Wikipedia:Utvald artikkel/Kandidatkalender 2015

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024

Diskusjonar: 200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024



I dag er det torsdag, 25. april 2024Oppdater sida


2015-kalender med mulige emne for Utvald artikkel[endre wikiteksten]

Om status for kvar artikkel, sjå Wikipedia:Utvald artikkel/Kandidatar.

Veke Frå dato Artikkel Anna
1 29. des (2014) 2014 ==Forslag 1: 2014==

Me har hatt fleire hendingsrike år på framsida i 2014. Om artikkelen om året blir oppdatert kunne me kanskje avslutta med 2014, der det også har skjedd ein del? --Ranveig (diskusjon) 27. september 2014 kl. 16:33 (CEST)[svar]

2 05. jan Augustin av Hippo Forslag 1: Augustin av Hippo.
Statue av Augustin

Augustin av Hippo (354-430) var ein nordafrikansk geistleg og teolog. Han var biskop av Hippo og ein av dei største teologane i Oldkyrkja. Augustin vert rekna som ein av dei vestlege kyrkjelærarane, er helgen i katolsk og ortodoks kristendom, og har ei viktig stilling innan protestantisk kristendom. Hans Confessiones (Bekjennelser) er rekna som ein forløpar for den vestlege sjølvbiografien.

Dogmet om arvesynden er eit resultat av Augustin sine tankar om menneskenaturen. Augustin utforma òg predestinasjonslæra, som seier at Gud ein gong for alle har valt visse menneske til evig saligheit og andre til evig fortaping. Augustin si utlegning av læra om Den heilage treeininga har tydd mykje for den seinare forståinga av treeininga. Les meir...

3 12. jan Firetaktsmotor Forslag 1:

Firetaktsmotor er ein forbrenningsmotor med fire arbeidstakter. Den vanlegaste byggemåten er ein stempelmotor med lineær rørsle, men motorar med roterande stempel (wankelmotorar) er òg som oftast firetaktsmotorar. Ei takt i ein firetakts stempelmotor er rørsla til stemplet frå øvre til nedre daudpunkt, eller omvendt. Ei takt svarar til ei halv omdreiing av veivakselen.

Ein firetaktsmotor kan vera ein forgassarmotor (som arbeider etter Beau de Rochas-syklusen), ein glødehovudmotor (som arbeider etter Seiliger-Sabathé-syklusen) eller ein dieselmotor (som i praksis òg arbeider etter Seiliger-Sabathé-syklusen). Les meir …


Hogne (diskusjon) 5. januar 2015 kl. 11:00 (CET)[svar]

4 19. jan Myrfunn Forslag 1:
Nydambåten er eit skip som vart funne i ei myr sør på Jylland. Skipet er 3 tonn tungt, 23 meter langt og 3 meter breitt. Det er bygd i eik på 300-talet.

Myrfunn er det arkeologiske omgrepet for funn av ting som i gamal tid har vore lagt ned av kultiske eller andre årsaker i våtmark, myrer, vasshol, eller i tjern og vatn som har grodd att som myrer. Dei fleste myrfunna i Norden er gjort i dei store danske myrene, og difor vert nemninga mosefunn etter det danske ordet for myr, «mose», ofte nytta som fagterm i Noreg; til dømes er «mosefunn» oppslagsordet i Store norske leksikon. Ei eiga gruppe myrfunn er myrlika, menneskelik frå gamal tid som har vorte mumifisert av den naturlege konserverande verknaden myrene kan ha når tilhøva ligg til rette for det. Mest alle dei nordiske myrlika, «moselik» på dansk, er funne i danske myrer, lagt ned i myrene på eit vis som sytte for at dei vart liggjande under vatn. Les meir …


Hogne (diskusjon) 5. januar 2015 kl. 23:05 (CET)[svar]

5 26. jan Den store hungersnauda i 1315-1317 Forslag 1 Den store hungersnauda i 1315-1317:
Frå Apokalypsen (Johannes Openberring) i ein versjon av Biblia Pauperum. Måla ved Erfurt i tida rundt den store hungersnauda. Døden («Mors») sit over ei løve der den lange halen til løva endar i eit flammehav (helvete). Svelt («Fames») peikar på den svoltne munnen hennar.


