Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 11, 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Heere begynneth the knyghtes tale». Side frå Ellesmere-manuskriptversjonen av Geoffrey Chaucer sitt verk Canterbury Tales.

Engelsk litteratur kan visa til all engelskspråkleg litteratur, men kan i snevrare forstand visa til litteratur skriven i eller rundt England på moderne engelsk, mellomengelsk eller gammalengelsk. Litteraturen har gått gjennom ei rekkje språklege og stilistiske endringar med innspel frå fleire andre tradisjonar, frå gammalengelsk dikting med bokstavrim og fornyrdislag til mellomengelske riddarromanar etter fransk/normannisk tradisjon til verk frå renessansen, klassisismen og seinare påverka av klassisk gresk og latinsk litteratur. Moderne engelsk litteratur var mellom anna sentral i utviklinga av romansjangeren og av kriminallitteratur.

Sentrale forfattarar innan denne litteraturen er Geoffrey Chaucer, ein av dei første som skreiv litteratur på mellomengelsk; William Shakespeare, verdskjend for skodespel, dikt og ei rekkje språklege nyvinningar, barokkdiktaren John Milton som hadde stor tyding både i samtida og ettertida, nyskapande romanforfattarar som Jane Austen og Charles Dickens, romantiske diktarar som William Wordsworth og John Keats, og frå Det britiske imperiet og den postkoloniale tida betydelege innvandra forfattarar som Rudyard Kipling, Joseph Conrad, Doris Lessing og V.S. Naipaul. Les meir …