Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 42, 2017

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Deceptionøya

Deceptionøya eller Deception Island ('den bedragerske øya') er ei aktiv vulkanøy i øygruppa Sør-Shetlandsøyane. Deceptionøya har ei av dei sikraste hamnene i Antarktis og var ein viktig base for kvalfangst frå 1906 til 1931. Vulkanutbrot i 1967 og 1969 gjorde store skadar på forskingsstasjonane på øya, og det er no berre Argentina og Spania som har basar der. Deceptionøya er utpeikt som eit spesielt forvaltingsområde i Antarktis for å sørgje for omsyn til natur, forsking, turisme og kulturvern. På grunn av den vulkanske aktiviteten har øya ein unik flora i antarktisk samanheng. Ho er samtidig mellom dei mest besøkte stadene i Antarktis.

Deceptionøya er mellom dei minste av dei elleve hovudøyane i Sør-Shetlandsøyane, og ho ligg sørvest i øygruppa. Øya ligg om lag 100 km nord for Antarktishalvøya, skild av Bransfield Strait, og 1 000 km frå hamnebyen Ushuaia i Argentina som er utgangspunktet for dei fleste cruisa til Antarktis. Øya er ringforma med ein diameter på omtrent 15 km. Over 57 % av øya er dekt av isbrear. Les meir …