Wikipedia:Utvald artikkel/Kandidatkalender 2014

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024

Diskusjonar: 200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024



I dag er det fredag, 29. mars 2024Oppdater sida


2014-kalender med mulige emne for Utvald artikkel[endre wikiteksten]

Om status for kvar artikkel, sjå Wikipedia:Utvald artikkel/Kandidatar.

Veke Frå dato Artikkel Anna
52 23. des

(2013)

Gosforthkrossen == Forslag 1: Gosforthkrossen ==

Grundig artikkel om eit kristent symbol med norrøne innslag. Passar utmerka til jul. --Ranveig (diskusjon) 7. oktober 2013 kl. 11:26 (CEST)[svar]

1 30. des (2013) Newtons rørslelover Forslag 1: Newtons rørslelover
Newtons tredje lov: Når ei kraft verkar på ein lekam, verkar ei like stor og motsett retta kraft frå lekamen. Skøyteløparane vil begge skli bakover når den eine skyver den andre.

Newtons rørslelover er tre fysiske lover som i lag legg grunnlaget for klassisk mekanikk. Dei skildrar forholdet mellom ein lekam og kreftene som verkar på han, og rørsla desse kreftene skapar. Dei har vorte formulerte på mange måtar i løpet av dei nesten 300 åra sidan Isaac Newton først formulerte dei, og kan oppsummerast som følgjer:
1. Newtons første lov: Når resultanten av alle kreftene som verkar på ein gjenstand er lik null, er gjenstanden i ro eller i rørsle med konstant fart langs ei rett linje.
2. Newtons andre lov: Akselerasjonen til ein lekam er direkte proporsjonal til, og same retninga, som nettokrafta som verkar på lekamen og omvendt proporsjonal til massen til lekamen. Det vil sei at F = ma, der F er nettokrafta som verkar på lekamen, m er massen til lekamen og a er akselerasjonen til lekamen.
3. Newtons tredje lov: Når ei kraft verkar ein lekam, verkar ei like stor og motsett retta kraft frå lekamen.

Dei tre lovene vart først nedskriven av Isaac Newton i hans Philosophiæ Naturalis Principia Mathematica (Matematiske prinsipp i naturfilosofien), som først vart publisert i 1687.

Den newtonske mekanikken er i dag erstatta av spesiell relativitet, men er framleis nyttig som ei tilnærming når hastigheitene som er involvert er mykje mindre enn lysfarten. Les meir …

2 06. jan Brahmaputra Det er nokre feil i teksten; kjelde er hokjønnsord, så det skal stå «Dei nedre delane er ei livsviktig vasskjelde for bønder» og «som ei vasskjelde til glede for himmelske skapningar og menneske». Dessutan er «valdsam» ikkje normert, og voldsom plar gjevast anna omsetjing i bokmål-nynorsk-ordlister.

«Brahmaputra spring ut nær Kailasfjelllet, som er heilag for hinduismen, buddhismen, djainismen og den tibetanske bön-religionen.» Viss det er fjellet som er heilagt må det stå heilagt, ikkje heilag i setninga over. Men då vert neste setninga, «Tibetanarane kallar henne mellom anna «mor-elva».» litt uklar/forvirrande. Er elva mor-elva fordi ho spring ut ved eit heilagt fjell?

Dette ligg ute på framsida no, og eg kan ikkje endre det. --46.15.232.105 6. januar 2014 kl. 19:21 (CET)[svar]

Takk for innspel! Eg utførte rettingane og fjerna mor-elva - tekstutvalet bør verken vera for langt eller forvirrande. --Ranveig (diskusjon) 6. januar 2014 kl. 19:28 (CET)[svar]
3 13. jan Gangesdeltaet Forslag 1: Gangesdeltaet - skal vi fortsette med store vassystem?
Solnedgang i nasjonalparken Sundarbans

Gangesdeltaet er verdas største elvedelta. Det ligg ved Bengalbukta i Bangladesh og India ved munningen av fleire elvar, ei av dei Ganga, som har gjeve namn til deltaet. Området er svært fruktbart, og brødfør fleire hundre millionar menneske. Det er også flatt og lågtliggande, og dermed utsett for naturtrugsmål som flaum og havstiging.

