Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 21, 2019

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ono no Komachi

Ono no Komachi (ca. 825–ca.900) var ein japansk poet som levde ved keisarhoffet i den første helvta av Heian-perioden. Poesien hennar, som er djupt subjektiv, lidenskapleg og kompleks, var eit viktig førebilete for den poesien som voks fram i Japan i Heian-perioden, ein poesi som var prega av ein personleg tone og teknisk dugleik, attåt ei filosofisk og emosjonell djupne. I alt kjenner ein til snautt hundre dikt som er skrivne av Komachi. Livet og lagnaden hennar er også tema for fleire seinare no-skodespel.

Vi har særs få sikre opplysningar om livet til Ono no Komachi, og sogene som finst om henne er i mange høve ei salig blanding av historiske fakta og gissing. Historikarar meiner at ho kan ha vore dotter av herskaren i Dewa-provinsen, og at ho har vore hoffdame ved keisarhoffet i dagens Kyoto i midten av det 9. hundreåret. Det er sannsynleg at ho fekk minst eitt barn, sidan eitt av dikta i ein seinare, keisarleg diktantologi har «barnebarnet til Komachi» som forfattar. Les meir …