Wikipedia:Utvald artikkel/Kandidatkalender 2011

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024

Diskusjonar: 200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024



I dag er det torsdag, 28. mars 2024Oppdater sida


2011-kalender med mulige emne for Vekas artikkel[endre wikiteksten]

Om status for kvar artikkel, sjå Wikipedia:Vekas artikkel/Kandidatar.

Veke Frå dato Artikkel Anna
52 27. des

(2010)

Draumkvedet
Gjallarbrua. Illustrasjon av Gerhard Munthe.

Froslag 1: Draumkvedet er aktuell på denne tida og er ein fin artikkel! Hogne 29. juli 2010 kl. 16:53 (CEST)[svar]

God ide! Mbh --M. Haugen 20. desember 2010 kl. 17:24 (CET)[svar]
1 03. jan Hepatitt C
I dei nordiske landa har opp mot 90% av alle narkomane hepatitt C.

Hepatitt C er ein infeksjonssjukdom som vert framkalla av hepatitt C-virus (HCV). HCV gjev leverinfeksjon, ofte med gul hud og gule bindehinner i auga (gulsott). Infeksjonen smittar framfor alt gjennom serum- og blodkontakt og vert ofte kronisk.

Dette er ein lærerik arikkel. Hogne 21. desember 2010 kl. 12:59 (CET)[svar]
Godt framlegg! --M. Haugen 28. desember 2010 kl. 14:38 (CET)[svar]
2 10. jan Skottland i høgmellomalderen Forslag 1: Skottland_i_høgmellomalderen. Hogne 21. desember 2010 kl. 13:01 (CET)[svar]
3 17. jan Bybanen i Bergen Forslag 1: Bybanen i Bergen Hogne 5. januar 2011 kl. 21:23 (CET)[svar]
Godt framlegg, men artikkelen fortener ein bolk med kjelder og url'ar. Eg tok bort den bloggardetaljerte opplistinga av "ulukkar", den høyrde ikkje heime i eit leksikon. Mbh --M. Haugen 8. januar 2011 kl. 16:52 (CET)[svar]
4 24. jan Rosens navn
{{{2}}}

Forslag 1: Rosens navn Eller kanskje denne bør flyttast til Il nome della rosa ? Hogne 5. januar 2011 kl. 21:28 (CET)[svar]

Vekas artikkel: Ja. Flytting: Nei. Artikkel om Umberto Eco først: Viktig. --Ranveig 5. januar 2011 kl. 21:37 (CET)[svar]
5 31. jan Joyce Carol Oates

Forslag 1 Joyce Carol Oates. Vi treng mange artiklar om kvinner, og slike som Oates må visast fram. Hogne 5. januar 2011 kl. 21:39 (CET)[svar]

Ja og ja. (hehe) --Ranveig 5. januar 2011 kl. 21:57 (CET)[svar]
Enig. --M. Haugen 25. januar 2011 kl. 06:51 (CET)[svar]
6 07. feb Ulla-Førre
{{{2}}}

Forslag 1: Ulla-Førre - ein fersk god artikkel. Hogne 14. januar 2011 kl. 21:00 (CET)[svar]

Veldig godt forslag. --M. Haugen 25. januar 2011 kl. 06:52 (CET)[svar]
7 14. feb Kongedømet Preussen
Preussen på det største

Forslag 1: Kongedømet Preussen

- Hogne 31. januar 2011 kl. 16:02 (CET)[svar]

Ja Ja! --Ranveig 7. februar 2011 kl. 15:28 (CET)[svar]

Ja Ja fra meg og! Men ingressen treng vel eit avsnitt til? --M. Haugen 8. februar 2011 kl. 08:19 (CET)[svar]

8 21. feb Georg Philipp Telemann
{{{2}}}

Forslag 1 Georg Philipp Telemann

- Hogne 31. januar 2011 kl. 16:04 (CET)[svar]

Ja Ja --M. Haugen 8. februar 2011 kl. 15:07 (CET)[svar]

9 28. feb Langrenn
Marit Bjørgen vann gull i langrenn i Vinter-OL_2010.

Forslag 1: Langrenn for i veke 9 er det VM på ski i Oslo. Langrenn vart presentert i 2005 også, men det er jo lenge sidan, artikkelen er jo blitt litt betre (?) Hogne 10. februar 2011 kl. 17:25 (CET)[svar]

God idé! Mbh --M. Haugen 20. februar 2011 kl. 21:35 (CET)[svar]
10 07. mar Janis Joplin

Forslag 1: Janis Joplin ~~ Hogne 28. februar 2011 kl. 08:30 (CET)[svar]

Ja! Berre å slenga inn. --Ranveig 1. mars 2011 kl. 17:13 (CET)[svar]
11 14. mar Europeisk historie Forslag 1: Europeisk historie er ein viktig artikkel me kanskje kan gjere enno betre? Hogne 28. februar 2011 kl. 08:32 (CET)[svar]
Eit greit oversyn, ja. Mbh --M. Haugen 7. mars 2011 kl. 06:30 (CET)[svar]
12 21. mar Den egyptiske revolusjonen
{{{2}}}

Forslag 1: Den egyptiske revolusjonen i 2011 kan det vere greit å bli minna på igjen når det no er gått nokre veker. Hogne 28. februar 2011 kl. 08:37 (CET)[svar]

Godt framlegg. Men eg vil heller tilrå ei av karikaturteikningane som illustrasjon. Bilete av folkemengder er sjelden informative. Mbh --M. Haugen 14. mars 2011 kl. 09:20 (CET)[svar]
Kva med dette biletet? Rett flagg, sivilkledd oppå militært køyrety. Hogne 14. mars 2011 kl. 14:01 (CET)[svar]
Fin løysing m.o.t. bilete!! Mvh --M. Haugen 14. mars 2011 kl. 19:41 (CET)[svar]
13 28. mar Norsk Forslag 1: Norsk er eit germansk språk som høyrer til den nordiske, eller nordgermanske, greina. Norsk blir snakka i Noreg, og i norske utvandrarsamfunn, som blant norsk-amerikanarar i USA. I dei gamle norske provinsane i SverigeJämtland, Härjedalen og Båhuslen — blir det tala dialektar som svensk språkvitskap reknar som dialektar av norsk.