Den store hungersnauda i 1315-1317 var den første av ei rekkje store kriser som råka Europa på 1300-talet. Hungersnauda medverka, saman med andre kriser, til at millionar av menneske døydde og markerer slutten på ein periode (1100-talet og 1200-talet) som hadde vore prega av folkevekst og framgang. Svolten starta med dårleg vêr våren 1315 og avlingane slo feil fleire gonger fram til 1317. Europa kom seg ikkje til hektene igjen før 1322. Det var ein periode prega av høg kriminalitet, sjukdom og dødsfall i stor skala, barnemord og kannibalisme. Perioden fekk konsekvensar for kyrkja, staten, det europeiske samfunnet og katastrofar som skulle kome seinare på 1300-talet.

Den store hungersnauda var sentrert til Nord-Europa, frå Russland i aust til Irland i vest, frå Alpane og Pyreneane i sør til Skandinavia i nord. Les meir …

6 02. feb Mount Erebus Forslag 1:
Mount Erebus, 1972

Mount Erebus er den nest høgaste vulkanen i Antarktis (etter Mount Sidley) og det sjette høgaste punktet på ei øy i verda. Med ei høgd på 3794 moh ligg han på Ross Island, som i tillegg består av tre inaktive vulkanar, mellom anna Mount Terror. Mount Erebus er ein del av Eldringen i Stillehavet, som består av over 160 aktive vulkanar.

Mount Erebus vart oppdaga den 27. januar 1841 (og observert i utbrot) av polfararen sir James Clark Ross som namngav Mount Erebus og Mount Terror etter skipa sine. Vulkanen har vore kontinuerleg aktiv sidan 1972 og vert overvaka av Mount Erebus Volcano Observatory som vert drive av New Mexico Institute of Mining and Technology. Les meir …

7 09. feb K2 Forslag 1:
K2 frå sør

K2 er eit fjell på grensa mellom Kina og Pakistan med ei høgd på 8 611 moh. Fjellet er nest høgst i verda og det høgste i Pakistan. Topp-punktet ligg i Kashmir, nordaust i området Gilgit-Baltistan.

K2 blei første gong kartlagt av ei gruppe europeiske forskarar leia av Henry Haversham Godwin-Austen som i 1856 beskreiv toppane i området. I 1954 stod italienarane Achille Compagnoni og Lino Lacedelli som dei aller første på toppen. Det er vanleg å rekne K2 for eit vanskelegare fjell å klatre enn Mount Everest. Grunnen er at K2 er brattare på alle sider, ligg lengre nord og har eit hardare og meir uberekneleg vêrlag. På K2 er det dessutan større avstand frå base camp til toppen. K2 og toppane rundt har kravd fleire menneskeliv enn noko anna fjell. 80-90% av alle som døyr på K2 gjer det under nedstigninga, utmatta etter oppstigninga i den tynne lufta. Fell ein først frå K2, fell ein heilt til botnars. Medan ein på Everest finn heile lik av omkomne klatrarar, finn ein berre lekamsdelar på breane ved foten av K2. Les meir …

Kommentar[endre wikiteksten]

Hei. Det ser ut til at base camp og basecamp er mykje brukt, særleg når ein snakkar om kjende leirar (t.d. «Everest Base Camp»). I norsk litteratur har eg sett dei bruke både basisleir og baseleir. I klatreterminologi ser det ut til at baseleir (BC) tilsvarar base camp, medan framskoten baseleir (ABC) tilsvarar advanced base camp.[1] God artikkel! Mvh — Gaute snakk - epost - signér 26. januar 2015 kl. 13:06 (CET)[svar]

Kjelder
8 16. feb Chuck Berry ==Forslag 1==

Chuck Berry? Fin musikkartikkel med blålenkjer. Og eksempel! --Ranveig (diskusjon) 9. februar 2015 kl. 10:30 (CET)[svar]

9 23. feb Aserbajdsjan ==Forslag1: Aserbajdsjan ==
{{{2}}}

Aserbajdsjan er ein republikk i den søraustlege delen av Kaukasia, og det største landet i denne regionen. Mesteparten av landet ligg i Asia, men ein liten del ligg på europeisk side nord for Kaukasus. Aserbajdsjan grensar til Armenia, Georgia, Iran, Russland, Tyrkia og Kaspihavet. Eksklaven Nakhitsjevan grenser til Armenia i nord og aust, Iran i sør og vest og har ei kort grense mot Tyrkia i nordvest.

