Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 36, 2019

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pyrenéhalvøya

Pyrenéhalvøya (òg kalla Den iberiske halvøya eller Iberia) ligg heilt sørvest i Europa. Her ligg Spania, Portugal, Andorra og Gibraltar og eit veldig lite område av Frankrike. Ho er den vestlegaste av tre store halvøyar i Sør-Europa – Pyrenéhalvøya, Den italienske halvøya og Balkan. Ho er den nest største halvøya i Europa med eit areal på 582 860 km².

Pyreneane dannar den nordaustlege grensa til halvøya og skil ho frå resten av Europa. Ho grensar i søraust og aust til Middelhavet og i nord, vest og sørvest til Atlanterhavet. I sør ligg nordkysten av Afrika. Heile sokkelen fell ned i Biscayabukta i nord (ein djup avgrunn) til den iberiske djuphavssletta på 4800 meter djupne i vest og Tajo-sletta i sør. I nord, mellom kontinentalsokkelen og avgrunnen, ligg Galiciabanken. Les meir …