Dei norske dialektane blir tradisjonelt delt inn i to grupper, austnorsk og vestnorsk (inkludert nordnorsk), der austnorsk er dialektane med jamvekt og tjukk l for gamalnorsk og (i visse posisjonar) l. Den mest iøyrefallande skilnaden er likevel at austnorske dialektar har lågtone, mens vest- og nordnorske har høgtone, dvs. at eit ord som t.d. Bergen har initial låg tone i aust, men høg (eller fallande) i vest og nord.

14 04. apr Rockabilly
Bill Haley spelte inn «Rocket 88» i 1951, noko som er rekna som den første Rockabilly-innspelinga

Forslag 1: Rockabilly. Fordi det er en grei artikkel og eit kult bilete. Hogne 8. mars 2011 kl. 13:34 (CET)[svar]

Enig. Fint tema! --M. Haugen 28. mars 2011 kl. 06:32 (CEST)[svar]
15 11. apr Symbol i hinduismen
Dansar med bindi kledd i sari. Ho utfører ein namaskaram (namaste)

Forslag 1: Symbol i hinduismen fordi dette er ein av dei mest lesne artiklane på nynorsk wikipedia og det er mange gode bilete. Hogne 21. mars 2011 kl. 11:06 (CET)[svar]

Støtter den! Men støtteartiklar bør skrivast. --Ranveig 28. mars 2011 kl. 12:50 (CEST)[svar]
16 18. apr Agatha Christie Påskeveka! Er det nokon som sit inne med ein god artikkel som kan forbindast med påsken? Hogne 8. mars 2011 kl. 18:43 (CET)[svar]
Vel, om påskekrim er godt nok har me jo lange artiklar om Agatha Christie og Sherlock Holmes, og Holmes-forfattaren Arthur Conan Doyle. --Ranveig 8. mars 2011 kl. 18:56 (CET)[svar]
Takk, samd i at Forslag 1:
Agatha Christie
Agatha Christie (1890 - 1976), var ein engelsk forfattar. Ho var verdskjend for kriminalforteljingane sine, særleg dei om detektivheltane Miss Marple og Hercule Poirot, og har fått tilnamnet «Krimdronninga», the Queen of Crime. Christie gav ut over åtti bøker som er blitt omsette til meir enn hundre språk, og er med rundt fire milliardar selde bøker blitt rekna som den besteseljande enkeltforfattaren av bøker gjennom tidene. Ei rekke av forteljingane hennar er blitt filma og laga om til fjernsynsseriar. Christie gav òg ut stoff, særleg ikkje-krim, under løyndenamnet Mary Westmacott. Nokre av dei best kjente bøkene hennar er Ten little niggers, Death on the Nile og Murder on the Orient Express. Les meir …

Nokon med nok rettar burde fikse den ugyldige nbsp'en mellom siste ord og ellipsen - slik som den er no vises den på framsida. Larsivi 19. april 2011 kl. 20:44 (CEST)[svar]

17 25. apr Magnus Carlsen Sidan det er 2. påskedag og tid for konfirmasjonar så kjem eg med forslag 1:

Døyparen Johannes


Me kan sjølvsagt ta han fram 24. juni i staden, dersom nokon finn ein betre 1. mai artikkel Hogne 31. mars 2011 kl. 14:07 (CEST)[svar]

Eg synest Nattverd er blitt veldig god i det siste. Den er også ganske tett knytt til påska! --Ranveig 1. april 2011 kl. 16:00 (CEST)[svar]
samd, me ventar med Johannes til juni! Hogne 2. april 2011 kl. 15:11 (CEST)[svar]


Me viste dette påsken 2009, skal me resirkulere:

Fleire stader er det høgtidsamt ved første nattverd.

Nattverd er ei kristen liturgisk handling basert på Jesu Kristi siste måltid med disiplane føre krossfestinga.

Nattverden minnar om det siste påskemåltidet Jesus hadde med disiplane sine. Tre av evangelia skildrar Jesu siste måltid saman med disiplane på skjærtorsdag. Jesus gav brød til disiplane og sa «...dette er min lekam...». Deretter gav han dei vin og sa «...dette er mitt blod...». Orda hans vart avslutta med «...gjer dette til minne om meg». Det er denne siste setninga som er basis for at dei aller fleste kyrkjer gjev nattverden ein framtredande plass i gudsdyrkinga. Les meir …


-- Hogne 8. april 2011 kl. 19:58 (CEST)[svar]
Har ikkje noko mot resirkulering, men to år er kort tid når artikkelen er lite endra sidan sist. Ville heller valt Jesu sju ord på krossen - men den kunne med fordel heller vore brukt i den stille veka - kanskje eit anna år. --Knut 8. april 2011 kl. 20:24 (CEST)[svar]
Uff då, orsak for rotet! Me kan godt ha dei sju orda i veke 16, og så Agatha Christie denne veka? Ingenting er skrive i stein endå. (Vurderer også ei kjappomsetjing av den siste nattverden for å gjera godt att). --Ranveig 8. april 2011 kl. 23:37 (CEST)[svar]
Agatha Christie fortener ein plass på framsida, og den stille veka vert jo assosiert med krim. Artikkelen eg nemnde er reint refererande, og lite drøftande. Det kunne f.eks vere interessant å vite om ordet spesielt har sin plass i lutherske kyrkjer, der læra står i fokus - mens bilete av krossfestinga vert brukt meir i katolske kyrkjer. (Det er nok slik, men vi skal jo helst ha kjelder for det vi skriv. Kanskje vi finn det innan neste år?). Ranveigs plan B kan vere eit godt alternativ. --Knut 9. april 2011 kl. 11:47 (CEST)[svar]