Den demokratiske republikken Aserbajdsjan var den første demokratiske og sekulære republikken i den muslimske verda. Landet er kjend for å vere blant dei mest progressive og sekulære islamske samfunna i verda. I tillegg til å vere det første muslimske landet til å byggje operaer, setje opp teaterstykke og vere ein demokratisk republikk, er Aserbajdsjan i dag av dei muslimske landa der støtta for sekularisme og toleranse er høgast.


Snasen artikkel som kanskje kan inspirera til anna godt arbeid med land. --Ranveig (diskusjon) 17. februar 2015 kl. 10:37 (CET)[svar]

10 02. mar Den internasjonale kvinnedagen Forslag 1:
Den tyske marxisten og feministen Clara Zetkin (t.v.) kom med framlegget om ein internasjonal kvinnedag i 1910. T.h. veninna og partifellen Rosa Luxemburg.

Den internasjonale kvinnedagen vert markert den 8. mars kvart år. Dagen vert nytta til ei verdsfemnande markering av rettane til kvinner, og til kampen for full jamstilling mellom kjønna. Mange stader vert det skipa til demonstrasjonar, opptog og markeringar. Dei Sameinte Nasjonane erklærte i 1975 8. mars som internasjonal kvinnedag, og dagen vert feira av Dei Sameinte Nasjonane (SN), og i mange land er han ein offentleg helgedag.

Det fyrste framlegget om ein slik dag kom frå den kjende, tyske politikaren Clara Zetkin på den sosialistiske Andre Internasjonalen sin kvinnekonferanse i København i 1910. 8. mars 1978 nådde markeringane på 1970-talet eit høgdepunkt i Noreg då 20 000 kvinner og menn slutta opp om toga rundt om i landet. Les meir …


Hogne (diskusjon) 5. januar 2015 kl. 23:23 (CET)[svar]

11 09. mar Pi Forslag 1:
Når diameteren til ein sirkel er 1, er omkrinsen lik π

Den matematiske konstanten pi (π) er eit irrasjonalt tal definert som omkrinsen til ein sirkel dividert med diameteren til sirkelen. Tilnærma verdi er 3,14159. Når diameteren til ein sirkel er 1, er omkrinsen lik pi. Pi er også kjent som Arkimedes' konstant og Ludolphs tal.

Talet er transcendent, og derfor irrasjonalt. Pi har ein tendens til å dukka opp i mange fleire uttrykk, truleg som ein konsekvens av at sirkelen er tett assosiert med metrikken til dei komplekse tala; den algebraiske lukkinga av dei reelle tala.

I Euklidisk geometri vert det nytta to definisjonar av pi. Den eine er sirkelens omkrins dividert med sirkelens diameter. Når diameteren er lik 1, er omkrinsen lik pi. Den andre definisjonen er arealet av ein sirkel dividert med sirkelens radius opphøgd i andre.

14. mars vert ofte kalla pi-dagen ( "the Pi-day") på grunn av den amerikanske skrivemåten 3/14. Dette er også fødselsdagen til Albert Einstein. Les meir …


Hogne (diskusjon) 5. januar 2015 kl. 23:14 (CET)[svar]

12 16. mar Israel Det er val i Israel 17 mars. Kva med Nynorsk Wikipedias lengste artikkel:
Riksvåpenet til Israel

Israel er eit land i Vest-Asia ved søraustkysten av Middelhavet. Det grensar mot Libanon i nord, Syria i nordaust, Jordan i aust og Dei palestinske territoria som består av Vestbreidda og Gazastripa i høvesvis aust og sørvest, Egypt og Aqababukta i Raudehavet i sør. Landet er geografisk variert sjølv om det har relativt liten utstrekning. I grunnlova si definerer Israel seg som ein jødisk og demokratisk stat, og det er det einaste landet i verda med ein jødisk majoritet.

