Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 37, 2022

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Suleiman I av Det osmanske riket

Suleiman den store (1494–1566) var sultan over Det osmanske riket frå 1520 til han døydde. Under leiarskapet hans starta Det osmanske riket stordomstida si og vart ei verdsmakt. Suleiman vart rekna som ein av de fremste herskarane i Europa på 1500-talet, eit fullverdig motstykke til Karl V av Det tysk-romerske riket, Frans I av Frankrike, Henrik VIII av England og Sigismund II av Polen.

Han leidde personleg dei osmanske hærane i erobringa av Beograd, Rhodos og nesten heile Ungarn, kringsette Wien og la under seg store territorium i Nord-Afrika så langt vest som Marokko og nesten heile Midtausten. For ei kort stund fekk osmanane herredømet til sjøs i Middelhavet, Raudehavet og Persiabukta. Riket heldt fram å ekspandere i eit hundreår etter han døydde. Innanfor riket var Suleiman kjend som ein rettvis herskar og motstandar av korrupsjon. Les meir …