Eg foreslår at me tar Jesu sju ord på krossen i påsken 2012 og kjem med forslag 4 (?):

Magnus Carlsen i 2008

Magnus Carlsen -- Hogne 11. april 2011 kl. 10:06 (CEST)[svar]

Bra framlegg! --Knut 11. april 2011 kl. 12:14 (CEST)[svar]
18 02. mai Jordskokk
Jordskokk

Forslag 1: Jordskokk er ein fleirårig urt i korgplantefamilien. Planta kjem frå nordamerika og blir dyrka for rotknollane. Knollane er ujamne og liknar litt på store ingefærrøter. I motsetnad til dei fleste andre knollar inneheld dei ikkje karbohydratet stive, men inulin (må ikkje forvekslast med insulin). Difor er jordskokk ei viktig kjelde for industriell framstelling av fruktose. Det gjer òg at dei lett blir til mos ved koking og at nokre lett får tarmgass av dei.

Passar det ikkje med eit slkt bilete på denne tida av året? Hogne 1. april 2011 kl. 22:44 (CEST)[svar]

Godt forslag! Mbh --M. Haugen 25. april 2011 kl. 08:44 (CEST)[svar]
19 09. mai Den generelle relativitetsteorien Det nærmar seg eksamenstid, difor forslag 1:
Eit simulert svart hòl med ti gonger så stor masse som sola. Sett frå ein avstand på 600 km, med Mjølkevegen i bakgrunnen (vassrett kameravinkel: 90°).

Den generelle relativitetsteorien, ofte berre kalla Generell relativitet, er ein teori om gravitasjon som vart publisert av Albert Einstein i 1915. Han sameinar den spesielle relativitetsteorien og Isaac Newton sin universelle gravitasjon med ideen om at gravitasjonen ikkje er ei kraft i tradisjonell meining, men ein manifestasjon av at romtida vert bøygd. Denne bøyinga vert avgjort av energien og materien si fordeling i rommet.


Hogne 31. mars 2011 kl. 09:49 (CEST)[svar]

20 16. mai Selje kloster ==Forslag 1==
{{{2}}}

Forslag 1: Selje kloster er ruinane av eit benediktinarkloster på øya Selja i Selje kommune i Sogn og Fjordane fylke.

Opprettinga av bispesete på Selja i 1068 og seinare bygging av eit benediktinarkloster vert sett i samanheng med Sunniva-legenda. Olav Tryggvason har ein sentral plass i Selja si historie. Han steig i land på øya i 996, fann levningane etter Seljumennene skrinla dei og ga påbod om bygging av ei kyrkje.

Det fins levningar etter fire kyrkjer på Selja. Det er Mikaelskyrkja, Albanuskyrkja, Sunnivakyrkja og fylkeskyrkja”

Ein fin norsk artikkel til 17. mai?
~~ Hogne 26. november 2010 kl. 09:22 (CET)[svar]
Fin artikkel. Fint forslag. --M. Haugen 8. mai 2011 kl. 09:00 (CEST)[svar]
21 23. mai Antonio Stradivari
Stradivarius-fiolinen Spanish II (1687-1689)

Forslag 1: Antonio Stradivari er av mange rekna som den fremste fiolinmakaren nokon sinne. Hogne 1. april 2011 kl. 22:08 (CEST)[svar]

Godt forslag! Mbh --M. Haugen 18. mai 2011 kl. 06:37 (CEST)[svar]
22 30. mai Lastebil Forslag 1:
Lastebil

Lastebil er eit kjøretøy som vert nytta til transport av ulike typar gods, som trekkvogn, eller som basis for ymse typar påbygg. Dei vert produserte i mange ulike storleikar og utførslar, nokre har ope lasteplan, andre har eit lukka skap, nokre har ikkje lasteplan, men vert nytta som trekkvogn.

Lastebilar spelar ein sentral rolle i dagens samfunn. Dei vert nytta for å transportera alt frå råvarer som mat og tømmer til post, drivstoff, bygningsmateriale, personbilar, ulike maskinar og så vidare. Langs kysten kan varer transporterast med fraktbåtar og i innlandet med jarnbane, men der det korkje er hamn eller jarnbane er lastebilar einaste praktiske alternativet. Lastebilar har òg den føremonen at varene kan transporterast frå dør til dør utan omlasting.

Denne artikkelen handlar om lastebilar generelt, medan ulike utføringar og lastebilar for ulike oppgåver vert handsama i støtteartiklar.


Artikkelen er også ein kandidat som «god artikkel»(?) Hogne 3. mai 2011 kl. 08:19 (CEST)[svar]
Imponerende grundig. Mbh --M. Haugen 20. mai 2011 kl. 10:20 (CEST)[svar]
23 06. jun Ziggy Stardust Forslag 1:
David Bowie som Ziggy Stardust

Ziggy Stardust er eit konseptalbum av den britiske musikkartisten David Bowie frå 1972, laust basert på soga om ei rockestjerne kalla Ziggy Stardust, ein marsbuar som kjem til Jorda for å frigjere menneskeheita frå banalitet. Albumet er rekna som eit av dei store i rockehistoria, og musikkmagaisnet Melody Maker har utpeikt albumet som det definitive albumet frå 1970-talet. Albumet klatra til femteplass på den britiske albumlista, og til 75. plass i USA.

I 1997 vart Ziggy Stardust stemd fram til 20. plass over dei største platene gjennom tidene i ein «Music of the Millenium»-avstemming leia av fleire aviser og magasin i Storbritannia. Musikkmagasinet Q plasserte albumet på 24. plass på ei liknande liste, medan fjernsynskanalen VH1 hadde det på 48. plass. Musikkmagasinet Rolling Stone hadde albumet på 35. plass på si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene. I 2000 hadde Q albumet på 25. plass på ei liste over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene.


