Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 42, 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul McCartney

Paul McCartney (fødd 18. juni 1942) er ein britisk bassist, låtskrivar, songar, gitarist og pianist frå Liverpool i England. Han var medlem av The Beatles (1957–70) og Wings (1971–80). Han starta som gitarist i The Quarrymen (som seinare endra namn til The Silver Beatles og The Beatles), men overtok som bassist da Stuart Sutcliffe slutta i bandet. I tillegg til å spele bass i The Beatles (og ved ulike høve òg gitar, piano, synthesiser og slagverk) stod McCartney, saman med John Lennon for det meste av vokalinnslaga og låtskrivinga i gruppa.

Songane som Lennon og McCartney skreiv for The Beatles bar alltid begge sine namn, sjølv om den eine skulle ha vore aleine om komposisjonen. Mange av McCartney sine komposisjonar frå denne perioden, inkludert «Hey Jude», «Yesterday» og «Let It Be», høyrer til standardrepertoaret i populærmusikken. . Som soloartist og med gruppa si frå 1970-åra, Wings, makta han 30 Topp 10-singler i England og USA. Paul McCartney står oppført i Guinness rekordbok som den mest framgangsrike komponisten innanfor moderne populærmusikk. Slår ein saman arbeidet hans med og utanfor The Beatles har McCartney skrive over 50 hittar. Det er langt meir ein kva nokon anna komponist kan vise til. Les meir …