Wikipedia:Utvald artikkel/2024

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024

Diskusjonar: 200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024



I dag er det fredag, 19. april 2024Oppdater sida


Veke 1
Cerrado

Cerrado er ein økoregion av tropiske savannar i Brasil prega av eit halvfuktig tropisk klima med distinkte våte og tørre årstider. Det er den nest største naturtypen i Brasil, etter regnskogen i Amazonas. Vegetasjonen her inkluderer ei rekkje habitat, frå savannar til galleriskogar, med ulike typar vegetasjon. Regionen har eit rikt mangfald av virveldyr og virvellause artar, inkludert amfibium, krypdyr, fuglar og pattedyr. Landbruksaktivitetar har utvida seg mykje i cerrado, drive av jordmanipulasjon og dyrking av avlingar som soyabønner og storfekjøttproduksjon. Denne utvidinga har ført til at miljøet blir ringa, mellom anna av avskoging og utarming av vassressursar. Bevaringsinnsatsen er avgrensa, med berre ein liten del av cerrado verna som føderale reservat, trass i det høge biologiske mangfaldet og den økologiske tydinga. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 2
Elizabeth Barrett Browning

Elizabeth Barrett Browning (1806–1861) var ein engelsk diktar i viktoriatida. Ho var mykje omtykt i Storbritannia og i USA i levetida si.

Browning blei fødd i County Durham som den eldste av 12 barn. Frå ho var elleve byrja ho å skriva dikt. Den fyrste diktsamlinga hennar som vaksen blei gjeven ut i 1838. Ho skreiv produktivt mellom 1841 og 1844, både poesi, omsetjing og prosa. Ho engasjerte seg for avskaffing av slaveriet, og arbeidet hennar bidrog til å påverka reformer i lovgjevinga kring barnearbeid. Den rike produksjonen hennar gjorde henne til ein rival til Tennyson som kandidat for å bli poet laureate etter Wordsworth. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 3
John Bonham i 1975.

John Bonham (1948–1980) var ein britisk musikar og låtskrivar, mest kjend som trommeslagar i Led Zeppelin. Bonham er velrenommert for snøggleiken, krafta, den kjappe høgrefoten, den særeigne stilen og kjensla si for grooven. Han vert rekna som ein av dei største trommeslagarane i rockehistoria av mange trommeslagarar, andre musikarar og musikkekspertar.

Etter at The Yardbirds vart oppløyst, starta gitaristen Jimmy Page eit nytt band, det framtidige Led Zeppelin. Då han rekrutterte Robert Plant, foreslo han den tidlegare bandkollegaen sin Bonham som trommeslagar. Bonham var i starten motvillig til å bli med i bandet. Plant sendte åtte telegram til puben til Bonham i Walsall, før Grant sendte 40 telegram. Samstundes hadde Bonham lukrative tilbod frå artistar som Joe Cocker og Chris Farlowe. Bonham godtok til slutt tilbodet til Grant. Bonham sa seinare: «Eg likte musikken deira betre enn musikken til Cocker og Farlowe.» Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 4
Aleksanderøya

Aleksanderøya er den største øya i Antarktis. Ho er om lag 390 km lang frå nord til sør, 80 km brei i nord og 240 km brei i sør. Aleksanderøya er den nest største folketomme øya i verda etter Devonøya, og har eit areal på 55 247 km². Ho ligg i Bellingshausenhavet vest for Palmer Land på Den antarktiske halvøya. Mellom øya og halvøya ligg Marguerite Bay og George VI Sound. George VI isbrem fyller heile George VI Sound og knyter Aleksanderøya fast til Palmer Land.

Aleksanderøya vart oppdaga 28. januar 1821 av ein russisk ekspedisjon under Fabian Gottlieb von Bellingshausen, som gav ho namnet Aleksander I Land etter den regjerande tsaren Aleksander I av Russland. Ein trudde ho var ein del av det antarktiske fastlandet fram til 1940. At det var ei øy vart bevist i desember 1940 av eit selskap på slede under Finn Rønne frå U.S. Antarctic Service. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 5
Hauraki Plains sør for den store bukta Firth of Thames.