Hogne 3. mai 2011 kl. 09:09 (CEST)[svar]
24 13. jun Tower of London Forslag 1:
Tower of London

Tower of London er ei borg i London, på Themsen si nordlege bredd. Tower står på UNESCO si verdsarvliste. Bygginga av den eldste delen, White Tower, starta under Vilhelm Erobraren etter sigeren hans i 1066. Denne er bevart, men den store festninga som møter dagens turistar er eit resultat av utvidingar gjennom hundreåra.

Slottet blei bygt utanfor City of London, og var tidlegare kjernen i Liberties of the Tower of London. Hovudfunksjonen var å vere eit forskansa palass for monarken. Etter kvart blei Tower ikkje minst kjend som fengsel og rettarstad, spesielt for fangar av høgstatus. Tower har hatt mange andre funksjonar, og er framleis staden der dei britiske kronregalia vert oppbevarte.


-- Hogne 19. mai 2011 kl. 21:43 (CEST)[svar]
25 20. jun Døyparen Johannes Jonsok veka, og jonsok det handlar òg om forslag 1:
Døyparen Johannes

Døyparen Johannes (hebr. Jochanan ben Sacharja, arab. Yahya) er ein profet innan fleire religionar, mellom anna kristendommen, islam og bahai. Han er nemnd i blant anna Koranen, Det nye testamentet og i bahaitekstar. Døyparen Johannes var virksam på 20-talet e.Kr. Han var ein jødisk domsprofet og botpredikant. Relikviene etter han vert tekne vare på i Umayyadmoskeen i Damaskus.

Etter Lukas-evangeliet i Det nye testamentet var Johannes son til presten Sakarja og Elisabet. Elisabet var ein nær slektning (kanskje syskenbarn) til til Jesu mor Maria. Maria vitja Elisabet medan ho var svanger med Johannes; i følgje Lukasevangeliet rørte han seg i livet til mora då Maria helsa henne. Denne vitjinga vert feira på Maria besøksdag 2. juli. Johannes vart fødd seks månader før Jesus. Jonsok vert feira 24. juni til minne om fødselen hans.
Hogne 8. april 2011 kl. 10:37 (CEST)[svar]

26 27. jun Europaveg 6 i Noreg Forslag 1:
Europaveg 6

Europaveg 6 i Noreg (E 6) er ein norsk stamveg som går mellom Svinesund og Kirkenes. Vegen er ein del av europaveg 6. E 6 er den desidert lengste vegstrekninga i Noreg med til saman 2 627,9 km gjennom ti av 19 fylke. Namnet E 6 vart innført 1. juni 1965 for strekninga Roma - Berlin - Oslo - Stjørdalshalsen. Lenger nord hadde vegen for dårlig standard, mellom anna fanst det strekningar med grusveg. Før 1965 var vegen i Noreg skilta med riksveg 1 sør for Oslo og riksveg 50 nord for Oslo. I 1969 vart E 6 forlenga til Nordkjosbotn og i 1983 til Kirkenes. Først i 1986 fekk den siste delen av vegen i Finnmark fast dekke.

Fint forslag no i ferietida .-) --M. Haugen 17. juni 2011 kl. 12:21 (CEST)[svar]
27 04. jul Norske redningsskøyter Forslag 1:Norske redningsskøyter - 9. juli er det 120 år sidan Redningsselskapet (NSSR) vart skipa.--Andreasv 28. april 2011 kl. 08:40 (CEST)[svar]
Ja, flott artikkel og fint med jubileumsmarkering. --Ranveig 28. april 2011 kl. 11:30 (CEST)[svar]
Moderne redningsskøyte
Ja, fin artikkel! Kanskje «God»? Hogne 28. april 2011 kl. 12:00 (CEST)[svar]
Enig! Fin artikkel som ein kan vere stolt av. Kanskje det er lurt å få på plass juliartiklene nå, så vi ikke blir utsatt for feriefravær? Mvh --M. Haugen 21. juni 2011 kl. 18:46 (CEST)[svar]
Slett ikkje dumt å få på plass artiklar me er blitt einige om å ha. --Ranveig 21. juni 2011 kl. 21:20 (CEST)[svar]
28 11. jul Fairport Convention Kva med ein musikalsk sommar?
  • Veke 28:

Fairport Convention

  • Veke 29:

Diskografien til The Rolling Stones

  • Veke 30:

The Beach Boys

  • Veke 31:

John Paul Jones

--Hogne 25. mai 2011 kl. 15:08 (CEST)[svar]
Ja, kvifor ikkje? Sommar er jo festivaltid. Men kanskje me burde halda oss til tre musikalske akter. Diskografien til The Rolling Stones er ei grei liste, men ikkje spesielt spennande som artikkel. --Ranveig 26. mai 2011 kl. 14:21 (CEST)[svar]
Grunnen til at eg tok fram diskografien er at eg meiner me skal syne fram at me etterkvart er ei utmerka kjelde for å finna fram i slikt. Ofte er det i listene fakta kjem tydlegast fram. Eg syns Diskografien til The Rolling Stones innheld mykje spanande stoff, og artikkelen er i stor grad måla blå. Me kan eventuelt skriva litt meir i innleiinga, om kor mange plater som vart gjevne ut, kor mange som toppa dei ulike listene, tidsperiode og liknande. Hogne 27. mai 2011 kl. 13:54 (CEST)[svar]
Jau, då er eg einig. Artikkelen treng berre eit avsnitt til, eller ei utvida innleiing med utvalde høgdepunkt frå lista, til å vera framsideklar. --Ranveig 27. mai 2011 kl. 14:05 (CEST)[svar]
29 18. jul Diskografien til The Rolling Stones Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 29, 2011
30 25. jul The Beach Boys Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 30, 2011
31 01. aug Pittaer ==Forslag 1==

