Wikipedia:Utvald artikkel/2022

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utvald artikkel Bullet blue.png Kandidatar Bullet blue.png Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 2004200520062007200820092010201120122013201420152016201720182019202020212022

Diskusjonar: 2007200820092010201120122013201420152016201720182019202020212022



I dag er det måndag, 17. januar 2022Oppdater sida


Veke 1
Teikning av ein arbeidar som tiggar på ein haug av devaluerte og verdilause setlar

Inflasjon er ei varig prisstiging av varer og tenester i ein økonomi. Når det generelle prisnivået stig, vil kvar eining av ein valuta kunna kjøpa færre varer og tenester, og såleis korresponderer inflasjon med ein reduksjon av kjøpekrafta til pengar. Det motsette av inflasjon er deflasjon, som er ein varig nedgang i det generelle prisnivået av varer og tenester. Den vanlegaste måleeininga av inflasjon er inflasjonsrate, som er årleg prosentvis endring i den generelle prisindeksen.

I dag føretrekkjer mange økonomar ein låg og stabil inflasjon. Låg (i motsetnad til null eller negativ) inflasjon reduserer alvorsgraden av økonomiske resesjonar ved at arbeidsmarknaden kan tilpassa seg raskare i ein nedgangsperiode, og reduserer risikoen for at ei likviditetsfelle hindrar pengepolitikken frå å stabilisera økonomien. Ansvaret for å halda inflasjonsraten låg og stabil er vanlegvis gjeve til monetære styresmakter. Dei monetære styresmaktene er hovudsakleg sentralbankar som kontrollerer pengepolitikken gjennom å fastsetja renter, gjera marknadsoperasjonar og, meir sjeldan, stilla krav til reservar haldne av kommersielle bankar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 2
Kapp Horn

Kapp Horn er det sørlegaste neset på Tierra del Fuego-øyane, også kjend som Eldlandet, sør i Chile. Det er det sørlegaste punktet i Sør-Amerika og markerer den nordlege grensa til Drakesundet. I mange år var neset ein milepåle på klipperruta, som seglskutene segla då dei frakta varer rundt verda. Farvatnet rundt neset er derimot særs farleg på grunn av kraftig vind, høge bølgjer, kraftige havstraumar og isfjell, og i seglskutetida var området kjent som ei våt grav for mange sjømenn.

Panamakanalen opna i 1914 trong langt færre skip å segle rundt Kapp Horn. I dag vert segling rundt neset rekna som ein av dei store utfordringane innan seglsport, stundom som ein del av jordomseglingar. I dag kan ein derimot segle gjennom kanalane like nord for neset, men mange vel likevel å vente på bra vêr og segle rundt det historiske neset. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 3
Joe's Garage er kjend for dei lange gitarsoloane.

Joe's Garage er ein rockeopera frå 1979 av Frank Zappa. Opphavleg vart prosjektet gjeve ut som to separate studioalbum på Zappa Records, men det vart sidan mastra på ny og gjeve ut som eit trippelalbum kalla Joe's Garage, Acts I, II & III i 1987. Soga vert fortald av ein rollefigur kalla «Central Scrutinizer» om Joe, ein vanleg tenåring, som dannar eit garagerockband, har utilfredsstillande forhold med kvinner, gjev alle pengane sine til ein statleg assistert og hyklersk religion, utforskar seksuelle aktivitetar med hjelpemiddel, og hamnar i fengsel. Etter å ha kome ut frå fengsel til eit dystopisk samfunn der sjølv musikk er forboden, glir han over i sinnsjuke.

Albumet omfattar mange musikkstilar. Tekstane er ofte satiriske eller komiske kommentarar om amerikansk samfunn og politikk. Dei omfattar tema som individualisme, fri vilje, sensur, musikkindustrien og seksualitet, og driv satire med katolisisme og scientologi. Opphavleg fekk det middels til positive meldingar, men kritikarane hylla den nyskapande og originale musikken, men kritiserte dei skatologiske, seksuelle og spottande tekstane. I seinare år er Joe's Garage trekt fram som eit av dei beste verka til Zappa. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 4
Ved i omnen

Ved er trevyrke som kan brukast til brensel. Brennverdien til veden varierer med fuktprosenten og eigenvekta til trevyrket. Det er vanleg å bruka tre som ikkje passar til andre føremål, som tynne eller krokete greiner og avkapp frå treindustrien, til brensel. Før han kan brennast bør veden delast opp i mindre stykke slik at han har ei stor overflate elden kan ta fatt i. Dette gjer ein gjerne ved å saga han opp eller kløyva han med øks på ein hoggstabbe.

