Wikipedia:Utvald artikkel/Kandidatkalender 2022

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024

Diskusjonar: 200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024



I dag er det fredag, 19. april 2024Oppdater sida


2022-kalender med mulige emne for Utvald artikkel[endre wikiteksten]

Alle brukarar har høve til å føreslå artiklar som skal visast fram på framsida. Har du eit forslag for ei særskild veke, legg det inn i diskujsonsbolken som høyrer til. Du kan også leggja inn utkast til utdraget som skal stå på framsida.

Sjå gjerne lista over kandidatartiklar for inspirasjon.

Veke Frå dato Artikkel Anna
1 03. jan Inflasjon Framlegg 1: Inflasjon
Teikning av ein arbeidar som tiggar på ein haug av devaluerte og verdilause setlar
2 10. jan Kapp Horn Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 2, 2022
3 17. jan Joe's Garage Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 3, 2022
4 24. jan Ved Framlegg 1: Ved
Ved fyrer godt i omnen
5 31. jan Siouxsie and the Banshees Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 5, 2022
6 07. feb Sligo Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 6, 2022
7 14. feb Deep Space 1 Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 7, 2022
8 21. feb Torsk Framlegg 1: Torsk
Nærbilde av ein torsk
9 28. feb The Legend of Zelda: Breath of the Wild
Scene frå Breath of the Wild med Master Sword under MCM Comic Con 2017 i London

The Legend of Zelda: Breath of the Wild er eit action-eventyrspel utvikla og utgjeve av Nintendo til konsollane Wii U og Nintendo Switch i 2017. Det er det nittande hovudspelet i The Legend of Zelda-serien og handlinga er sett til slutten av den offisielle Zelda-tidslinja. Spelet byrjar med at Link vaknar etter å ha sove i hundre år og får i oppdrag å nedkjempa Calamity Ganon, som har lagt kongeriket Hyrule i ruinar.

Spelet vart utvikla over ein periode på fem år og er designa for å bryta med mange av dei etablerte konvensjonane i Zelda-serien. Det har ei vidstrekt open verd som spelarane kan utforska fritt, utan å måtta gjera oppdrag i ei bunden rekkjefølgd, og bruker ein meir avansert fysikkmotor som gjev realistiske interaksjonar mellom elementa i spelverda. Den grafiske stilen bruker cel-shading for å gje eit teiknefilmaktig uttrykk og er inspirert av gouache og friluftsmåleri.

Breath of the Wild fekk hyllester frå kritikarar for den frie speloppbygnaden og detaljnivået i spelverda. Det har selt over tjueseks millionar kopiar internasjonalt og har vore kåra til eit av dei mest framståande dataspela gjennom tidene av fleire publikasjonar. Den vidstrekte verda og mengda av innhald i spelet gjer at spelarar oppdagar stadig nye ting år etter lanseringa. Les meir …

10 07. mar Albatrossfamilien Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 10, 2022
11 14. mar Aasta Hansteen Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 11, 2022
12 21. mar The Byrds Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 12, 2022
13 28. mar Neville Chamberlain Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 13, 2022
14 04. apr Hegrefamilien Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 14, 2022
15 11. apr Solsikke Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 15, 2022
16 18. apr Stridsvogn Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 16, 2022
17 25. apr Skapinga Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 17, 2022
18 02. mai Élisabeth Vigée Le Brun Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 18, 2022
19 09. mai Roy Orbison Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 19, 2022
20 16. mai Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) Framlegg 1: EØS
Kart over det europeiske økonomiske samarbeidsområdet
Eg har lagt inn eit utkast, gjer det gjerne betre om det trengst. --Ranveig (diskusjon) 25. april 2022 kl. 08:22 (CEST)[svar]
21 23. mai Libanon Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 21, 2022
22 30. mai The Who Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 22, 2022
23 06. jun Samisk kultur Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 23, 2022
24 13. jun Eric Clapton Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 24, 2022
25 20. jun Suzi Quatro Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 25, 2022
26 27. jun Omansk geografi Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 26, 2022
27 04. jul Synthliboramphus Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 27, 2022
28 11. jul Hadrianmuren Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 28, 2022
29 18. jul The Doobie Brothers Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 29, 2022
30 25. jul Turban Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 30, 2022
31 01. aug Hudsonbukta Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 31, 2022
32 08. aug Fjernkopling Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 32, 2022
33 15. aug Grashopper Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 33, 2022
34 22. aug Atom Heart Mother Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 34, 2022
35 29. aug Granada Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 35, 2022
36 05. sep Vipe Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 36, 2022
37 12. sep Suleiman den store Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 37, 2022
38 19. sep Hurrem Sultan Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 38, 2022
39 26. sep iPhone 5 Framlegg 1: iPhone 5
Ein iPhone 5 med normal bruksslitasje
God idé. --Ranveig (diskusjon) 3. september 2022 kl. 09:43 (CEST)[svar]
40 03. okt Sparks == flikk ==

Her skal vere «hyperaktive frontmannen» ikkje 'mannem'. Roar (diskusjon) 3. oktober 2022 kl. 06:21 (CEST)[svar]

Takk, retta. Ranveig (diskusjon) 3. oktober 2022 kl. 07:47 (CEST)[svar]
41 10. okt Portal

Portal er eit plattform-hjernetrimspel utvikla og utgjeve av Valve. Det var først utgjeve som del av samlepakken The Orange Box til Windows, Xbox 360 og PlayStation 3 og seinare til andre plattformer.

