Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 17, 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kate Bush i 1986

Kate Bush (fødd 1958) er ein engelsk songar-låtskrivar, musikar, dansar og plateprodusent. Sidan debuten i 1978 har ho vore kjend for ein eklektisk musikkstil som blandar rock, folkemusikk og klassisk musikk, ein særeigen, falsettprega vokal og ein eigen visuell stil prega av mimikk og moderne dans.

Bush blei den første kvinnelege artisten til å nå toppen av den britiske singellista med ein sjølvskriven song då debutsingelen hennar «Wuthering Heights» låg på førsteplassen i fire veker. Ho har sidan gjeve ut tjuefem singlar som nådde den britiske topp 40-lista, mellom dei topp ti-hittane «The Man with the Child in His Eyes», «Babooshka», «Running Up That Hill», «Don't Give Up» (med Peter Gabriel) og «King of the Mountain». Ho har gjeve ut ti studioalbum som alle nådde topp 10-lista i Storbritannia. Med albumet Never for Ever frå 1980 blei Bush den første britiske kvinnelege artisten som toppa den britiske albumlista og den første kvinnelege artisten som gjekk rett inn på førsteplassen. Ho er òg den første (og einaste) kvinnelege artisten som har hatt Topp 5-album på den britiske albumlista i fem tiår på rad.

I 1987 vann Bush BRIT-prisen for beste britiske kvinnelege artist, og i 2002 fekk ho Ivor Novello-prisen for bidrag til britisk musikk. I løpet av karrieren sin har ho vore nominert til tre Grammy-prisar. I 2014 blei ho gjeven den kongelege ordenen Commander of the Order of the British Empire (CBE). I oktober 2017 var ho ein av ei nominerte til å takast med i Rock and Roll Hall of Fame i 2018. Les meir …