Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 10, 2017

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Dronning Maud Land i Antarktis

Dronning Maud Land er eit kring 2,7 millionar kvadratkilometer stort område i Antarktis som Noreg gjer krav på som biland. Området ligg mellom 20° vest og 45° aust, mellom Britisk Antarktis i vest og Australsk Antarktis i aust. Grensene i nord og sør er ikkje offisielt fastsett. Området ligg i Aust-Antarktis, og utgjer om lag ein sjettedel av heile Antarktis. Området er kalla opp etter dronning Maud (1869–1938), gemalinna til kong Haakon VII av Noreg.

Norske Hjalmar Riiser-Larsen var den første personen som steig i land i området i 1930. Den 14. januar 1939 gjorde Noreg krav på området. Den 23. juni 1961 vart Dronning Maud Land ein del av Antarktistraktaten, og det vart ei demilitarisert sone. Det er eit av to norske kravområde i Antarktis. Det andre er Peter I Øy. Dei vert administrert av Polaravdelingen i Justisdepartementet i Oslo. Les meir …