Hauraki Plains er eit sletteområde nord på Nordøya på New Zealand. Området ligg 75 km søraust for Auckland, ved foten av Coromandelhalvøya, og dekkjer den sørlege delen av ein graben som er avgrensa av åsane i Kaimai Ranges mot aust, og av eit bakkelandskap mot vest som skil Hauraki Plains frå dei mykje større slettene (Waikato Plains) ved Waikatoelva.

I 1840-åra dekte eit våtmarksområde estimert til 1100 km² dei lågare delane av Waikato og Hauraki Plains. Seinare har 85 til 90 % av våtmarksområda på New Zealand gått tapt. Kopuatai Peat Dome er med ei flatevidd på 102,01 km² det største uforandra torvområdet på New Zealand, og er også eineståande i verdssamanheng. Whangamarinovåtmarkene, som ligg i Miranda/Kaiaua-området, er dei nest største torv- og sumpvåtmarkene på Nordøya på New Zealand. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 6
Knuskkjuke

Knuskkjuke (Fomes fomentarius) er ei stor, hovforma kjuke som veks på daudt treverk. Ho veks gjerne på trestammar av lauvtre. Namnet har knuskkjuka fått fordi det vert laga knusk av ho. Ein har funne restar etter knuskkjuke ved steinalderbustader ved Rhinen i Tyskland frå så lenge som kring 30 000 år sidan. Ismannen Ötzi, som vart funnen i Alpane i Italia i 1991, hadde og med seg knusk. Han levde om lag 3300 f.Kr.

Knuskkjuke har sirkumboreal utbreiing. Ho finst både nord og sør i Afrika, i heile Europa og Asia og inn i austlege Nord-Amerika. Liksom andre kjuker er knuskkjuka årsak til kvitrote i stamma til vertstreet. Fruktlekamen syner seg ikkje før treet er nesten daudt. Fargen til fruktlekamen varierer i ulike soner på overflata. Han er oftast mørk grå, men òg lysegrå eller heilt mørk, nesten svart. Det er eit lyst belte nedst, der ein finn det yngste vekstlaget. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 7
Illustrasjon av Stefan-Boltzmann-lova

Stefan–Boltzmann-lova seier at den totale energien som vert strålt ut frå ein svartlekam per areal, j*, er direkte proporsjonal til fjerdepotensen av den termodynamiske temperaturen T (òg kalla absolutt temperatur) til svartlekamen. Eit meir generelt tilfelle er ein grå lekam, ein som ikkje fullstendig absorberer eller emitterer heile strålingsfluksen. I staden for vert det stråla ut delar av fluksen, styrt av emissiviteten, .

Lova vart utleia av Josef Stefan i 1877 basert på målingar gjort av John Tyndall. Dei teoretiske omsyna vart ved hjelp av termodynamikken utleidd av Ludwig Boltzmann i 1884, med utgangspunkt i arbeidet til Adolfo Bartoli. Boltzmann såg på ein viss ideell varmemaskin med lys som materie i staden for gass. Lova gjeld berre for ideelle svartlekamar, som er perfekte strålingslekamar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 8
Meena Kumari som Chhoti Bahu i Sahib Bibi Aur Ghulam

Meena Kumari (fødd Mahjabeen Bano, 1933–1972) var ein indisk skodespelar og diktar. Ho var kjend som «The Tragedy Queen», og var aktiv innan hindifilmar mellom 1939 og 1972. Kumari er rekna som ein av dei største skodespelarane i den indiske filmindustrien. I ein karriere som varte i over 33 år, frå barndommen til ho var vaksen, medverka ho i over 90 filmar. Ho døydde berre 38 år gammal av skrumplever.