Israel er eit representativt demokrati med eit parlamentarisk system, høvestalsval og allmenn røysterett. Statsministeren tener som statsleiar og Knesset er det einkamra lovgjevande organet i Israel. Israel er eit industriland og OECD-medlem, med den 43. største økonomien i verda etter nominell BNP i 2012. Israel har den høgaste levestandarden i Midtausten og den tredje høgaste i Asia, og av dei høgaste forventa levealdrane i verda. Les meir …

13 23. mar Riksetrast
Riksetrast, ein merkeleg fugl.

Riksetrast (Eupetes macrocerus) er ein merkeleg, riksefuglliknande sporvefugl som er brun med svarte og kvite striper på hovudet, og har habitat på skogbotnen i urskogMalayahalvøya og Sumatra, og dessutan på Borneo. Arten kan vere fjernt i slekt med dei afrikanske kråkeliknande fuglane klippehopparar. Populasjonen er sterkt redusert fordi mykje av låglandsurskogen er tapt, og sekundære skogar har vanlegvis for tett botnvegetasjon eller ikkje tilbyr nok skugge til å vere gunstig for arten. Han er likevel framleis lokalt vanleg i område med nedhogd skog eller i skogen i bakkeskråningar, og er ikkje rekna som direkte truga av utrydding. Arten er dårleg kjent og sjeldan sett, mest grunna den skjerre åtferda si. Les meir …

14 30. mar Kross
Latinsk kross

Kross er ein figur der to linjer kryssar einannan, vanlegvis i rett vinkel. Krossforma vert særleg nytta som matematisk symbol for addisjon og positivt forteikn og som symbolkristendomen og den kristne kyrkja.

Opphavet til krossen er omdiskutert. Ein kross er eit ganske enkelt teikn, og folk mange stader har teikna det. Krossen har dei fleste stadene hatt ei religiøs tilknyting og har mange stader vorte sagt å bringa hell.

Krossen har vore ein symbol som har vorte brukt i mange kulturar gjennom heile historia. Avbildingar frå steinalderen viser ei form for krossar. Det vart brukt av mange av gamletidas kulturfolk, og kanskje er Egypt mest kjent. Krossymbol av mange forskjellige typar er kjent i Midtausten, antikkens Hellas, Romarriket, Asia og Amerika.

Krossen har vorte tillagt forskjellege tydingar, for eksempel har det vorte sett på som eit symbol på årstidene eller himmelretningane, eller som fallos. I dag er det mykje brukt innan kristendomen, og vert forbunde med Jesus sin offerdød. Av den grunn vert det ogso brukt som symbol på døden. Les meir …

15 06. apr Money for Nothing
Dire Straits i 1985

«Money for Nothing» er ein song av det britiske rockebandet Dire Straits frå albumet deira Brothers in Arms frå 1985. Teksten er skriven frå synspunktet til ein arbeidarklassemann som ser på musikkvideoar og kommenterer det han ser. Innspelinga var kjend for den kontroversielle teksten, den banebrytande musikkvideoen og gjesteframferda til Sting som syng falsettstemma i introen og på refrenga, «I want my MTV». Videoen var òg den første som vart sendt på MTV Europe då nettverket starta opp den 1. august 1987.

Han var ein av dei mest suksessrike singlane til Dire Straits, og låg på toppen av singellista i USA i tre veker. I heimlandet til Dire Straits, Storbritannia, nådde singelen fjerdeplassen. «Money for Nothing» vann ein Grammy for beste rockesong av duo eller gruppe i 1986. Les meir …

16 13. apr Utviklinga av traktoren
Ferguson TE20, kalla «Gråtass» på folkemunne.

Soga om utviklinga av traktoren strekkjer seg tilbake til 1800-talet. Dei fyrste traktorane var dampdrivne. Denne artikkelen tek for seg soga om utviklinga av traktorar med intern forbrenningsmotor.

Den fyrste traktoren med forbrenningsmotor med innvendig forbrenning vart laga av Charter Gas Engine Co. i USA i 1889Han vart bygd ved å montera ein einsylindra stasjonærmotor på ramma frå ein Rumbely damplokomobil.

