwhalkvinne med stor nasering. Ung sikh med turban og mobiltelefon. Radha om natta. Mogulmåleri frå rundt 1650 Jente i kvite klede for tempelskule.

Som ungdomsinteresser er Sør-Asia eit stort emne, og her var i tillegg planen å skriva omfattande artiklar. Her hadde eg ikkje sett noko tal, og godt var det, for 500 ville det aldri blitt. Talet blei ein stad mellom 35 og 40, med nokre korte artiklar, og andre med mogleik til å bli peika ut som Gode artiklar.

Eg satsa også her på å få breidde, og prøvde å variera emne i tid, rom og kultur. Dette lyktest delvis. Eg fekk til artiklar frå ulike land, som dabbawalla frå India og om australske Susheela Raman som har sørasiatisk opphav; ulike emne, som Madhubanikunst (kunst), Iajuddin Ahmed (politikk) og Gangesdeltaet (geografi), og ulike religionar, som Den raude moskeen (islam), hinduiske symbol (hinduismen) og gurmukhi (sikhismen). Men eg dekka ikkje heile området, og har til dømes ingen artiklar som har med Bhutan eller Sri Lanka å gjera.

Eg prøvde å knytta emna opp mot moderne tema, som Rama i moderne indisk politikk og Sita sett frå eit feministisk synspunkt. Eg prøvde også å knytta artiklane til kvarandre, noko som førte til at eg måtte lagra mange uferdige artiklar fordi eg ikkje klarte å fullføra dei før fristen var ute. Igjen har eg nok altså gapa litt for høgt. Men eg angrar ikkje, for eg har no mykje materiale som kan brukast til å laga mange fleire artiklar. Prosjektet har vist kor lite me faktisk har om Sør-Asia, og kor mykje som kan skrivast.

I tillegg til å skriva artiklar har eg funne og skanna, overført eller omsett teksten til illustrasjonar rundt emnet Sør-Asia. Desse ligg saman med ei rekke andre filer under South Asia-kategorienWikimedia Commons, men nokre av dei er blitt brukt til å laga border rundt desse rapportsidene.

Nedanfor er det lista opp artiklar eg har skrive frå botnen av, eller utvida kraftig, som del av dette prosjektet. Det står på diskusjonssida til kvar artikkel kva som er gjort.

Geografi

Kunst

Religion

Samfunn

Språk

Politikk

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 1,2 Uferdige artiklar.
  2. 2,0 2,1 Artiklar som femner vidare enn berre Sør-Asia.

Kvilande ku framfor eit bilete av Sjiva. Frå Madhumalati: Eit elskande par skyt ein tiger. Siste dronninga av Jhansi Flaum i Karnataka. Folk i trappene ned til elva Ganga i Varanasi.