Laki, dagsaktuelt vulkansystem på Island. --Ranveig 11. juli 2011 kl. 15:14 (CEST)[svar]

ein strålande god og verkeleg viktig artikkel. Etter mi meining ein god artikkel for veke 33 sidan det då er skulestart og det kan vere von om at dette vert eit samtaleemne då. Hogne 11. juli 2011 kl. 22:40 (CEST)[svar]

Pittaer, fin fugleartikkel. --Ranveig 11. juli 2011 kl. 15:14 (CEST)[svar]

Ein god artikkel for veke 31. Hogne 11. juli 2011 kl. 22:42 (CEST)[svar]
Då flyg me med den. --Ranveig 17. juli 2011 kl. 21:46 (CEST)[svar]
32 08. aug Humler Forslag 1: Humler, aktuelt på denne tida og greit å bli minna på kor viktige dei er. Hogne 29. juli 2011 kl. 09:51 (CEST)[svar]
Humle

Humler er eit insekt, ei gruppe årevengjer. Gruppa tilhøyrer biene, og er plassert i familien Apidae, humler og bier, saman med mellom anna honningbier. Humler har tjukk og brei, vanlegvis tett hårdekt kropp, vengjene verkar små i forhold til kroppen. Berre arbeidarane hjå humler som lever sosialt, i samfunn, har stikkebrodd. Fleire av artene er såkalla «gjøkhumler» og lev som snyltarar i bolet til dei sosiale humlene.

Humler vert rekna som viktige for pollinering av mange planteslag, og i seinare år det vorte vanleg med «ferdiglaga» humlebol i veksthus. Humlebestanden lar seg lett påverke av landbruk, skogbruk, hagebruk og andre slike aktivitetar. Humlene si viktigaste næring er nektar og dei samlar pollen som mat til avkommet.

Det er over 250 ulike humler i verda, dei fleste på den nordlege halvkula, men dei er også vanlege på New Zealand og Tasmania. Ein reknar med at det er 34 arter i Norge. Les meir …

Ja! Fin artikkel. --Ranveig 31. juli 2011 kl. 12:34 (CEST)[svar]
33 15. aug Laki
34 22. aug Sør-Sudan Forslag 1: Sør-Sudan Det nyaste medlemslandet i SN... Hogne 2. august 2011 kl. 13:30 (CEST)[svar]
Ja, det er interessant og aktuelt. --Ranveig 3. august 2011 kl. 15:38 (CEST)[svar]
Jo, absolutt eit godt framlegg, sjølv om han er litt kort. --M. Haugen 13. august 2011 kl. 20:37 (CEST)[svar]
35 29. aug Sherlock Holmes Forslag 1:
Sherlock Holmes og Dr. Watson

Sherlock Holmes er ein klassisk krimhet skapt av den engelske forfattaren Arthur Conan Doyle. Han er ein meisterdetektiv som brukar deduksjon som sitt beste hjelpemiddel.

Sherlock Holmes er hovudperson i meir enn 60 historier, inkludert fire romanar førte i pennen av Conan Doyle. Også seinere forfattarar har skrive Sherlock Holmes-historier, som Colin Dexter og Umberto Eco.

Holmes er mest truleg fødd i starten av 1854. Han starta som privatdetektiv i 1878 og trekte seg tilbake i 1903. Partnarskapen hans med dr. Watson starta i 1881. I samtida var forteljingane om Sherlock Holmes populære. Sherlock Holmes gjorde adressa si på Baker Street 221 B like så udøyeleg som han sjølv blei. Sjølv om adressa var fiktiv, er ho grunna populariteten til bøkene blitt oppretta, og Baker Street er såleis ei av dei mest kjende gatene i verda og eit populært turistmål.


-- Hogne 15. august 2011 kl. 14:45 (CEST)[svar]

Ja, den er god. --Ranveig 16. august 2011 kl. 12:53 (CEST)[svar]
Enig! --M. Haugen 22. august 2011 kl. 08:34 (CEST)[svar]

Skriveleif Nokon med retten til det bør fikse krimhet -> krimhelt på første linja. Larsivi 29. august 2011 kl. 10:17 (CEST)[svar]

36 05. sep Piemonte Forslag 1:
Barolo, rekna som ein av verdens beste vinar, vert produsert i Piemonte

Piemonte er ein av tjue regionar i Italia. Han har eit areal på 25 399 km², og har om lag 4,4 millionar innbyggjarar. Viktige byar er Torino, Novara, Alessandria, Asti og Cuneo. Elva Po renn gjennom regionen.

Piemonte er av dei rikaste regionane i Italia og viktige italienske selskap har setet sitt her, som bilprodusentane Fiat og Lancia (begge i Torino), næringsmiddelfabrikanten Ferrero (i Alba) og elektronikkselskapet Olivetti (i Ivrea). Piemonte er òg kjend som eit godt område for trøffelsanking og for vinar som Barolo og Barbaresco.



-- Hogne 15. august 2011 kl. 15:36 (CEST)[svar]

Ikkje ueffen. Me manglar no 6 artiklar, då. --Ranveig 28. august 2011 kl. 18:18 (CEST)[svar]
37 12. sep Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011 Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011 måndag 12. september - har me noko som passar? Denne veka eller veke 36? Hogne 8. april 2011 kl. 20:52 (CEST)[svar]
38 19. sep Krosstoga Forslag 1: Krosstoga
Omleiringa av Antioka frå eit miniaturbilete frå mellomalderen under det første krosstoget.

