Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 44, 2022

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neil Diamond

Neil Diamond (fødd 1941) er ein amerikansk songar og låtskrivar som starta karrieren sin i 1960-åra. Diamond har selt over 125 millionar plater verda over. Han vert rekna som den tredje mest suksessrike adult contemporary-artisten gjennom tidene på Billboard-lista bak Barbra Streisand og Elton John. På Hot 100- og Adult Contemporary-listene har Diamond hatt ti songar på toppen: «Cracklin' Rosie», «Song Sung Blue», «Longfellow Serenade», «I've Been This Way Before», «If You Know What I Mean», «Desiree», «You Don't Bring Me Flowers», «America», «Yesterday's Songs» og «Heartlight». Songane hans har vorte spelte inn av mange andre artistar innan forskjellige sjangrar.

Diamond vart innlemma i Songwriters Hall of Fame i 1984 og i Rock and Roll Hall of Fame i 2011. I tillegg har han fått Sammy Cahn Lifetime Achievement Award i 2000, og i 2011 vart han gjort ære på ved Kennedy Center Honors. Diamond er framleis aktiv og gjev stundom ut nye plater og legg ut på lange turnear. Les meir …