Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 41, 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teikning av eit fransk linjeskip

Linjeskip er tremasta, fullrigga orlogsfartøy med to eller tre, og i nokre få tilfelle fire, dekk, utrusta med 50 til 130 kanonar. Omgrepet tyder eigentleg ikkje ein skipstype, men den tiltenkte funksjonen til skipa i takt med ny sjøkrigstaktikk frå midten av 1600-talet. Det var knytt til ei utvikling av artilleriet. Med nye, meir effektive prosedyrar for lading og handsaming saman med nye metodar som å trekke kanonen tilbake på kanondekket ved hjelp av rekylen til kanonen, vart det mogeleg å lade raskare. For å få full utteljing for dette avgjorde dei engelske sjøoffiserane å nytte linjetaktikk ved å gruppere flåten i linjeformasjon under slaget ved Gabbard i 1653. Den nye effektiviteten til skipsartilleriet førte til spesialisering i skipsbygging for å kunne ha skip med flest mogeleg kanonar og ein robust konstruksjon. Krigsskip meint for eit sjøslag som nytta den nye sjøtaktikken vart dermed kalla linjeskip. Dei første linjeskipa vart bygde på 1600-talet. Linjeskipa vart utrangerte ved innføringa av pansra skip i 1860-åra. Les meir …