Krosstoga er historisk ein serie felttog av religiøs karakter som fann stad frå 1095 til 1291, dei fleste godkjende av paven for den romersk-katolske kyrkja. Det opphavlege målet var å tryggja kristen kontroll over Det heilage landet og Jerusalem, som var under muslimsk kontroll, etter at Austromarriket bad om hjelp til å stoppe den aukande makta til seljukane i Anatolia. Krosstoga medførte store overgrep mot sivile - mot jødar, muslimar og jamvel ortodokse kristne.

Krosstoga hadde store politiske, økonomiske og samfunnsmessige innverknader, og nokre av dei har varte inn i vår tid. Som følgje av indre stridar mellom dei kristne kongedøma og politiske stormaktene gjekk nokre av krosstoga bort frå dei opphavlege måla, slik som det fjerde krosstoget, som førte til plyndringa av den kristne Konstantinopel og oppdelinga av Austromarriket mellom Republikken Venezia og krossfararane. Det sjette krosstoget var det første krosstoget utan offisiell velsigning frå paven og gjorde at andre herskarar enn paven kunne sette i gong eit krosstog. Les meir …


Godt forslag! Mbh --M. Haugen 16. september 2011 kl. 06:49 (CEST)[svar]

39 26. sep Louis Pasteur Forslag 1:
Louis Pasteur i 1878.

Louis Pasteur (1822 - 1895) var ein fransk kjemikar og bakteriolog. Han er rekna som ein av grunnleggjarane av moderne mikrobiologi. Pasteur forska på bakteriar og sjukdom, og stod bak nye vaksinar, behandlingar og metoden seinare kalla pasteurisering.


Hogne 8. september 2011 kl. 13:20 (CEST)[svar]
Ein god kandidat, men samandraget var i korteste laget. Mbh --M. Haugen 20. september 2011 kl. 07:42 (CEST)[svar]

Utgåve og oppgåve er hokjønnsord, difor er det feil når det her står "éin «venstrehendt» og ein «høgrehendt» utgåve" og "ein viktig oppgåve".

Takk, retta. --Ranveig 26. september 2011 kl. 15:29 (CEST)[svar]
40 03. okt Dødsstraff Forslag 1:
Giljotin, eit apparat for avretting ved halshogging

Dødsstraff er ein straffemetode der ein tek livet av ein person som straff for eitt eller fleire brotsverk ein er dømd for.

Nesten alle samfunn har gjennom historia nytta dødsstraff. Dei vanlegaste brotsverka som har vore knytte til dødsstraff er drap, valdtekt og grov vald, men blasfemi og opposisjon til styremaktene er òg vorte straffa slik ei rekkje stader. Dødsstraff er avskaffa i dei fleste europeiske landa, men vert enno nytta i mange ikkje-vestlege land og i USA. Dei fyrste landa som avskaffa dødsstraff i grunnlova var Tyskland og Costa Rica i 1949. I Noreg var landssvik i krigstid knytt til dødsstraff fram til 1979 og den siste avrettinga (militær straffelov) vart utført i 1948. Den siste sivile dødsstraffa i Noreg vart utført i 1876.


~ Hogne 16. september 2011 kl. 13:11 (CEST)[svar]
God idé. Eg endra litt på tekstframlegget, håper det er greitt! --Ranveig 26. september 2011 kl. 13:26 (CEST)[svar]
Takk, alt vert betre med eit strok frå di hand! Egg legg over artikkelen! Hogne 26. september 2011 kl. 17:39 (CEST)[svar]
41 10. okt Tingvoll kommune Forslag 1:
Tingvoll kyrkje, som òg ofte blir kalla «Nordmørsdomen», vart truleg bygd ein gong mellom 1150 og 1200.

Tingvoll kommune ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunesenteret Tingvoll har gjeve namn til Tingvollhalvøya, ei halvøy mellom Tingvollfjorden i vest, Halsafjorden og Trangfjorden i aust og Freifjorden i nordvest. Tingvoll kommune vart mykje endra etter kommunerevisjonen i 1965. Etter denne revisjonen vart Tingvoll kommune mesta identisk med Tingvollhalvøya.

Garden Tingvoll, sentralt plassert midt på halvøya, har gjeve namn til kommunen. Allereie i forhistorisk tid meiner mange at dette har vore ein sentral stad, ikkje berre for lokalsamfunnet, men for heile Nordmøre. Tingvoll kyrkje, som òg ofte blir kalla «Nordmørsdomen», vart truleg bygd ein gong mellom 1150 og 1200.

Nordlegaste halvdelen av kommunen, Straumsnes, er prega av naboskapen til Kristiansund og Molde, medan den sørlege delen ligg nærmare industristaden Sunndalsøra. Riksveg 70 og E39 går gjennom kommunen, og det er i ferd med å utvikle seg eit nytt handelssenter på Aspøya der desse vegane møtest. Bergsøysundbrua knyter kommunen til Krifastsambandet.


Fint bilete av «Nordmørsdomen»! - Hogne 21. september 2011 kl. 15:45 (CEST)[svar]
42 17. okt Presidentar i USA Forslag 1:
Seglet til den amerikanske presidenten.

Presidentar i USA er eit oversyn over presidentar i USA sidan den amerikanske grunnlova vart verksam i 1789. Lista viser regjeringstida, partiet og visepresidentane til presidentane.

Den første presidenten i USA var George Washington. Barack Obama er den 44de. Fram til det 20. grunnlovstillegget vart vedteke 23. januar 1933 gjekk den nye presidenten inn i stillinga 4. mars. Etter dette tillegget vart datoen sett til 20. januar, og den første presidenten som vart teken i eid på denne datoen var Franklin D. Roosevelt då han byrja sin andre termin som president i 1937. les meir …


Alltid like aktuelt! - Hogne 21. september 2011 kl. 15:45 (CEST)[svar]
43 24. okt Menneskerettsfråsegna

Menneskerettsfråsegna er ei fråsegn om menneskerettar vedteken av Dei sameinte nasjonane si tredje generalforsamling den 10. desember 1948. Fråsegna vart vedteken med 48 lands ja-stemmer. Ingen land stemte mot. 8 land avsto frå å stemme.

