Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 22, 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åkerrikse

Riksefamilien (Rallidae) er ein stor biologisk familie i ordenen tranefuglar (Gruiformes) av små til mellomstore fuglar med kort og rund kropp. Dei har breie og korte venger. Familien viser monaleg mangfald og omfattar òg pupurhøner og sothøner. Mange artar er knytt til våtmarker, sjølv om familien er funne i eit kvart habitat på bakken, med unnatak av tørre ørkenar, polare regionar og alpine område over snøgrensa. Medlemmer av riksefamilien finst på alle kontinenta unntatt Antarktis. Det er mange artar med leveområde på isolerte øyar. Vanlege habitat er myr eller tett skog, dei føretrekk ofte tett vegetasjon.

Vengene på alle rikser er korte og avrunda. Artane som har flygeevne kan halde seg i flukt over lengre tid, og mange artar migrerer årleg. Men veikskapen ved flyginga deira gjer at dei lett blir blåsne ut av kurs, og dermed er dei vanlege streiffuglar, ein eigenskap som òg har ført til at dei har kolonisert mange isolerte oseaniske øyar. Vidare vil desse fuglane ofte føretrekke å springe i staden for å flyge, spesielt i tette habitat. Nokre er òg utan flygeevne i ein del av myteperioden. Mange med leveområde på isolerte øyar er utan flygeevne fordi små øyhabitat utan predatorar eliminerer trongen til å flytte seg snøgt. Les meir …