Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 32, 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Portrett av Colette av Jacques Humbert

Sidonie Gabrielle Colette (1873–1954) var ein fransk forfattar, best kjend som Colette. Ho er rekna som ein særs viktig forfattar innan fransk litteratur på første halvdel av 1900-talet. Bøkene hennar har gjerne sjølvbiografiske drag. Dei blir ofte omtala som sensuelle, med skildringar av lyd, lukt, fargar og tekstur. Dei tek ofte opp gleder og smerter knytt til kjærleik.

Colette byrja forfattarskapen sin som skuggeforfattar for ektemannen Willy med den populære og noko skandaløse Claudine-serien. Det bohemaktige livet ho levde etter at ekteskapet tok slutt inspirerte La Vagabonde (1910) og L'Envers du music hall (1913). Colette etablerte ryet sitt som forfattar med Chéri (1920) og La Fin de Chéri (1926) Le Blé en herbe (1923) og La Maison de Claudine (1922). Dei to første bøkene handlar om kjærleiksforholdet mellom ei eldre kvinne og ein yngre mann, og er ei av fleire bøker der Colette skildrer den noko umoralske mellomkrigstida. Sistnemnde markerte byrjinga av ein serie memoaraktige bøker, og såg tilbake på det idylliske landsbylivet frå barndommen til motsats frå grunne kjærleiksforhold. Les meir …