Ifølge Guinness Rekordbok er Menneskerettsfråsegna det dokumentet som har blitt omsett til flest språk (omkring 330 språk pr. 2004).

Den første fråsegna om menneskerettar vart elles vedteken av den franske nasjonalforsamlinga i august 1789, etter den store franske revolusjonen var begynt.

Menneskerettsfråsegna inneheld 30 artiklar, den første lyder: «Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.» Les meir


Viktig og riktig! - Hogne 21. september 2011 kl. 16:03 (CEST)[svar]

44 31. okt Punkrock Forslag 1:

Punkrock er ein sjangar innan rock som utvikla seg mellom 1974 og 1976 i USA, Storbritannia og Australia. Han har røter i garagerock og andre former som i dag vert kalla «protopunk». Punkrockband prøvde å unngå populærrocken på 1970-talet og lagde ein rask, hard musikk med typisk korte songar, få instrument og ofte politiske og antisosiale tekstar. Punk omsluttar ein «gjer det sjølv»-haldning og mange av gruppene produserte sine eigne innspelingar og distribuerte dei gjennom uformelle kanalar.

Seint i 1976 hadde band som the Ramones i New York City og Sex Pistols og The Clash i London vorte anerkjend som fortroppen i ei ny musikalsk rørsle. I løpet av det neste året spreidde punken seg til resten av verda. Punk vart raskt, men kortvarig, eit stort kulturelt fenomen i Storbritannia. Stort sett hadde punk røter i lokale miljø som pleidde å sky unna det som vart rekna som populært (mainstream). Det oppstod ein punkkultur som uttrykte ungdommeleg opprør og med kjenneteikn som særeigne klede og forskjellige antiautoritære ideologiar.

I starten av 1980-åra hadde meir aggressive former som hardcore og Oi! vorte dominerande former for punkrock. Artistar som starta som, eller var inspirert av, punkband, utvikla post-punk og alternativ rock. Mot slutten av hundreåret klarte nye poppunkband som Green Day å gjere punkmusikken populær, fleire tiår etter han først starta.


Ein godt gjennomarbeida artikkel. Hogne 28. september 2011 kl. 14:00 (CEST)[svar]

Godt forslag! Imponerende artikkel! Mvh M. Haugen 24. oktober 2011 kl. 07:52 (CEST)[svar]
45 07. nov Den normanniske erobringa av England Forslag 1:
Vilhelm Erobraren går i land i England.

Den normanniske erobringa av England byrja i 1066 då kongedømet England vart invadert av hæren til Vilhelm Bastarden, hertug av Normandie, sidan kalla Vilhelm Erobraren. Vilhelm sigra i slaget ved Hastings, og dette resulterte i at normannisk kontroll over det angelsaksiske England vart handfast etablert. Den normanniske erobringa var ein vesentleg og omveltande hending i engelsk historie av fleire årsaker. Han fjerna i stor grad den eksisterande herskande klassen og erstatta han med eit utanlandsk fransktalande monarki, aristokrati og prestehierarki.

Dette førte til ei omforming av det engelske språket og kulturen i England. Ved at England vart underlagt herskarar som hadde opphavet sitt i Frankrike vart England knytt tettare til kontinentet medan den tidlegare skandinaviske innverknaden vart langt mindre eller bortimot opphøyrde. Det sat òg i gang ei rivalisering med Frankrike som kom til å fortsetje uavbroten dei neste 750 åra, frå 1066 og fram til 1815. Det hadde òg store konsekvensar for resten av Dei britiske øyane, ved at det la vegen open for ein normannisk invasjon av Wales og Irland, og omfattande inntrenging i aristokratiet i Skottland av normanniske og andre fransktalande familiar, og innføringa av føydalt system i sørlege Skottland. Det er viktig å merke at normannarane ikkje var skandinavar, sjølv om ein del av forfedrane deira var det. Det var fransk føydal mellomalderkultur som omforma England, ikkje norrøn.


46 14. nov Niels Henrik Abel Forslag 1: Niels Henrik Abel - Hogne 28. september 2011 kl. 14:23 (CEST)[svar]
47 23. nov Judit Polgár Forslag 1:
Judit Polgar Foto: Gennadiy Titkov

Judit Polgár (1976 - ) er ein ungarsk stormeister i sjakk. Ho er med god margin den sterkaste kvinnelege sjakkspelaren gjennom tidene. I 1991 klarte ho krava til tittelen Internasjonal stormeister i sjakk i ein alder av berre 15 år og 4 månader. Judit Polgár var den til då yngste spelaren som hadde klart krava til stormeistertittelen. Ho slo rekorden til Bobby Fischer frå 1958. Judit Polgár var pr 1. mars 2010 rangert som nummer 51 i verda på FIDE si ratingliste med ein FIDE-rating på 2682. Ho er den einaste kvinna på FIDE si liste over topp 100. Ho har på det beste for nokre år sidan vore rangert så høgt som nummer 8 i verda. Polgar er kjend for å ha ein agressiv spelestil, og spelar gjerne den skarpe sjakkopninga Siciliansk forsvar.

Judit Polgár er jødisk og medlemmar av hennar familie vart drepne i Holocaust.


Wikipedia vert skylda for å ha få artiklar om kvinner. Dette var ein av dei betre eg fann som ikkje tidlegare er vist på framsida. Har vi fleire? Hogne 29. september 2011 kl. 16:41 (CEST)[svar]

Eg vil gjerne oppdatere den + gjere noko med dei raude lenkjene - det er bra det er ei stund til veke 47... --Egil Arne 29. september 2011 kl. 18:24 (CEST)[svar]
God artikkel, og god grunngjeving. --M. Haugen 14. november 2011 kl. 10:15 (CET)[svar]
48 28. nov Mytologi Forslag 1:
Verdenstreet Yggdrasil er sentralt i norrøn mytologi.

