Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 34, 2017

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karahavet.

Karahavet er ein del av Nordishavet nord for Sibir. Det grensar til Karasundet og Novaja Zemlja i vest med Barentshavet på andre sida, og til Severnaja Zemlja i aust med Laptevhavet på andre sida. Samanlikna med Barentshavet, som får relativt varme havstraumar frå Atlanterhavet, er Karahavet mykje kaldare og er dekt av is over ni månader av året.

I nord går grensa til Karahavet geografisk langs linja frå Kapp KohlsaatGraham Bell-øya i Frans Josefs land til Kapp Arktis, det nordlegaste punktet på Komsomoletsøya i Severnaja Zemlja. Karahavet mottar store mengder ferskvatn frå elvane Ob, Jenisej, Pjasina og Tajmyra, så saliniteten varierer mykje. Les meir …