Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 40, 2022

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rael og Russell Mael i 1974

Sparks er ein amerikansk pop- og rockeduo danna av brørne Ron (klaverinstrument) og Russell Mael (vokal) i Los Angeles. Duoen er kjend for den sære tilnærminga si til låtskriving, og musikken deira er ofte akkompagnert av sofistikerte og skarpe tekstar, ofte om kvinner, og nokre gangar med litterære referansar, og eit idiosynkratisk, teatralsk scenenærvær, karakterisert av kontrasten mellom den animerte, hyperaktive frontmannen og Ron si uttrykkslause skuling. Russell Mael har ei særeigen stemme, medan Ron Mael speler tangentar i ein intrikat og rytmisk stil. Dei har vore mykje meir suksessrike i Europa enn i heimlandet USA, sjølv om dei held oppe ei lojal fanskare i USA.

Høgdepunkt frå tidleg karriere inkluderte «This Town Ain't Big Enough for Both of Us», som nådde andreplassen på UK Singles Chart i 1974. Discohiten «The Number One Song in Heaven» i 1979 kom frå eit samarbeid med Giorgio Moroder og markerte eit stilistisk skifte mot new wave og synth-pop. I 2015 gav bandet ut eit album med det skotske indierockbandet Franz Ferdinand som supergruppa FFS. I 2017 vende Sparks attende til rocken med Hippopotamus, som gjekk inn på UK Albums Chart. Det same gjorde deira neste album, A Steady Drip, Drip, Drip, som kom i 2020. Les meir …