Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 43, 2017

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ragnvald Kale Kolsson, eller St Rognvald, i Magnuskatedralen

Ragnvald Kale Kolsson (fødd omkring 1105, død 20. august 1158) var ein av dei sentrale jarlaneOrknøyane på 1100-talet. Han var ein dugande skald og han skal ha blitt kåra til helgen av pave Celestin III (1191-1198).

Under ei vitjing til Noreg vart Ragnvald jarl overtalt til å gjere ei pilegrimsferd til det heilage landet. I Orknøyingasoga er ferda skildra over fem kapittel. Sumaren 1152 la dei ut frå Orknøyane med 15 storskip. Mange norske stormenn var med, mellom andre Erling Skakke og Eindride Unge. Etter at dei hadde vitja Jerusalem, drog dei til Miklagard (Konstantinopel) og vitja den bysantinske keisaren Manuele. Derifrå selga dei til «Pul» (Apulia i Italia), der Ragnvald jarl, saman med biskop Vilhelm og mange andre, gjekk av skipa, fekk seg hestar og gjorde heimvegen over land. Eit av høgdepunkta i forteljinga, er då Ragnvald møtte Ermingjerd i Narbon (Ermengarde, visekomtesse av Narbonne (1127-1197). Ho må ha gjort eit sterkt inntrykk på han, og han gjorde fleire dikt om henne. Les meir …