Moderne traktorar er større og meir sofistikerte. Farten kunne koma opp i rundt 70 km/t ved transport på veg, og ved tomkøyring heilt opp i 120 km/t. På store bruk har satellittnavigasjon vorte teke i bruk for å dosera gjødsel og ugrasmidlar ved at posisjonen til traktoren vert kopla til elektroniske kart krysskopla mot statistikk som synar kor mykje gjødsel og/eller ugrasmiddel som trengst. Les meir …

17 20. apr Vind
Vind i form av vindkraft er blitt brukt til transport og energikrevjande verksemd i hundreår.

Vind er delvis horisontale luftrørsler i atmosfæren, som kjem av ujamn oppvarming av jorda si overflate. Vind i form av vindkraft er blitt brukt til transport og energikrevjande verksemd i hundreår. Kraftig vind i form av stormar eller orkanar kan derimot føre til store øydeleggingar og i verste fall dødsfall. Vind oppstår på alle skalaer. På ein varm sommardag kan det oppstå lokal kortvarig vind i eit lite område som blir varma opp av sola, medan ujamn soloppvarming av jordoverflata skaper globale vindmønster. Dei to største kreftene som skapar den atmosfæriske sirkulasjonen er ujamn oppvarming mellom ekvator og polane, i tillegg til jordrotasjonen (Corioliseffekten).

Forskjellig temperatur i to luftmassar fører til forskjellig lufttrykk i dei to luftmassane. Vind oppstår når luft strøymer frå området med høgt trykk til området med lågt trykk for å jamne ut denne trykkskilnaden. Corioliseffekten fører derimot til at lufta ikkje strøymer i rette linjer mellom dei to trykksystema, men følgjer sirkulære banar inn mot lågtrykkssenteret.

Vind kan klassifiserast ut frå vindstyrke eller det geografisk området dei oppstår i. Det finst global vind som eksisterer mellom dei atmosfæriske sirkulasjonscellene. Eit døme på slik vind er jetstraumen eller passatvinden. Det finst vind på synoptisk skala som kjem av trykkskilnadar mellom to luftmassar på midlare breidder, og det finst vind som oppstår av topografiske forhold. Mesoskala vind er vind som oppstår på lokal skala, t.d. i samband med kraftige regnbyer. På den minste skalaen har ein mikroskala vind som kan blåse frå ti til hundrevis av meter og vere svært uforutsigbare, som t.d. støvkvervlar.

Vind kan óg endre landskap ved forskjellige eoliske prosessar. Les meir …

18 27. apr Ryggmerg
Ryggmergen (vist i raudt) koplar hjernen til nervene i kroppen

Ryggmergen er ein lang, tynn og røyrforma bunt av nervevev og gliaceller som strekk seg frå den forlenga mergen i hjernestamma til den lumbale delen av ryggsøyla. Hjernen og ryggmergen utgjer sentralnervesystemet. Ryggmergen byrjar i bakhovudbeinet og strekk seg ned til rommet mellom fyrste og andre lendevirvel; den strekk seg ikkje like langt som ryggsøyla. Den er omkring 45 cm lang hjå menn og 43 cm hjå kvinner. Den har varierande tjukkleik, og spenner frå 13 mm i hals- og bukområdet til 6.4 mm i brystområdet. Ryggsøyla omsluttar ryggmergen og vernar den mot trauma. Ryggmergen sender nervesignal mellom hjernen og resten av kroppen, og inneheld mellom anna nervenettverk som styrar refleksar og CPG-ar. Ryggmergen har tre hovudfunksjonar, nemleg å fungere som ei kanalisering for motorisk informasjon som straumer nedover ryggmergen; som ei kanalisering for sensorisk informasjon i motsatt retning; og som eit senter for koordineringa av visse refleksar. Les meir …

19 04. mai Teide
Teide

Teide eller El Teide er ein aktiv, men sovande vulkanTenerifeKanariøyane. Han hadde sist utbrot i 1909 frå El Chinyero-ventilen i Santiago-rifta. Vulkanen og det omliggande området er ein del av Teide nasjonalpark (Parque Nacional del Teide). Parken dekkjer eit område på 189 km² og vart erklært ein verdsarvstad av UNESCO i juni 2007.

