Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 19, 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Omleiringa av Santa Maura.

Moreakrigen eller den sjette osmansk-venetianske krigen vart utkjempa mellom 1684 og 1699, som ein del av den større konflikten kjend som den store tyrkiske krigen mellom Republikken Venezia og Det osmanske riket. Kamphandlingane vart utførte frå Dalmatia til Egearhavet, men det store felttoget i krigen var den venetianske erobringa av Morea (Peloponnes) sør i Hellas. På den venetianske sida vart krigen kjempa for å hemne tapet av Kreta i Kretakrigen (1645–1669), medan osmanarane var innvikla i dei nordlege grensekampane mot Habsburgmonarkiet og kunne ikkje konsentrere styrkane sine mot Republikken. Slik sett er Moreakrigen den einaste av dei osmansk–venetianske konfliktane der Venezia stod som sigerherre og vann store landområde. Gleda over dei nye landområda vart kortvarige, sidan dei tapte alt dette til osmanarane i 1715. Les meir …