Mytologi viser til ei mengd folkeminne, mytar, segner og legender som ein viss kultur meiner er sanne, og som ofte har overnaturlege trekk som tolkar naturlege hendingar for å forklare universet og menneskeslekta. Mytologi viser også til ei grein av kunnskapen som omhandlar innsamlinga, forskinga og tolkinga av mytar, også kjend som mytografi. Studiet av mytar frå fleirfaldige kulturar er kalla samanliknande mytologi, og er mellom anna ein del av vitskapen om religionshistorie, folkeminne og antropologi.


- Hogne 1. oktober 2011 kl. 15:19 (CEST)[svar]

49 05. des Baku Forslag 1:
Jomfrutårnet i den gamle bydelen i Baku

Baku er hovudstaden og den største byen i Aserbajdsjan. Han er òg den største hamenbyen i landet og i heile Kaukasus. Byen ligg på sørsida av Absjeronhalvøya og består i hovudsak av tre delar: gamlebyen (İçəri Şəhər), oljebyen frå tidleg 1900-tal og den sovjetisk bygde delen av byen. Dei fyrste skriftlege kjeldene nemner byen på 600-talet, men byen kan ha vore grunnlagd fleire hundre år før. Byen hadde i 2009 litt over 2 millionar innbyggjarar.

Byen er det økonomiske og kulturelle sentrumet i Aserbajdsjan. Mange store aserbajdsjanske institusjonar har hovudkvartera sine der, som SOCAR, eit av dei 100 største selskapa i verda. Økonomien i Baku er mykje grunna på petroleumsverksemd.

Gamlebyen i Baku i lag med Shirvanshahpalasset og Jomfrutårnet vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO i 2000.


- Hogne 1. oktober 2011 kl. 15:24 (CEST)[svar]

50 12. des Jaco Pastorius Forslag 1:
Astrid Lindgren rundt 1960.

Astrid Lindgren (1907 - 2002) var ein verdskjend svensk barnebokforfattar. Astrid Lindgren skreiv gjerne om litt opprørske og ulydige barn som gjorde mykje rart. Forteljingane hennar fortalde òg varmt om barn som mangla noko - som var fattige, ikkje kjende seg elska, eller sakna ein av eller begge foreldra sine.

Dei mest kjende hovudpersonane til Lindgren er Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget, Marikken, Mio, Kalle Blomqvist, Ronja Røverdatter, Tjorven, Brødrene Løvehjerte, Karlson på taket, Lotta i Bråkmakergata, Rasmus på loffen og barna i Bakkebygrenda.

Lindgren var aktiv i samfunnsdebatten. Ho tok klar stilling mot kjernekraft før folkeavstemminga i 1980, men det som engasjerte henne mest var borne- og dyrerettsspørsmål.


Treng kanskje litt ettersyn... Hogne 29. september 2011 kl. 16:52 (CEST)[svar]

Eg synest ikkje den artikkelen er verdt å visa fram endå. Kva med Jaco Pastorius? Den er rykande fersk, fin og gjennomarbeidd. --Ranveig 2. desember 2011 kl. 14:08 (CET)[svar]
Jaco ser fin ut. Mbh --M. Haugen 4. desember 2011 kl. 17:10 (CET)[svar]
51 19. des Eg synger jolekvad Forslag 1: Det er jul og kanskje det kan høve med:
Songen omtalar det strålande Jesusbarnet på morsfanget. Måleri av Jindřichův Hradec frå før 1400.

«Eg synger jolekvad» er ei nynorsk omsetjing av den tysk-latinske salmen «In dulci jubilo» frå 1300-talet. Songen handler om gleda over at frelsaren er fødd, og er ein utbreidd norsk julesong.

Første verset av teksten vert tilskriven dominikanaren Henrik Suso som døydde i 1366, mens dei tre neste versa truleg er skrivne til seinare. Salmen er opphavleg skriven som eit makaronisk dikt, det vil seie med vers som vekslar mellom to ulike språk. Slike dikt er kjende frå 900-talet i folkeleg dikting, og kom med denne salmen òg inn i den kyrkjelege diktinga. I Hans Thomissøns Psalmebog frå 1569 vart den tyske teksten omsett til dansk. Ved reformasjonen vart latinske salmar elles omsette til morsmålet for kyrkjebruk, men nokre slike tospråklege salmar vart ståande enno ei tid i salmebøkene som vart bruka i Danmark-Noreg. Teksten som i dag vert bruka på nynorsk byggjer på Martin Luthers tyske gjendikting frå 1533.

52 26. des Aasmund Olavsson Vinje Forslag 1:
Aasmund Olavsson Vinje

Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) var ein norsk forfattar, journalist, lærar og jurist.

Vinje var ein av dei fyrste etter Ivar Aasen sjølv som aktivt tok i bruk landsmålet, i både prosa og lyrikk. Med kjende dikt som «Våren», «Ved Rundarne», «Den dag kjem aldri» og «Blåmann», har han vorte ståande for ettertida som ein av dei mest folkekjære lyrikarane i Noreg. Lyrikken hans vart til i overgangstida mellom Henrik Wergeland sin død i 1845 og det såkalla moderne gjennombrotet, og vert gjerne litteraturhistorisk plassert under den poetiske realismen.

Han var dessutan ein markant føregangsmann innanfor norsk journalistikk, både som Christiania-korrespondent i Drammens Tidende og med sitt eige blad Dølen. Vinje markerte seg som ein retorisk medviten kritikar av både samfunnstilhøve, politikk og litteratur, og som ein som hadde tvisyn, altså som såg sakene frå to sider.



Fin start på det nye året?
- Hogne 8. september 2011 kl. 13:41 (CEST)[svar]
Fin den! --Ranveig 4. desember 2011 kl. 13:48 (CET)[svar]