Deltaet er om lag 350 km breitt der det renn ut i Det indiske havet via Bengalbukta. Flatevidda varierer i ulike kjelder, frå 60 000 km² til 130 000 km². Dei tre elvane som møtest i deltaet er nedre Ganga, som heiter Padma eller Pôdda i Bangladesh, nedre Brahmaputra, (Djamuna eller Djomuna), og Meghna. Utløpet av Hugli, ei sideelv til Ganga, blir gjerne rekna som den austre enden av deltaet. Ved denne elva ligg dei indiske hamnebyane Kolkata og Haldia. Aust for Gangesdeltaet ligg Chittagong, ein anna viktig hamneby til Det indiske havet, medan hamna Mongla ligg midt i. Les meir …


Hogne (diskusjon) 6. januar 2014 kl. 13:11 (CET)[svar]
4 20. jan Jens Tvedt Forslag 1: Jens Tvedt:
Jens Tvedt i Norsk aarbok, 1935

Jens Tvedt (1857 - 1935) var ein norsk forfattar som for det meste skreiv på nynorsk. Han var fødd i Kvinnherad, og var lærar fram til 1899. I 1885 vart han tilsett ved Stavanger bibliotek, i 1901 vart han sjefsbibliotekar.

Totalt skreiv han 25 bøker, alle på klassisk, elegant nynorsk. Sjølv om han budde 50 år i Stavanger er miljøet henta frå eit fjordlandskap som minner om barndomens Sunnhordland. Bøkene er godt fortalde, velskrivne og fulle av lun humor. Frå 1919 fekk Tvedt statens forfattarløn.

Knut Hamsun skreiv i 1939:

«Det må komme en samlet utgave av Jens Tvedts beste bøker. Han var en folkelivsskildrer av rang, ekte i sin kjensle og trøysom i sin fortellermåte. Ingen vil angre på å lese ham.»

Les meir …


~ Hogne (diskusjon) 9. januar 2014 kl. 11:04 (CET)[svar]
5 27. jan Den franske og indianske krigen Forslag 1: Den franske og indianske krigen:
Møte mellom dei franske og indianske leiarane rundt eit seremonibål.

Den franske og indianske krigen, òg kalla Erobringskrigen og òg omtalt som ein del av den større konflikten, Sjuårskrigen, vart utkjempa i Nord-Amerika mellom 1754 og 1763. Namnet Den franske og indianske krigen syner til dei to hovudfiendane til Storbritannia: dei kongelege franske styrkane og forskjellige indianastammer i Nord-Amerika. Konflikten var den fjerde kolonikrigen mellom Frankrike og Storbritannia og medførte at Storbritannia erobra Canada. Resultatet av krigen var eit av dei viktigaste i løpet av ein hundreårsperiode med krig mellom dei to landa. Frankrike og Spania var allierte i krigen, og for å kompensere tapet til Spania av Spansk Florida til britane, gav Frankrike Louisiana vest for Mississippielva til Spania. Frankrike sine koloniar nord for Karibia vart redusert til småøyane i Saint Pierre og Miquelon og stadfesta Storbritannia som den dominerande kolonimakta i Nord-Amerika. Les meir …

6 03. feb Stjørdal kommune Forslag 1: Vi har ein del kommunar som eg meiner er klare for framsida, skal vi ta fire i februar?

Hogne (diskusjon) 19. januar 2014 kl. 22:43 (CET)[svar]

Ja, dei er fine, men Asker kommune har ingen kjelder for den lange teksten sin. Det står ikkje om han er omsett ein gong. Om han skal veljast ut, gjer det i så fall sist i rekkja så me kan prøva finna nokre kjelder. --Ranveig (diskusjon) 21. januar 2014 kl. 10:16 (CET)[svar]
OK, eg har bedt Asker og Bærum historielag sjå på artikkelen om Asker, og dei hadde nokre innspel. Kva med denne rekkefølgja:
~~ Hogne (diskusjon) 29. januar 2014 kl. 09:12 (CET)[svar]
7 10. feb Kvæfjord kommune Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 7, 2014
8 17. feb Gulen kommune Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 8, 2014
9 24. feb Asker kommune Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 9, 2014
10 03. mar 1714 ==Forslag 1: 1714 ==