Ved er den eldste kjelda til energi ein kjenner til, og vedfyring er framleis vanleg i store delar av verda. Ved er ein fornybar ressurs så lenge ein ikkje tek ut meir enn det som veks til. Mangel på ved i nokre område har ført til avskoging og ørkenspreiing. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 5
Siouxsie Sioux frå Siouxsie and the Banshees

Siouxsie and the Banshees var eit britisk rockeband, skipa i London i 1976 av vokalisten Siouxsie Sioux og bassgitaristen Steven Severin. Det har inspirert mange andre artistar, både samtidige og seinare. I løpet av karrieren gav Siouxsie and the Banshees ut 11 studioalbum og 30 singlar. Bandet hadde fleire endringar i besetninga, og Siouxsie og Severin var dei einaste konstante medlemmane. Gruppa vart oppløyst i 1996, men Siouxsie og trommeslagaren Budgie heldt fram å spele inn musikk som The Creatures, eit band dei skipa på si i tidleg i 1980-åra. I 2004 byrja Siouxsie òg ein solokarriere.

Q tok med gitarspelinga til John McKay på songen «Hong Kong Garden» på lista si over dei hundre beste gitarssongane gjennom tidene, medan Mojo rangerte gitaristen John McGeoch som ein av dei hundre beste gitaristane gjennom tidene for arbeidet hans på «Spellbound». The Times omtalte gruppa som «ein av dei mest dristrige og kompromisslause musikalske eventyrarane i post-punk-tida». Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 6
Sligo

Sligo er ein hamneby i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Sligo vest på Irland. Byen hadde rundt 20 000 innbyggjarar i 2016, og er dermed også den folkerikaste byen i fylket. Det irske namnet til Sligo er Sligeach, som tyder 'skjelstaden'. Dette kjem av dei store mengdene skjel i elva og utløpet hennar, og for fleire skjeldynger som er funne omkring byen etter matlaging helt tilbake til steinalderen.

Byen ligg mellom Lough Gill og elva Garavogue der ho munnar ut i Atlanterhavet. Han er omgjeven av to fjellkjeder, Dartryfjella på nordsida og Oxfjella mot sør. Sligo er eit historisk, kulturelt, kommersielt, industrielt og tenestenæringssenter, og har regionaltyding i Vest-Irland. Han har veg-, jernbane- og ferjesamband. Byen er også eit turistmål med fleire litterære og kulturelle assosiasjonar som ligg på Wild Atlantic Way. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 7

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 7, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 8

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 8, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 9

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 9, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 10

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 10, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 11

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 11, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 12

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 12, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 13

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 13, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 14

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 14, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 15

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 15, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 16

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 16, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 17

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 17, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 18

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 18, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 19

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 19, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 20

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 20, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 21

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 21, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 22

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 22, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 23

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 23, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 24

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 24, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 25

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 25, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 26

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 26, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 27

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 27, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 28

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 28, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 29

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 29, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 30

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 30, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 31

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 31, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 32

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 32, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 33

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 33, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 34

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 34, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 35

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 35, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 36

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 36, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 37

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 37, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 38

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 38, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 39

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 39, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 40

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 40, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 41

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 41, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 42

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 42, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 43

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 43, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 44

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 44, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 45

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 45, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 46

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 46, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 47

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 47, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 48

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 48, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 49

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 49, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 50

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 50, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 51

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 51, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 52

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 52, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 53

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 53, 2022
Vis - Diskusjon - historikk


Utvald artikkel Bullet blue.png Kandidatar Bullet blue.png Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 2004200520062007200820092010201120122013201420152016201720182019202020212022

Diskusjonar: 2007200820092010201120122013201420152016201720182019202020212022



I dag er det måndag, 17. januar 2022Oppdater sida