Spelet finn stad i forskingsanlegget Aperture Science Enrichment Center og består hovudsakleg av ein serie av testkammer med problem som spelaren må løysa gjennom å laga portalar. Spelefiguren Chell bruker den tildelte pistolen «Aperture Science Handheld Portal Device» til å laga inter-spatiale portalar mellom to flate plan. Ho blir leidd gjennom testkammera av den kunstige intelligensen GLaDOS, som utfordrar og hånar Chell, og lover henne kake på slutten. Fysikken i spelet lèt kinetisk energi bevarast gjennom to portalar, og krev kreativ bruk av portalane for å manøvrera gjennom testkammera. Spelet er ein spirituell oppfølgjar til Narbacular Drop, som var utvikla av studentar ved DigiPen Institute of Technology i Redmond, Washington og som seinare vart hyra av Valve for å utvikla Portal.

Portal fekk hyllest som eit av dei mest originale spela i 2007, trass kritikk for den korte lengda og avgrensa historia. Kritikarar roste originaliteten, dei unike spelemekanikkane og den dystre historia med humoristisk dialog. GLaDOS, gjeve stemme av Ellen McLain i den engelske utgåva, fekk hyllester for si unike karakterisering, og rulletekstsongen «Still Alive», skriven av Jonathan Coulton, var prisa for den originale komposisjonen og humoristiske vrien. Portal vann fleire prisar og er ofte rekna som eit av dei viktigaste dataspela frå 2000-åra. Les meir …

42 17. okt Dverggås Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 42, 2022
43 24. okt Maritim kunst Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 43, 2022
44 31. okt Neil Diamond Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 44, 2022
45 07. nov Laskarina Bouboulina Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 45, 2022
46 14. nov Qatar Forslag 1: Qatar. Solid artikkel som kan passa til at fotball-VM byrjar der denne veka. --Ranveig (diskusjon) 13. oktober 2022 kl. 08:19 (CEST)[svar]
47 21. nov Veneto Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 47, 2022
48 28. nov Alveugle Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 48, 2022
49 05. des Inuittisk kultur Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 49, 2022
50 12. des Hygge Framlegg 1: Hygge
Avslapping føre peisen med ei bok kan reknast som hygge
51 19. des Eit juleeventyr Framlegg 1: Eit juleeventyr --Ranveig (diskusjon) 18. november 2022 kl. 08:49 (CET)[svar]
52 26. des 2012-fenomenet Forslag 1: 2012-fenomenet
Pleiadane, ei stjerneklyngje ein trur har verka inn på hendingane i 2012

2012-fenomenet var ei rekkje eskatologiske syn om at transformative eller katastrofale hendingar ville henda på eller kring den 21. desember 2012. Denne datoen vart sett på som sluttdatoen for ein 5126 år lang syklus i den lange mesoamerikanske kalenderen, og høgtidelege tilstellingar fann stad 21. desember 2012 for å minnast hendinga i landa som var del av mayasivilisasjonen, med hovudarrangement på Chichen Itza i Mexico og Tikal i Guatemala.

Ulike astronomiske formasjonar og numerologiske formlar vart føreslått for denne datoen. Ei New Age-tolking meinte at datoen markerte starten på ein periode der Jorda og innbyggjarane der ville gå gjennom ein positiv fysisk eller åndeleg transformasjon, og at 21. desember 2012 ville markera byrjinga på ein ny æra. Andre meinte at datoen markerte verdas undergang eller ein liknande katastrofe. Scenario som vart føreslått for verdas ende inkluderte framkoma av det neste solmaksimumet, ein interaksjon mellom Jorda og det supermassive svarte hòlet i sentrum av galaksen eller at Jorda ville kollidera med ein mytisk planet kalla Nibiru.

Forskarar frå ulike disiplinar avfeia raskt spådommar om katastrofale hendingar etter kvart som dei oppstod. Mayanske lærde uttalte at ingen klassiske mayakodeksar føreseier undergang som er venta å inntreffa snart, og at ideen om slutten på den lange kalenderen i 2012 gav ei feilaktig framstilling av mayahistorie og kultur. Astronomar avviste dei ulike framlagde dommedagsscenaria som pseudovitskap tilbakevist av elementære astronomiske observasjonar. Les meir …