Kanskje me kan ha nokre jubileumsår på framsida? 1714 først, så 1814 og 1914 til passande tider. Denne veka er det om lag 300 år sidan Den spanske arvefølgjekrigen (delvis) slutta og Den store ufreden i Sverige og Finland byrja. --Ranveig (diskusjon) 16. februar 2014 kl. 13:24 (CET)[svar]

Ja, det er ein god idé! Lagar du eit utkast, Ranveig? Hogne (diskusjon) 24. februar 2014 kl. 11:16 (CET)[svar]
Det er kasta. --Ranveig (diskusjon) 24. februar 2014 kl. 19:31 (CET)[svar]
Eit framifrå kast var det! Hogne (diskusjon) 26. februar 2014 kl. 13:53 (CET)[svar]
11 10. mar Krimkrigen Forslag 1: Krimkrigen. Skal vi freiste vere historiske og aktuelle?
Russiske svartehavsflåten ved slaget ved Sinope, 1853

Krimkrigen var ein krig utkjempa frå 1853 til 1856 mellom Russland på den eine sida og eit forbund mellom Frankrike, Storbritannia, Sardinia-Piemonte og Det osmanske riket på den andre. Krigen har namn etter Krimhalvøya, der dei fleste slaga stod, men det blei også kjempa vest i Tyrkia, i Austersjøen, Kvitehavet og i det russiske fjerne Austen.

Krigen slutta med russisk nederlag ved Sevastopol den 11. september 1855. Tsar Aleksander II, som hadde overteke styret då faren Nikolai I døydde 2. mars, underskreiv fredsavtalen ved Paris-kongressen den 30. mars 1856.

Blant dei best kjende hendingane under krigen er det fåfengde åtaket til den lette brigaden frå den britiske hæren, som blei vidkjend mellom anna gjennom Alfred Tennyson sitt dikt «The Charge of the Light Brigade». Krimkrigen var også eit ledd i utvikling av moderne krigføring, gjennom taktisk bruk av jernbane og telegraf, sjukepleie, gjennom arbeidet til Florence Nightingale og Mary Seacole, og nyhendereportasje gjennom krigskorrespondentar og fotografar. Les meir …

Uff, håper me er svært lite aktuelle med det valet! Men me kan gjerne vera historiske. --Ranveig (diskusjon) 4. mars 2014 kl. 17:21 (CET)[svar]
12 17. mar Bernhard Herre Forslag frå Moglege Framsideartiklar: Bernhard Herre.
~ Hogne (diskusjon) 7. mars 2014 kl. 15:37 (CET)[svar]
Bernhard Herre

Bernhard Herre (1812-1849) var ein norsk forfattar kjend for boka En Jægers Erindringer. Den vesle samlinga inneheld fem korte prosaperler med melankolske naturstemningar frå Herre sine mange og lange jaktturar i Nordmarka og på Krokskogen.

Etter at Herre var død innsåg Johan Sebastian Welhaven og Peter Christen Asbjørnsen at dei skissene som låg igjen etter han hadde såpass litterære kvalitetar at dei var verd ei utgjeving. Dei normaliserte nokre dialektuttrykk dei meinte ikkje passa i ei litterær tekst og gav i 1850 ut En Jægers Erindringer. Dei poetiske natursansingane til Herre har fascinert fleire generasjonar, og boka har kome ut i fleire opplag. I 1860-åra blei ho utgjeve på svensk i samlinga Skizzer från Norge. Les meir ...

13 24. mar Dopplereffekten Forslag frå Moglege Framsideartiklar: Dopplereffekten.
~ Hogne (diskusjon) 7. mars 2014 kl. 15:38 (CET)[svar]
14 31. mar Kantjendjunga Forslag frå Moglege Framsideartiklar: Kantjendjunga.
~ Hogne (diskusjon) 7. mars 2014 kl. 15:41 (CET)[svar]
15 07. apr Standardmodellen Forslag 1: Standardmodellen:
Oversyn over vekselverknad mellom partiklar i standardmodellen

Standardmodellen i partikkelfysikken er ein teori som skildrar dei tre naturkreftene fargekraft, svak kjernekraft og elektromagnetisme, og elementærpartiklane. Han inneheld dei lovene som styrer korleis partiklane og kreftene oppfører og utviklar seg. Dette er grunnlaget for korleis atom er bygde opp og knyt seg saman til molekyl, og dermed all vanleg materie rundt oss.