Kumari vann fire Filmfare-prisar i kategorien for beste kvinnelege skodespelar. Ho gjorde historie ved den 10. filmfareprisutdelinga i 1963 ved å få alle tre nominasjonane til beste kvinnelege skodespelar, og vann for rolla si i Sahib Bibi Aur Ghulam. Ho vann den siste filmfareprisen sin for Kaajal i 1966. Den siste filmen hennar, Pakeezah, kom ut året etter at ho var død, og gav henne ein posthum filmfarenominasjon. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 9
Jimmy Page i 2013

Jimmy Page (fødd 1944) er ein engelsk gitarist, låtskrivar og plateprodusent. Han starta karrieren sin som studiomusikar i London før han var medlem av The Yardbirds frå 1966 til 1968. Etter det starta han det engelske rockebandet Led Zeppelin. Han vert ofte rekna som ein av dei viktigaste og mest påverkande gitaristane og låtskrivarane i rockehistoria.

I 2010 vart Jimmy Page rangert på andreplass på lista til Gibson over dei 50 beste gitaristane gjennom tidene og i 2007 på fjerdeplass på lista til Classic Rock Magazine over dei 100 villaste gitarheltane. Page vart rangert på niandeplass på lista til Rolling Stone over dei 100 største gitaristane gjennom tidene i 2003. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame to gonger, ein gong som medlem av The Yardbirds (1992), og ein gong som medlem av Led Zeppelin (1995). Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 10
Cien años de soledad av Gabriel García Márquez

Hundre års ensomhet, originaltittel Cien años de soledad, er ein roman av den colombianske forfattaren og nobelprisvinnaren Gabriel García Márquez. Romanen blir sett på som García Márquez sitt meisterverk, og er rekna som ein merkestein og eit av dei viktigaste verka i den spanske litterære kanonen.

Dette er ein slektskrønike om familien Buendía som levde i byen Macondo, det metaforiske Colombia. Macondo vart grunnlagt av familiepatriarken José Arcadio Buendía. Med romanen sin «magisk realisme»-stil og tematiske substans, blei han ein viktig representantroman for den latinamerikanske bløminga på 1960 og 1970-talet, som vart stilistisk prega av modernisme og den cubanske avantgarde litterære rørsla. Etter at romanen først vart utgjeven i 1967, har Hundre års ensomhet blitt omsett til 37 språk og har selt meir enn 30 millionar eksemplar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 11
Topoografisk kart over Bulgaria

Bulgarsk geografi viser til geografien i Bulgaria, eit land i Søraust-Europa og grensar til Romania, Serbia, Nord-Makedonia, Hellas, Tyrkia og Svartehavet. Den nordlege grensa mot Romania følgjer elva Donau heilt til Silistra. Arealet til Bulgaria er 110 994 km², og landet er med det litt større enn Island, Cuba eller den amerikanske delstaten Tennessee.

Dei mest karakteristiske trekka i den bulgarske topografien er vekslande område med høgt og lågt terreng som strekkjer seg frå aust mot vest over heile landet. Trass i at landet ikkje er særleg stort har det svært variert topografi, og landet kan delast inn i sletter, platå, åsar, fjell, bekken, juv og djupe elvedalar. Det geografiske senteret i Bulgaria er i Uzana. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 12
Mengdediagram for å vise finsk suffiksal vokalharmoni

Finsk fonologi er karakterisert av eit rikt vokalsystem (8 vokalar og 18 ulike diftongar), og eit relativt lite konsonantsystem (14 konsonantar). Eit sentralt suprasegmentalt trekk er kvantitet, alle vokalfonem og nesten alle konsonantfonem kan vere både lange og korte. Hovudtrykket i finsk fell alltid på den første stavinga i ordet, uavhengig av lengde.

