Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 18, 2017

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Charles James Fox måla av Karl Anton Hickel

Charles James Fox (24. januar 1749–13. september 1806) var ein britisk politikar som var medlem av whigpartiet. Han var kjend for sin motstand mot slaveriet, og si støtte til sjølvstende for USA. Han var minister i fleire britiske regjeringar, år 1782 var han Storbritannias fyrste utanriksminister.

Fox var truleg den mest låtteleggjorde person i England i det 18. hundreåret, det mest berømte dømet var James Gillray si framstilling av Fox som ein jakobinsk skurk. Kongen såg på Fox som ein utan moral og som fordervar av sin eigen son. Også dei evangelisk-kristne rørslene som var i frammarsj, fordømte utskeiingane hans. Tilsynelatande var Fox lite plaga av dei kritiske røystene, han tok sjølv vare på ein del av karikaturane. Ein ven av han sa at sidan «respekten frå omverda var så å seie uoppretteleg, vart han så forherda overfor det som vart sagt om han at han aldri heldt tilbake ein einaste tanke, ei heller dempa han eit einaste uttrykk i offentlege samanhengar». Les meir …