Standardmodellen er ein kvantefeltteori (QFT) som er konsistent med den spesielle relativitetsteorien. Kvantisering av bølgjefunksjonen er det som gjev opphav til partiklar. I standardmodellen er alle felt kvantisert. Standardmodellen skildrar ikkje gravitasjon og er dermed ikkje kopla til den generelle relativitetsteorien. Ein veit i dag at dei partiklane som i dag blir skildra av standardmodellen berre utgjer omtrent 2–4 % av all masse og energi i det observerbare universet. Les meir …


Hogne (diskusjon) 28. mars 2014 kl. 11:51 (CET)[svar]
16 14. apr Anarkisme Forslag 1 frå moglege framsideartiklar:
Det svarte anarkist-flagget med det uoffisielle symbolet til rørsla, ein A i ein sirkel.

Anarkisme tyder opphavleg "fråver av styresmakt" og blir av mange oppfatta som ei retning innan sosialismen, som i tillegg til å vere mot kapitalismen også vil avskaffe staten. Anarkistar flest tar derfor avstand frå politisk verksemd i vanleg tyding, som går ut på å skaffe seg makt innanfor staten (sosialdemokratar, demokratiske sosialistar) eller opprette ein ny stat (kommunistar). I motsetnad til den sentralistiske staten som styrer ovanfrå gjennom eit hierarki, er tanken at det anarkistiske samfunnet skal byggjast etter ei horisontal organisering av friviljuge samanslutningar av suverene einskildmenneske. Desse samanslutningane skal vonleg greia å samarbeida til alle sitt sams beste gjennom ein føderasjon, etter prinsippet om å yta etter evne og få det ein treng.

Anarkistiske idéar i Noreg har hovudsakleg vore hevda av ulike intellektuelle miljø, og er for det meste haldne fram av forfattarar. Mellom dei fyrste som kalla seg anarkistar i landet, var Arne Garborg og Ivar Mortenson-Egnund. Ein annan anarkistisk forfattar frå same tidbolken var Hans Jæger, som i 1908 gav ut bokverket Anarkiets bibel. I nyare tid har Jens Bjørneboe vore den fremste målsmannen for anarkismen i Noreg. Les meir …


~~ Hogne (diskusjon) 4. april 2014 kl. 13:23 (CEST)[svar]
17 21. apr Salvar kamíz Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 17, 2014
18 28. apr Eldlandet Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 18, 2014
19 05. mai Norsk planleggingshistorie Forslag 1: Norsk planleggingshistorie - - Hogne (diskusjon) 28. april 2014 kl. 09:38 (CEST)[svar]
Ja, framifrå artikkel. --Ranveig (diskusjon) 28. april 2014 kl. 10:50 (CEST)[svar]
20 12. mai Den norske grunnlova ==Forslag 1: 1814==

200 år sidan ein viss grunnlov var ferdig. --Ranveig (diskusjon) 16. februar 2014 kl. 16:55 (CET)[svar]

Det var altså artikkelen om året eg meinte (1814). Grunnlovsartikkelen er ikkje så fælt grundig og jubileumsklar, er han? --Ranveig (diskusjon) 8. mai 2014 kl. 10:32 (CEST)[svar]
Tja, han ser ut til å vere korrekt, har bilete og er aktuell. Eg meiner det held. Hogne (diskusjon) 8. mai 2014 kl. 11:44 (CEST)[svar]
Eg ser rot (oppattaking i innleiinga), kjeldemangel og store hòl (kvar er jødeparagrafen? Eller noko som helst av det noverande innhaldet?). Men aktuelt er det jo. --Ranveig (diskusjon) 8. mai 2014 kl. 11:57 (CEST)[svar]
21 19. mai 1814 Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 21, 2014
22 26. mai Tyrkiske språk Forslag 1: Tyrkiske språk
~ Hogne (diskusjon) 19. mai 2014 kl. 09:24 (CEST)[svar]
23 02. jun Jotunheimen Forslag 1: Jotunheimen

