Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 4, 2017

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tina Turner

Tina Turner (fødd 26. november 1939 som Anna Mae Bullock) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, dansar og skodespelar. Ho har vore ein av dei mest populære underhaldningsartistane i verda og har fått kallenamnet «The Queen of Rock n Roll». Turner har blitt kalla den mest suksessrike kvinnelege rockeartisten, har vunne åtte Grammy-prisar og seld fleire konsertbillettar enn nokon annan artist i historia.

Ho starta musikkarrieren i midten av 1950-åra som ein songar i Ike Turner sitt Kings of Rhythm, og spelte først inn musikk i 1958 med namnet «Little Ann». Ho byrja først å bruke namnet Tina Turner i 1960 som medlem i Ike & Tina Turner Revue. Dei fekk suksess med ei rekkje kjende hittar, som «A Fool in Love», «River Deep – Mountain High» (1966), «Proud Mary» (1971) og den sjølvskrivne «Nutbush City Limits» (1973), med namn etter heimstaden hennar. Etter skilsmissen frå Ike Turner bygde ho opp att karrieren sin, men sleit i starten med å få suksess som soloartist. Tidleg i 1980-åra lanserte ho eit comeback med ei rekkje hittar, som starta i 1983 med «Let's Stay Together», etterfølgd i 1984 med det femte soloalbumet Private Dancer, som vart ein verdsomfattande suksess. «What's Love Got to Do with It», den mest suksessrike singelen frå albumet, vart seinare nytt som tittelen på ein biografisk film, basert på sjølvbiografien hennar. Les meir …