Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 46, 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Qamishli

Qamishli er ein by nordaust i Syria ved grensa til Tyrkia, tilstøytande til den tyrkiske byen Nusaybin, og ikkje langt frå Irak. Han ligg ved foten av Taurusfjella, 680 km nordaust for Damaskus. Byen er ein del av Al-Hasakah guvernement, og er det administrative senteret i Qamishli-distriktet. Ifølgje folketeljinga frå 2004 hadde Qamishli 184 231 innbyggjararar. Qamishli-distriktet omfattar 92 busetnader, og har eit samla folketal på 232 095.

Under Rojavakonflikten, ein del av den syriske borgarkrigen som braut ut i 2011, blei Qamishli hovudstaden i den sjølverklærte sjølvstyrande regionen Syrisk Kurdistan eller Rojava. Etter fleire månader der kurdiske PYD (Partiya Yekîtiya Demokrat) i realiteten styrte området erklærte dei offisielt regionalt sjølvstyre den 9. januar 2014. YPG og Damaskus-vennlege styrkar stod stort sett saman mot ISIL, men i april 2016 braut det ut slosting mellom desse to gruppene om kontroll over byen. Les meir …