~ Hogne (diskusjon) 19. mai 2014 kl. 09:24 (CEST)[svar]

24 09. jun Innvandring Forslag 1: Innvandring
~ Hogne (diskusjon) 19. mai 2014 kl. 09:29 (CEST)[svar]
25 16. jun Andrzej Panufnik == Forslag 1: Andrzej Panufnik ==

Passe lengd, ein god del lenkjer med innhald i andre enden, litt ukjend emne (i det minste for meg) er vel også bra. --Ranveig (diskusjon) 8. juni 2014 kl. 20:05 (CEST)[svar]

Godt forslag. Mvh --M. Haugen (diskusjon) 9. juni 2014 kl. 21:57 (CEST)[svar]
26 23. jun Pisa ==Forslag 1: Pisa ==

Lang artikkel om spennande by. Me har også tid til å leggja til kjelder, ordna lenkjer og generelt finpussa han om nokon vil. --Ranveig (diskusjon) 8. juni 2014 kl. 20:08 (CEST)[svar]

27 30. jun Ongul == Forslag 1: Ongul ==

Fiske er kanskje ein sommarting for nokon? Spennande artikkel om ein liten dings. --Ranveig (diskusjon) 8. juni 2014 kl. 20:10 (CEST)[svar]

28 07. jul Eidsvoll kommune Kommunesommar?
Veke 28 Eidsvoll kommune
Veke 29 Leikanger kommune
Veke 30 1914
Veke 31 Gloppen kommune
Veke 32 Fedje kommune
Veke 33 Lærdal kommune - artikkelen treng litt oppdatering!

~~ Hogne (diskusjon) 30. juni 2014 kl. 09:01 (CEST)[svar]

Eg føreslår å berre bruka artiklar som er ganske greie allereie, slik at me ikkje vel Lærdal i denne runden -- me kan jo ha fire flotte kommunerartiklar til seinare på året. Men dei andre er framsideverdige. --Ranveig (diskusjon) 30. juni 2014 kl. 13:09 (CEST)[svar]
29 12. jul Leikanger kommune Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 29, 2014
30 21. jul 1914 ==Forslag 1: 1914==

100 år sidan julikrisa, opptakten til første verdskrigen (eventuelt neste veke, då krig først blei erklært 28. juli). --Ranveig (diskusjon) 16. februar 2014 kl. 16:58 (CET)[svar]

31 28. jul Gloppen kommune Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 31, 2014
32 02. aug Fedje kommune Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 32, 2014
33 11. aug Woody Guthrie
{{{2}}}

Forslag 1: Woody Guthrie

Hogne (diskusjon) 4. august 2014 kl. 11:57 (CEST)[svar]
34 18. aug Informasjon
{{{2}}}

Forslag 1: Informasjon

Hogne (diskusjon) 4. august 2014 kl. 14:29 (CEST)[svar]
35 25. aug Hersketeknikk Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 35, 2014
36 01. sep Paul Robeson
Paul Robeson kring 1930

Paul Robeson (1898-1976) var ein amerikansk barytonsongar og skodespelar som også markerte seg som aktivist for borgarrettar og sosialisme. Som skodespelar utmerkte Robeson seg med rolla som Joe i musikalen Show Boat, der han la lista med si framføring av «Ol' Man River», og med tittelrolla i Othello av Shakespeare. Som songar var han særleg kjend for sine spirituals, som han spelte inn på grammofon og turnerte med i ei rekkje land. Han vitja Oslo i 1949.

