Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 22, 2017

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Miles Davis

Jazz-fusion , jazzrock eller berre fusion ein musikksjanger som blandar jazz med element frå andre musikkstilar, hovudsakleg funk, rock, R&B, ska, elektronisk og verdsmusikk, men òg pop, klassisk og folkemusikk, eller stundom til og med metal, reggae, country, hip hop og meir. Fusionalbum kan ha mange stilartar innanfor same album.

Seint i 1960-åra byrja jazzmusikarar å blande formene og improvisasjonsteknikkane i jazz med elektriske instrument frå rock og rytmar frå soul og rhythm and blues. Samstundes byrja enkelte rockeartistar å leggja til element av jazz i musikken sin. Trompetisten og komponisten Miles Davis hadde stor innverknad på utviklinga av jazz-fusion. I England vart fleire band assosiert med jazzrock, som Soft Machine, Blood, Sweat & Tears og Chicago. Les meir …