Eit av dei sentrale fonologiske fenomena i finsk er vokalharmonien. Finsk har såkalla palatal vokalharmoni, eller fremre-bakre-homonymi. I finske ordstammar kan vokalane a, o og u ikkje opptre i lag med dei fremre vokalane ä, ö und y. I suffiks er vilkåra litt annleis: Her kan a, o, u berre opptre viss det i ordstammen opptrer a, o, u. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 13
Orientråke

Orientråke (Eurystomus orientalis) er ein råke i India, Sri Lanka, Søraust-Asia og Australasia. Det engelske artsnamnet dollarbird kjem av eit skinande sølvfarga område på over- og undersida av vengene, midt på dei ytre handsvingfjørene, som vagt kan minne om sølvdollar. Det er skildra elleve underartar som skil seg, nokre gonger betydeleg, når det gjeld farger i fjørdrakt, storleik og form på nebbet og generell storleik.

Den grunnleggjande farga på orientråken er mørk, iriserande grøn, som kan veksle mellom ulike grøntonar mot lilla og bruntonar, avhengig av innfallslyset. Oversida er lysare og meir fargerik enn den meir reint grågrøne undersida. Handsvingfjørene som er synlege når han sit er klåre, mørkeblå i farga. Han har ein lilla til blå strupeflekk. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 14
Folk ser på den kjende sørkaper-kvalen Ludo ved Valdes-halvøya.

Kvalsafari er ein praksis som går ut på å observera kvalar og delfinar i det naturlege habitatet deira. Observering av kval er for det meste ein fritidsaktivitet, men kan òg ha vitskaplege og/eller pedagogiske føremål. Kvalsafari er særleg viktig for utviklingsland. Kystland har byrja å dra nytte av nærværet til kvalane, og dette har auka støtta blant folk om å verna desse dyra mot kommersiell kvalfangst og andre trugsmål, som bifangst eller skipskollisjonar, ved hjelp av marine verneområde og fristadar.

Organiserte kvalsafariar byrja i USA, då Cabrillo National Monument i San Diego blei erklært ein offentleg stad for å observera migrasjonen til gråkvalar. Skodet tiltrekte seg 10 000 vitjande det fyrste året, 1950. I 1955 byrja dei første turane på havet i same område Turismen kring kvalsafari har auka markant sidan midten av 1980-talet. Storleiken og den raske veksten i næringa har ført til komplekse og tilbakevendande debattar med kvalfangstindustrien om den beste bruken av kvalar som naturressurs. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 15
Nasesmykke med edderkoppar frå mochekulturen.

Edderkoppar i kulturen viser til ei rekkje måtar edderkoppar og spindelvev er blitt skildra og handsama innan folkekultur, mytologi og symbolisme gjennom historia. Frå gresk mytologi til afrikansk folklore og fram til i moderne litteratur og populærkultur har edderkoppar vore nytta til å representera fleire ulike idear og eigenskapar.

Edderkoppar kan vera eit symbol på ugagn og vondskap, knytt til gifta og den sakte døden ho kan gje, noko som ofte blir sett på som ei forbanning. Han har symbolisert tolmod og uthald på grunn av jaktteknikken sin der han lagar nett og ventar på at byttet skal bli fanga. Mange kulturar legg også vekt på evna hans til å laga nett, og knyter han til spinning, veving, korgmaking, knutearbeid og nettmaking. Dyra kan knyttast til skapingsmytar fordi dei kan laga sine eigne verder i form av vevane sine. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 16
Pancake Rocks i Paparoa nasjonalpark.

Paparoa nasjonalpark er ein newzealandsk nasjonalpark som ligg nord på vestkysten av Sørøya, mellom byane Westport og Greymouth. Nasjonalparken vart oppretta i 1987 og omfattar 306 km². Parken strekkjer seg frå eller nær kystlinja til toppen av høgdedraget Paparoa Range. Ein separat del av parken ligg i nord og omfattar eit område kring elva Ananui Creek. Parken vernar om eit kalksteins- og karst-område. Det ligg ei rekkje grotter i parken, ei av desse, Metro/Te Ananui, er ein kommersiell turistattraksjon. Størstedelen av parken er skogkledd, og har ein svært variert vegetasjon.

Riksvegen State Highway 6 går langs parken. Paparoa Track, ein av New Zealand's Great Walks, går gjennom han. Den vesle busetnaden Punakaiki ligg nær grensa til parken, ikkje langt frå den populære turistattraksjonen Pancake Rocks. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 17
Peter Gabriel i 1980.

