Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 13, 2019

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rajasthani-måleri av Meerabai

Mirabai (ca. 1498–ca. 1547) var ein hinduisk songar og diktar frå Rajasthan. Mange legender blir knytta til livet hennar, og songane hennar blir framleis sungne overalt i India, mellom anna på oppbyggjande møte blant hinduar. Det finst hundrevis av religiøse songar som blir sagt å ha Mirabai som opphavskvinne, utan at det er mogleg å seie kven av dei som er ekte. Ifølgje professor John Stratton Hawley finst det berre éin song med signaturen hennar som kan førast attende til 16. hundreåret, då Mirabai levde.

Mirabai tilhøyrer den sterke bhakti-tradisjonen i indisk mellomalderpoesi, som legg vekt på kjærleiken til Gud gjennom bruken av analogiar frå mellommenneskelege relasjonar. Songane til Mirabai skildrar på glødande vis det fromme tilhøvet hennar til Krisjna, som altfor sjeldan kjem henne i møte. Åtskiljinga frå Gud og lengta etter han er det viktigaste temaet i diktinga hennar. Ein reknar med at Mirabai talte språket marwari. Seinare vart songane hennar påverka av braj-dialekten av hindi. Les meir …