Etter at andre verdskrigen braut ut heldt Robeson seg i USA, der han blei framheva som Amerikas «no.1 entertainer» og samstundes uglesett for sine politiske haldningar. Som ihuga borgarrettsforkjempar og støttespelar for fagorganiseringar og kommunisme blei han svartelista frå media og gjeven utreiseforbod frå USA. I 1958 blei utreiseforbod mot mistenkte kommunistar oppheva av høgsteretten i USA og han la ut på ein verdsturné. Les meir …

37 08. sep Navier-Stokes-likningane Forslag 1: Navier-Stokes-likningane:
Navier-Stokes-likningane

Navier-Stokes-likningane er eit sett av likningar som skildrar rørsla til ei væske eller ein gass, og er kalla opp etter Claude-Louis Navier og George Gabriel Stokes. Dei er nokre av dei mest nyttige likningane ein har, fordi dei skildrar fysikken i mange forskjellige fenomen av akademisk og økonomisk interesse. Dei vert nytta for å skildre vêret, havstraumar, vasstraum i røyrleidningar, rørslene til stjerner i ein galakse, og luftstraum rundt ei vengje. Desse likningane, både den fulle utgåva og enklare utgåver, vert derfor brukt i design av luftfartøy og bilar, i studiet av blodkrinslaup, design av kraftstasjonar, analyser av kva effekt forureining har osv. I lag med Maxwell-likningane kan dei òg brukast til å modellere og studere magnetohydrodynamikk. Les meir …

38 15. sep Johnny Cash Forlsag 1: Johnny Cash
Johhny Cash frå ein konsert i fengelset San Quentin i 1969
Johnny Cash (1932-2003) var ein velkjend countryartist og skodespelar frå Arkansas i USA. Stilen spenner over eit vidt spekter, med element av country, rock and roll, blues og spirituals. Cash var kjent for si fyldige baryton-røyst.

Johnny Cash vaks opp under den store depresjonentrettitalet, og arbeidde på familiegarden der dei dyrka bomull, soya, mais og grønsaker. Opplevingane frå denne tida har gjeve attklang i songane hans, som songar om fattigdom og, ved eitt høve, flaum. Ei anna skilsetjande hending var dødsulukka der den to år eldre broren Jack blei kvesta i ei sag. Dødsfallet hans over ei veke seinare gjekk sterkt inn på Cash. Les meir …

39 22. sep Det nyassyriske riket Forslag 1: Det nyassyriske riket:
Kostyma til ein assyrisk ypparsteprest til venstre og ein konge til høgre.

Det nyassyriske riket var eit rike i Mesopotamia som byrja i 934 f.Kr. og enda i 609 f.Kr. I løpet av denne perioden tok Assyria ein posisjon som den mektigaste nasjonen på jorda, og overgjekk Babylonia, Egypt, Urartu/Armenia og Elam i dominansen av Midtausten, Anatolia, Kaukasus, Nord-Afrika, og den austlege delen av Middelhavet. Ein del forskarar har vurdert det nyassyriske rike som det første reelle imperiet i historia til menneska.

Det nyassyriske riket vart til sist overvunne av ein samanslutning av babylonar, mediarar, skytarar og andre i slaget ved Nineve i 612 f.Kr. Seinare vart både Babylonia og Assyria provinsar av Persarriket. Sjølv om assyrarane under kongedømmet til Asurbanipal øydela den elamittiske sivilisasjon, fekk den assyriske kulturen ein innverknad på det etterfølgjande riket til mederane og persarane, indoeuropeiske folk som tidlegare hadde vorte dominerte av Assyria. Les meir …

40 29. sep Storøya i Eldlandet Forslag 1:Storøya i Eldlandet
Marinelli isbreen

Storøya i Eldlandet er ei øy nær sørspissen av Sør-Amerika, skilt frå kontinentet av Magellansundet. Den vestlege delen av øya ligg i Chile, i provinsane Tierra del Fuego og Antártica Chilena. Den austlege delen av øya høyrer til Argentina, i provinsen Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur. Øya utgjer størstedelen av landmassane i øygruppa som heiter Eldlandet (Tierra del Fuego).