Med ei høgd på 3718 meter over havet, og om lag 7500 meter over havbotnen i Atlanterhavet, er Teide det høgaste fjellet i Spania, det høgaste punktet i Atlanterhavet, og det 13. høgaste fjellet i EU. Øya Tenerife er i seg sjølv den tredje største vulkanske øya på jorda ut i frå volum. Teide er den tredje høgaste vulkanen på ei vulkansk øy. The United Nations Committee for Disaster Mitigation har erklært Teide som ein dekadevulkan, på grunn av dei tidlegare kraftige utbrota og nærleiken til fleire store byar. Dei største byane er Garachico, Icod de los Vinos og Puerto de la Cruz.

Teide dannar i lag med nabofjella Pico Viejo og Montaña Blanca Det sentrale vulkankomplekset. Les meir …

20 11. mai Bouvetøya Forslag 1: 17. Mai og ein "norsk" artikkel på framsida?:


Den første hytta bygd på Kapp Circoncision i 1929.

Bouvetøya er ei subantarktisk vulkanøy som er under norsk suverenitet som biland i Sør-Atlanterhavet. Øya ligg sør i Midtatlanterhavsryggen og er den mest avsidesliggande øya i verda. Øya har eit areal på 49 km², og av dette er 93 % av isbrear. Midten av øya er eit isfylt krater av ein inaktiv vulkan. Langs kysten ligg nokre skjer og ei øy, Larsøya. Nyrøysa, som vart danna av eit jordras seint i 1950-åra, er den einaste enkle staden å gå i land. Norsk Polarinstitutt har hatt ein automatisk vêrstasjon i drift her sidan 1977.

Øya vart først oppdaga 1. januar 1739 av Jean-Baptiste Charles Bouvet de Lozier, som øya seinare vart kalla opp etter. Han skreiv ned unøyaktige koordinatar, og øya vart ikkje observert på nytt før James Lindsay namngav ho Lindsay Island i 1808. Benjamin Morrell hevda å ha vore i land på øya, som første person, men dette er omstridd. Øya vart gjort krav på for Den britiske krona av George Norris i 1825, som namngav ho Liverpool Island. Han såg òg ei fantomøy i nærleiken som han kalla Thompson Island. Den første Norvegia-ekspedisjonen gjekk i land på øya i 1927 og gjorde krav på øya for Noreg. Etter at britane protesterte vart øya erklært eit norsk biland i 1930. Øya vart eit naturreservat i 1971.

Ettersom ein reknar Antarktis som områda sør for 60°S høyrer Bouvetøya ikkje til denne verdsdelen, men Subantarktis og kanskje Afrika, som ligg i underkant av 2000 km lenger nord. Bouvetøya har ingen fastbuande innbyggjarar, men eit rikt dyreliv. Norske ekspedisjonar kjem jamleg til øya for å kartleggja henne og studera naturen, dyrelivet og vêrtilhøva der og i havområda omkring. Les meir …

21 18. mai Homs
Inne i Den store moskéen al-Nuri i Homs

Homs er ein by vest i Syria. Han ligg 501 meter over havet og 162 km nord for Damaskus. Han ligg ved elva Orontes og langs den sentrale hovudvegen mellom dei indre byane og Middelhavskysten.

Homs er eit stort industrisenter og hadde eit folketal på kring 650 000 menneske i 2004, og er den tredje største byen i Syria etter Aleppo i nord og hovudstaden Damaskus i sør. Innbyggjarane i byen syner det generelle religiøse mangfaldet i Syria og består hovudsakleg av arabisktalande sunnimuslimar og alawittar og kristne minoritetar. Det ligg fleire historiske moskéar og kyrkjer i byen, og han ligg nær borga Krak des Chevaliers, som er ein verdsarvstad.

Homs dukka først opp i dei skriftlege kjeldene i det første hundreåret fvt. under selevkidane. Under Det franske mandat-styret vart byen eit opprørssenter og etter sjølvstendet i 1946, eit senter for motstanden mot baathistane til dei første syriske regjeringane. I den pågåande syriske borgarkrigen har Homs vore ein skanse for opposisjonen og syriske styresmakter gjekk til åtak på byen i mai 2011. Les meir …

22 25. mai Fuglevokalisering Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 22, 2015
23 01. jun Selevkideriket Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 23, 2015
24 08. jun Selfangst
Inuit fangar sel ved pustehol. Bilete frå kring 1890.