Peter Gabriel (fødd 1950) er ein engelsk songar, musikar og låtskrivar som vart kjend som vokalist og fløytist i progrockbandet Genesis. Etter at han slutta i Genesis, starta Gabriel ein suksessrik solokarriere. Albumet hans So frå 1986 er hans bestseljande. Den største hitten på albumet, «Sledgehammer», vann ni MTV Awards på 1987 MTV Video Music Awards og er den mest spelte musikkvideoen i historia til kanalen.

I nyare tid har Gabriel fokusert på å produsere og fremje verdsmusikk og har vore ein pioner innan digitale distribusjonsmetodar for musikk. Han har òg vore involvert i mange humanitære prosjekt. Gabriel har vunne mange musikkprisar gjennom karrieren sin, mellom anna tre Brit Awards, inkludert beste mannlege artist i 1987, seks Grammy Awards, tretten MTV Video Music Awards, og i 2007 vart han æra med eit BMI-ikon på den 57. årlege BMI London Awards for hans «inspirasjon for generasjonar av musikarar». Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 18
Else Hagen ved Else Hagens vei i Arendal.

Else Hagen (1914–2010) var ein norsk biletkunstnar som arbeidde med måleri, grafikk og store relieff i ulike material. Ho verka også som skribent, kåsør og illustratør. Ho er rekna som ein av dei viktigaste norske kvinnelege kunstnarane innanfor modernismen, og er særleg kjend for sine store materialbilete. Desse var som oftast resultat av at ho vann fyrstepris i konkurransar om kunstnarisk utsmykking, og dei finst i norske kyrkjer, universitet og andre offentlege bygningar, blant anna i Stortingsbygningen, der verket hennar Samfund blei avduka i 1966. Då Hagen vann konkurransen om utsmykking av Nøtterøy realskole i 1950 blei ho den fyrste kvinnelege kunstnaren som fekk eit offentleg utsmykkingsoppdrag i Noreg. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 19
Kopi av Morrison Hotel-bygningen.

Morrison Hotel er det femte studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Doors, gjeve ut 9. februar 1970 på Elektra Records. Etter at bandet hadde brukt blåsarar og strykarar på råd frå produsenten Paul A. Rothchild på det førre albumet sitt, The Soft Parade, gjekk det no attende til den opphavlege bluesrockstilen sin. The Doors gjekk inn i Elektra Sound Recorders i Los Angeles i november 1969 for å spele inn albumet, der kvar plateside fekk sin eigen tittel: «Hard Rock Cafe» og «Morrison Hotel». Gruppa hadde med seg studiobassistane Lonnie Mack og Ray Neapolitan på songane.

Albumet nådde fjerdeplassen på Billboard 200 og gjorde det betre i utlandet enn det føregåande albumet. Det vart den høgaste plasseringa deira på albumlista i Storbritannia, der det nådde 12. plassen. Singelen «You Make Me Real»/«Roadhouse Blues» nådde 50. plassen som ei dobbel A-side i mai 1970 på Billboard 100-lista. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 20

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 20, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 21

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 21, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 22

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 22, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 23

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 23, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 24

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 24, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 25

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 25, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 26

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 26, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 27

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 27, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 28

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 28, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 29

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 29, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 30

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 30, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 31

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 31, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 32

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 32, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 33

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 33, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 34

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 34, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 35

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 35, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 36

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 36, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 37

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 37, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 38

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 38, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 39

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 39, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 40

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 40, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 41

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 41, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 42

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 42, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 43

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 43, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 44

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 44, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 45

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 45, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 46

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 46, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 47

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 47, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 48

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 48, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 49

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 49, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 50

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 50, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 51

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 51, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 52

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 52, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 53

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 53, 2024
Vis - Diskusjon - historikk


Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024

Diskusjonar: 200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024



I dag er det fredag, 19. april 2024Oppdater sida