Storøya i Eldlandet har ei flatevidd på 47 992 km², noko som gjer henne til den 29. største øya på jordkloten. Storøya er det viktigaste busetnadsområdet i heile øygruppa Eldlandet. Til saman bur det over 130 000 menneske på Storøya. Av desse lever over 120 000 på den argentinske delen, der dei største byane ligg. Les meir …

41 06. okt Genesis
Genesis i 2007

Genesis er ei engelsk rockegruppe som vart danna i 1967. Bandet består i dag av dei tre lengstvarande medlemmane - Tony Banks (klaverinstrument) og Mike Rutherford (bass, gitar), som var med på å starte bandet, og Phil Collins (vokal, trommer), som kom med i bandet i 1970. Dei tidlegare medlemmane Peter Gabriel (vokal, fløyte), Steve Hackett (gitar) og Anthony Phillips (gitar), har òg spelt store roller i bandet i dei første åra av bandet. Genesis er av dei 30 mestseljande banda i verda og har seld kring 150 millionar album verda over.

Bandet var på høgda på 80-talet med studiealbum som «Duke», «Abacab», «Genesis» og «Invisible Touch» og singlar som «Mama», «That's All», «Taking It All Too Hard» «Throwing It All Away», «In Too Deep», «Tonight, Tonight, Tonight» og «Land of Confusion». Les meir …

42 13. okt Tradisjonelle norske bruksbåtar ==Forslag 1: Tradisjonelle norske bruksbåtar ==
Nordlandsbåtar

Tradisjonelle bruksbåtar er ei vanleg nemning på båttypar som var i bruk fram til motoriseringa av fiskeria. Ein skil mellom austnorsk og vestnorsk båtbyggartradisjon. Skiljet går mellom Jæren og Agder.

Kjenneteikn på austnorske båtar er at dei er breie og djupe; gode å segle, men tunge å ro. Det vert brukt rorkultroret. I området der ein brukar desse båtane er skiljet mellom flo og fjøre lite. Ein har mindre trong om å drage dei på land. Ofte ror ein båtane inn i båthuset og lèt dei ligge på vatnet. Det er difor ikkje noko krav om at båtane skal vere lette. Den austnorske båttradisjonen er ein del av ein tradisjon som og omfattar Bohuslän og Kattegatområdet.

Vestlandsbåtar er smalare, lettare og meir lettrodde samanlikna med austnorske båtar. Overgangen mellom kjøl og stamn er meir avrunda ved at det vert innsett eit overgangstykke, lottet eller stemnet. Medan forholdet mellom lengd og breidd gjerne er 3:1 på austnorske båtar, er det 4:1 eller meir på vestnorske. Dei vestnorske er bygde av færre bord enn austlandsbåtane. På vestnorske båtar finn ein til vanleg keipar og firkanta årar som ikkje vert vridde under roing. Les meir …

43 20. okt Den antarktiske halvøya Forslag 1: Den antarktiske halvøya

Den antarktiske halvøya

Den antarktiske halvøya er den nordlegaste delen av fastlandet i Antarktis. Ved overflata er ho den største halvøya i Antarktis og strekkjer seg 1300 km frå ei linje mellom Cape Adams (Weddellhavet) og eit punkt på fastlandet sør for Eklund Islands. Under isdekket som dekkjer Den antarktiske halvøya består ho av ei rekkje øyar som er skild av djupe kanalar. Kanalane er dekte av isen, men botnen av dei ligg godt under havnivå. Eldlandet, den sørlegaste delen av Sør-Amerika, ligg berre kring 1000 km unna på andre sida av Drakesundet.

Det ligg for tida mange forskingsstasjonar på Den antarktiske halvøya og fleire nasjonar har gjort krav på området. Halvøya er ein del av dei overlappande kravområda til Argentina, Chile og Storbritannia. Ingen av desse krava er internasjonalt anerkjente og dei respektive landa følgjer ikkje i dag aktivt opp desse krava. Les meir …

44 27. okt Nasjon Forslag 1: Nasjon

Ein interessant, gjennomdrøfta artikkel. --Ranveig (diskusjon) 15. oktober 2014 kl. 17:31 (CEST)[svar]

45 03. nov Pave Pius VII Forslag 1: Pave Pius VII
Pave Pius VII

Pave Pius VII (1740 - 1823) var pave frå 14. mars 1800 til han døydde i 1823. Han var den 251. i paverekkja. Sentralt i pavetida hans var tilhøvet til Frankrike under Napoleon, som hadde stor makt over pavestaten.