Selfangst er fangst på sel, hovudsakleg på grunn av pelsen og spekket. Særleg ettertrakta har pelsen av nyfødde selungar vore. Kommersiell fangst av viltlevande sel, vert i vår tid utøvd av Noreg, Canada og Russland i dei nordatlantiske farvatna. Dei viktigaste artane, økonomisk sett, er grønlandssel, klappmyss og storkobbe.

Den norske fangsten går føre seg i to område, omtalt som Østisen og Vesterisen. Østisen er områda utanfor Kvitsjøen i den økonomiske sonen til Russland. Vesterisen er havområda ved Grønland. Dei norske fangstkvotene for sel vert fastsett etter tilråding frå Det internasjonale havforskingsrådet, Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjon og Havforskingsinstituttet. Noreg sine kvoter i 2007 var på til saman 46 200 vaksne dyr, av dette 15 000 i Østisen og 31 200 i Vesterisen. Russland har forvaltningsansvar for bestanden i Østisen, medan bestandane i Vesterisen er spreidd over fleire fiskerijursidiksjonar.

Forlisa i Vestisen skjedde i 1952 då fem norske selfangstskuter frå Troms og Sunnmøre med til saman 78 mann ombord forsvann under ein kraftig storm i Vestisen ved Grønland. Les meir …

25 15. jun Aralsjøen Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 25, 2015
26 22. jun Mygg Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 26, 2015
27 29. jun 2. bataljon Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 27, 2015
28 06. jul Lava Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 28, 2015
29 13. jul Urbanisering i Afrika Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 29, 2015
30 20. jul Seter Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 30, 2015
31 27. jul Heinrich Böll Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 31, 2015
32 03. aug Kongsberg kyrkje Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 32, 2015
33 10. aug Året utan sommar Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 33, 2015
34 17. aug Folkehøgskular i Noreg Forslag 1: Dei fleste norske folkehøgskulane har oppstart i desse dagar. Artikkelen har fortsatt nokre raude lenkjer, men lista over folkehøgskulane er snart ferdig fylt ut.
Valdres folkehøgskule på Leira i Oppland, grunnlagt i 1899. Foto: Fredrik A. Sandvik

Folkehøgskular i Noreg er skular som legg vekt på å gi allmenndanning utan bruk av eksamen eller karakterar. Dei norske folkehøgskulane tilbyr til vanleg linjefag som rettar seg mot fritidssyssel og særinteresser, som friluftsliv, idrett, teater, dans og musikk. I tillegg til linjefaga har dei fleste folkehøgskulane fellesfag, seminar og ulike valfag. Mesteparten av elevane som går på folkehøgskule i Noreg tar heilårskurs på ni månader.

Den fyrste norske folkehøgskulen var SagatunHamar, som vart grunnlagt i 1864. Ti år etter vart amtsskulane oppretta av styresmaktene som ei motvekt til folkehøgskulane, og frå slutten av 1800-talet fekk folkehøgskulane ytterlegare konkurranse av kristelege ungdomsskular. I 1949 vart Lov om folkehøyskoler vedteke, som samla dei tre skuletypane under felles lov og namnet «folkehøgskule».

Det er i dag 79 folkehøgskular i drift i Noreg og dei er godt fordelt ut over heile landet. 31 av dei er kristelege folkehøgskular og dei resterande 48 er frilyndte folkehøgskular. Kvart år vel om lag ti prosent av elevkulla i Noreg å gå eit år på folkehøgskule. Les meir …

Takk for framlegget! Dette kan godt koma på framsida, men utdraget bør kanskje vera kortare. I tillegg vil me helst ikkje ha raude lenkjer der, så dei manglande artiklane bør skrivast eller takast ut frå utdraget. --Ranveig (diskusjon) 5. august 2015 kl. 14:07 (CEST)[svar]
Då har eg korta litt ned på utdraget. Eg skal jobbe med å få resten av dei raude lenkjene blåe før artikkelen eventuelt kjem ut på framsida! --Bjarkan (diskusjon) 5. august 2015 kl. 19:24 (CEST)[svar]
Veldig bra, no har me ein god artikkel for den veka. --Ranveig (diskusjon) 6. august 2015 kl. 19:00 (CEST)[svar]
35 24. aug Nemunas Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 35, 2015
36 31. aug Omleiringa av Stralsund
Den store nordiske krigen i Svensk Pommern med Stralsund i midten. Det svenske imperiet vist i oransje, Danmark i lys oker, Brandenburg-Preussen i blå, Braunschweig-Lüneburg (Hannover) i mørk rosa, Kurfyrstedømet Sachsen i oliven, Polen-Litauen i gult. Det russiske felttoget er vist som grøne piler, danskane i rosa, saksarar, polakkar og litauarar i blå, svenskane i raudt, prøyssarane i lys blå og hannovarane i mørk rosa. Omleira byar er vist som ein mørk ring.

