Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 45, 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Phormium tenax

Phormium er ei planteslekt frå New Zealand. Ein av artane veks berre naturleg på New Zealand og den andre veks berre på New Zealand og Norfolkøya. Phormium-plantane dannar lange bladfiber som har spela ei viktig rolle i newzealandsk kultur, historie og økonomi. Phormium tenax veks naturleg på New Zealand og på Norfolk Island, medan Phormium cookianum er endemisk på New Zealand. Båe artane har vorte vidt spreidde i tempererte delar av verda, både som kommersielle fiberplantar og som prydplantar.

Phormium tenax og Phormium cookianum blir høvesvis kalla harakeke og wharariki på maori. På engelsk er slekta kjend som New Zealand flax, 'New Zealand-lin'. Dei skil seg tydeleg ut frå linplanten frå den nordlege halvkula, men arten vart kalla «flax» av dei engelskspråklege europearane på New Zealand fordi ein også kunne nyttiggjera seg fibrane i denne planten.

Naturvitskapsmannen Jacques Labillardière samla stadeigne Phormium-plantar då franske skip vitja dei nordlege delane av Nordøya på New Zealand i 1793. Han hadde lagt merke til dei mange måtane maoriane brukte planten på, og i 1803 gav han det vitskaplege namnet Phormium, som tyder 'korg' eller 'flettekorg', og tenax, som tyder 'fastleik', eller å halda fast til planten. Les meir …