Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 31, 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjølvportrett av Bernini

Giovanni Lorenzo Bernini (1598–1680) var ein italiensk bilethoggar, arkitekt, målar og scenedekoratør i barokken.

Under pavetida til Urban VIII (1623–44) var Bernini den mest bestilte kunstnaren i Roma. Saman med assistentane og elevane sine fullførte han ei stor mengde oppdrag i Peterskyrkja, mellom anna den 30 meter høge baldakinen rundt høgalteret. Bernini nytta i stor utstrekning farge og lys til å framheve sine skulpturelle verk. Polykrom marmor hadde tidlegare vore sparsamt brukt i europeisk skulptur, men mot slutten av 1500-talet kom den polykrome marmoren på mote innan bystskulpturen; ein kombinerte kvite marmorhovud og fleirfarga overkroppar. Bernini sjølv skal ha uttala at å formidle inntrykket av fargeeffekt i den kvite marmoren, var det vanskelegaste for ein skulptør. Han brukte mellom anna kontrasten i Den heilage Teresas ekstase (1647–52) i Cornaro-kapellet i kyrkja Santa Maria della Vittoria på Kvirinalhøgda, som vert rekna for å vere Berninis skulpturelle meisterverk. Les meir …