Omleiringa av Stralsund var eit slag under den den store nordiske krigen. Det svenske imperiet forsvarte hamnebyen Stralsund i Svensk Pommern mot ein koalisjonen av Danmark-Noreg, Kurfyrstedømet Sachsen og Det russiske tsardømet.

Det første forsøket på å ta Stralsund vart gjort i 1711, då dei allierte nærma seg byen. Ein svensk hjelpestyrke tvinga koalisjonen til å trekkje seg attende frå festningsverka. Dei allierte vart samde om at Danmark skulle avstå kravet på Bremen-Verden til Hannover, og til gjengjeld vart Danmark lovd dei nordlege områda av Svensk Pommern med Stralsund, medan dei sørlege ormåda skulle gå til Preussen. I 1714 reid Karl XII av Sverige til Stralsund frå eksiltida si i Tyrkia for å leie forsvaret personleg. Frå 12. juli til 24. desember 1715 la dei allierte ei omleiring på byen og tvinga han til slutt til å overgje seg. Karl XII rømde til Sverige.

Stralsund vart verande under dansk kontroll til han vart gjeven attende til Sverige med Frederiksborg-traktaten Les meir ….

37 07. sep Europaveg 16 i Noreg Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 37, 2015
38 14. sep Aleksandr Skrjabin Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 38, 2015
39 21. sep Obo Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 39, 2015
40 28. sep Bolette C. Pavels Larsen Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 40, 2015
41 05. okt Polsk Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 41, 2015
42 12. okt Den vesle hunden Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 42, 2015
43 19. okt Oktoberflaumen i 2014 Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 43, 2015
44 26. okt Sublimasjon Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 44, 2015
45 02. nov Ohioelva
45 = Ohioelva
46 = Atom
47 = Fonologi
48 = Jordatmosfæren
46 09. nov Atom
45 = Ohioelva
46 = Atom
47 = Fonologi
48 = Jordatmosfæren
47 16. nov Fonologi
45 = Ohioelva
46 = Atom
47 = Fonologi
48 = Jordatmosfæren
48 29. nov Jordatmosfæren
45 = Ohioelva
46 = Atom
47 = Fonologi
48 = Jordatmosfæren
49 31. nov Nikka Vonen Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 49, 2015
50 07. des Gravitasjon Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 50, 2015
51 14. des Hyrdestare Forslag 1: Hyrdestare. Fin fugleartikkel, og hyrdar er jo juleaktuelle...

Forslag2: Livingston Island. Snø frå Antarktis i år? --Ranveig (diskusjon) 2. desember 2015 kl. 15:21 (CET)[svar]

52 21. des Stjernespel Forslag 1: Stjernespel --Ranveig (diskusjon) 2. desember 2015 kl. 15:21 (CET)[svar]
53 28. des Forslag 1: Livingston Island. Hogne (diskusjon) 18. desember 2015 kl. 12:45 (CET)[svar]
Ja. --Ranveig (diskusjon) 19. desember 2015 kl. 09:33 (CET)[svar]
1 «Fram» Forslag 1: 2015. Skal vi ha ein god artikkel om 2015, må han vere klar 4. januar 2016, eller? Hogne (diskusjon) 18. desember 2015 kl. 12:46 (CET)[svar]
Det hadde vore fint, men det er mykje arbeid å laga ein så kort artikkel om til framsidestoff. 1. januar hadde kanskje vore betre å jobba med? Eg kjem ikkje til å ha internettilgang ei stund, så det får bli opp til deg og eventuelle gode hjelparar! --Ranveig (diskusjon) 19. desember 2015 kl. 09:36 (CET)[svar]