Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 45, 2022

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Byste av Laskarina Bouboulina

Laskarina Bouboulina (1771–1825) var ein gresk marinekommandant og ei krigsheltinne i den greske sjølvstendekrigen i 1821, rekna som den fyrste kvinna som fekk rangen admiral.

Ho var fødd i Konstantinopel i 1771 i ein familie av arvanittisk opphav. I løpet av ungdommen utvikla ho ei interesse for segling, noko som blei tilrettelagt av den liberale haldninga stefaren hadde i høve til utdanning. Ho blei enke to gongar, og arva ein betydeleg sum pengar frå den andre ektemannen sin. Ho blei seinare med i det hemmelege samfunnet Filiki Etaireia, som freista å oppnå gresk sjølvstende frå Det osmanske riket, som ei av få kvinner. Etter utbrotet av den greske sjølvstendekrigen hadde ho kommando over ein flåte av skip frå Spétses som deltok i fleire kampanjar, mellom dei omleiringa av Nafplion. Les meir …