Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 26, 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred Russel Wallace

Alfred Russel Wallace (1823–1913) var ein britisk naturforskar, oppdagingsreisande, geograf, antropolog og biolog. Han er best kjent for uavhengig å ha utvikla teorien om evolusjon gjennom naturleg utval, som han publiserte saman med Charles Darwin i 1858. Dette skynda på Darwin til å publisere sine eigne idéar i On the Origin of Species. Wallace gjorde omfattande feltarbeid, først i Amazonasbassenget, og deretter i Malayarkipelet, der han identifiserte Wallace-linja som deler den indonesiske øygruppa i to åtskilte delar: ein vestleg del, der dyra i stor grad har asiatisk opphav, og ein austleg del der faunaen reflekterer Australasia.

På 1800-talet vart han sett på som den leiande eksperten på den geografiske fordelinga av dyreartar, og blir nokre gonger kalla faren til biogeografien. Wallace var ein av dei leiande evolusjonistiske tenkjarar på 1800-talet og gjorde mange andre bidrag til utviklinga av evolusjonsteorien utanom å vere oppdagaren av naturleg utval saman med Darwin. Desse inkluderte omgrepet varselfarger hos dyr, og Wallace-effekten, ein hypotese om korleis naturleg utval kan bidra til artsdanning ved å oppmuntre til utvikling av barrierar mot hybridisering. I motsetnad til nokre av sine samtidige i det britiske vitskaplege samfunnet, slik som Darwin og Charles Lyell, hadde han ingen familierikdom til å falle tilbake på, og han ikkje klarte å finne ein langsiktig lønt stilling, mottok inga fast inntekt før han vart tildelt ein liten statleg pensjon i 1881, etter innsats frå Darwin. Les meir …