Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 34, 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elvis-plate i ein platebutikk.

Elvis Is Back! er det tiande studioalbumet til Elvis Presley. Det kom ut på RCA Victor Records i mono og stereo i april 1960 og vart spelt inn i to omgangar i mars og april det året. Det var den første innspelinga til Presley etter han kom attende frå militærtenesta si i Tyskland.

I 1957 var Presley særs populær då han fekk innkalling til militæret, men fekk utsetjing så han kunne gjere ferdig den nyare filmen sin, King Creole. Under den to år lange tenesta i Tyskland, gav RCA Victor og Paramount Pictures ut musikk Presley hadde spelt inn før han drog. Dei siste månadane medan han var i hæren, eksperimenterte Presley med nye stilar og prøvde å forbetre framføringa si. Han førebudde òg songar som han skulle spele inn for den første innspelinga si i Nashville, som skulle finne stad så snart han var attende. Presley kom attende til USA 2. mars 1960. Songaren henta saman det gamle bandet sitt, The Blue Moon Boys, utanom bassisten Bill Black. Den første innspelinga fann stad 20. og 21. mars, og den andre 3. og 4. april. Elvis Is Back! toppa UK Albums Chart i Storbritannia og nådde andreplassen på Billboard's Top LP's i USA. I starten fekk utgjevinga middels meldingar, men i løpet av åra har kritikken blitt stadig betre. Albumet selde til gullplate hos Recording Industry Association of America i 1999. Les meir …