Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 33, 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ekspedisjonsskipet «Discovery» i den antarktiske isen.

Discovery-ekspedisjonen (offisielt British National Antarctic Expedition, 1901–04) var den første offisielle britiske utforskinga av Antarktis sidan reisa til James Clark Ross seksti år tidlegare. Den omfattande ekspedisjonen vart organisert i fellesskap av Royal Society og Royal Geographical Society, og tok sikte på å gjennomføre vitskaplege og geografiske undersøkingar i det som hovudsakleg var eit urørt kontinent. Ekspedisjonen var òg starten på den antarktiske karrieren for mange som seinare skulle bli viktige personar i «den heroiske tidsalderen for antarktiskutforsking», blant andre Robert Falcon Scott, som leia ekspedisjonen, og Ernest Shackleton.

Dei vitskaplege resultata dekte omfattande område innan biologi, zoologi, geologi, meteorologi og magnetisme. Det vart gjort viktige geologiske og zoologiske funn, som oppdagingane av dei snøfrie McMurdo Dry Valleys og koloniane av keisarpingvinar ved Cape Crozier. Den geografiske utforskinga førte blant anna til oppdaginga av King Edward VII Land og polarplatået via fjellruta i vest. Ekspedisjonen gjorde ingen seriøse forsøk på å nå Sørpolen, men presterte å setje ein ny sørleg rekord då ei gruppe på tre menn nådde 82°17' sørleg breidde. Les meir …