Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 19, 2022

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roy Orbison

Roy Orbison (1936–1988), òg kjend under kallenamnet The Big O, var ein USA-amerikansk songar-låtskrivar, mest kjend for solbrillene sine, den særeigne, mektige røysta si, komplekse songar og mørke, kjenslerike balladar. Røysta til Orbison låg i området mellom baryton og tenor, og musikkforskarar meiner han hadde ei rekkjevidd på tre eller fire oktavar.

Orbison voks opp i Texas og byrja å syngje i rockabilly/country and western-band på skulen, før han fekk kontrakt med Sun Records i Memphis. Den største suksessen hans fekk han med Monument Records mellom 1960 og 1964, då 22 av songane hans gjekk inn på topp 40 i Billboard, inkludert «Only the Lonely», «Crying» og «Oh, Pretty Woman». Karrieren hans stagnerte i 1970-åra, men vart vekt til live att då fleire av songane hans vart spelte inn på ny av andre artistar, i tillegg at songen «In Dreams» vart nytta av David Lynch i filmen Blue Velvet (1986). I 1988 vart han med i supergruppa Traveling Wilburys med George Harrison, Bob Dylan, Tom Petty og Jeff Lynne og han gav ut eit nytt soloalbum. Han døydde av hjarteinfarkt i desember det året, på topp i den nye popularitetsbølgja han fekk oppleve på tampen av livet. Les meir …