Paven og regimet til Napoleon inngjekk avtalen kjend som Konkordatet i 1801. I 1804 blei Pius VII tvinga til å reisa til Paris for å krona Napoleon til keisar i ein seremoni der Napoleon sjølv sette krona på hovudet sitt. I 1806 erklærte Napoleon at ettersom han var keisar, var paven de facto undersåtten hans, og han forventa at paven ville gripa inn mot motstandarane til Napoleon som oppheldt seg i Kyrkjestaten. Frå 1808 okkuperte styrkane til Napoleon denne staten. Natt til 6. juli 1809 blei paven arrestert og heldt i fangenskap i nesten fem år. I denne tida forsøkte Napoleon ei rekkje gonger å få makt over den katolske kyrkja.


46 10. nov Al-Jazira i Mesopotamia Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 46, 2014
47 17. nov Angela Burdett-Coutts Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 47, 2014
48 24. nov Antistoff Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 48, 2014
49 01. des Europa Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 49, 2014
50 08. des Kyrkje ==Forslag 1: Kyrkje ==
Voll kyrkje i Måndalen

Ei kyrkje er eit vigsla sakralbygg for kristne gudstenester, bøn og andre rituelle handlingar. Kyrkjer finst i mange arkitektoniske former, men gjennom historia er det etablert visse hovudformer som går igjen. Det vanlegaste er å dele inn etter plantype (arkitektonisk form) og rang eller funksjon.

Ei soknekyrkje er primærkyrkja i eit sokn, altså den kyrkja kyrkjelyden i eit distrikt normalt soknar til. Kvart sokn har derfor alltid ei soknekyrkje, men soknepresten kan fungere i fleire sokn samstundes. Katedral er det same som ei domkyrkje eller biskopkyrkje, det vil seie hovudkyrkja i eit bispedømme der biskopen har sitt sete. Les meir …

51 15. des Lys == Forslag 1: Lys==
Sola er den viktigaste lyskjelda for jorda.

Lys eller ljos er elektromagnetisk stråling som er synleg for det menneskelege auga og er grunnlaget for synsansen. Synleg lys er ein grunnleggjande faktor i vera til mennesket og andre organismar. Tilhøva mennesket har til ljoset har alltid hatt både praktiske, kjenslemessige og intuitive aspekt som uløyseleg hengjer saman, og det er få eller ingen andre ord som har så djupe og allsidig forgreina røter i kulturhistoria.

Dei viktigaste eigenskapane til synleg lys er intensitet, forplantingsretning, frekvens eller bølgjelengd og polarisering. Lysfarten i vakuum er 299 792 458 meter per sekund og er ein av dei fundamentale konstantane i naturen. I daglegtalen seier ein oftast at lyset har ein fart på 300 000 km i sekundet. Både synleg lys og all anna elektromagnetisk stråling flyttar seg alltid med denne farten i vakuum.

52 22. des Julebukk Forslag til juleartikkel Julebukk
Utkledde ungar på julefrimerke frå Ukraina. Å kle seg ut og synga julesongar for å få god mat som løn er den vanlegaste tydinga av «julebukk» i dag.

Julebukk eller julegeit er eit fleirtydig omgrep med røter i førkristen juletradisjon og bondekultur. Julebukk var dels namnet på geitebukken som blei slakta til jul, dels namnet på ein bukkefigur som dukka opp då, anten som ein oppsett figur eller som ein utkledd person. Julebukk viser au til «å gå julebukk», altså å kle seg ut og gjennom opptreden be om mat og drikke i romjula. Det finst liknande skikkar i heile Europa. Det er blitt vanleg å ha små og store halmbukkar, gjerne pynta med raude band, som julepynt. Dei minste bukkane kan henga på juletreet, medan dei største, som den tretten meter høge Gävlebocken, blir sett opp som utandørs juledekorasjonar. Les meir …

1 29. des 2014 ==Forslag 1: 2014==

Me har hatt fleire hendingsrike år på framsida i 2014. Om artikkelen om året blir oppdatert kunne me kanskje avslutta med 2014, der det også har skjedd ein del? --Ranveig (diskusjon) 27. september 2014 kl. 16:33 (CEST)[svar]