Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 47, 2019

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Farah Khan som prisvinnar ved 4PS Advertising & Marketing Award

Farah Khan (fødd 9. januar 1965) er ein indisk regissør, produsent, skodespelar og koreograf.

Khan har koreografert danserutinar for over hundre songar i over 80 hindifilmar, og har vunne seks Filmfare-prisar for beste koreografi og ein indisk nasjonal filmpris for beste koreografi. Ho har også arbeidd med fleire internasjonale prosjekt som har gjeve henne nominasjonar til Tony-prisen og Gullhest-prisen, som Marigold: An Adventure in India, Monsoon Wedding, Bombay Dreams og dei kinesiske filmane Perhaps Love og Kung Fu Yoga, sistnemnde med Jackie Chan. Khan har også regissert filmar, og blei nominert til Filmfare-prisen for beste regissør for debutfilmen sin Main Hoon Na frå 2004. I tillegg til koreografi i indiske filmar og andre Bollywood-prosjekt har ho òg gjort dansearbeid med artistane Shakira og Kylie Minogue. Les meir …