Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 13, 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Gazastripa

Gazastripa er eit sjølvstyrt område på austkysten av Middelhavet med ei 11 km lang grense til Egypt i sørvest og ei 51 km lang grense mot Israel i aust og nord. Gazastripa oppnådde den nordlege og austlege grensa då kampane slutta etter krigen i 1948, og dette vart stadfesta i den egyptisk-israelske våpenkvileavtalen den 24. februar 1949. All-Palestina på Gazastripa vart styrt av dei militære styresmaktene i Egypt, og fungerte som ein marionettstat, fram til området offisielt vart slått saman med Den sameinte arabiske republikken og oppløyst i 1959.

Frå tida etter det all-palestinske styret vart oppløyst og fram til 1967, vart Gazastripa direkte administrert av ein egyptisk militærguvernør. Israel erobra Gazastripa frå Egypt i seksdagarskrigen i 1967. I høve Osloavtalen, som vart signert i 1993, vart Den palestinske sjølvstyresmakta forvaltingsorganet som styrte dei palestinske folkesentra, medan Israel hadde kontroll over luftrom, territorialfarvatn og grenseovergangar, utanom landgrensa mot Egypt. I 2005 trekte Israel seg ut frå Gazastripa. Sidan 2007 har Gazastripa i røynda vore styrt av Hamas, ein palestinsk fraksjon som hevdar å vere rettmessige representantar for Dei palestinske sjølvstyresmaktene og det palestinske folket. I 2012 anerkjente Dei sameinte nasjonane Gazastripa som ein del av Staten Palestina. Eit felles styre vart eidfesta den 2. juni 2014. Les meir …